Må dei dårlegaste psykisk sjuke utføre alvorleg vald før dei blir tekne på alvor?

Hendinga står ikkje åleine og overraskar ikkje, men må ikkje overskygge vurderinga av langt meir vanlege akuttpsykiatriske hendingar. Som kommuneoverlege støyter eg, kollegaene og kommunale tenestene for psykisk helse på døme der nokre av dei sjukaste og mest utrygge pasientane blir handtert på lite god måte.

Politiet melder om 43 % auke i psykiatri-oppdrag, slik som naudsynt assistanse til kommunehelsetenesta i akuttsituasjonar.

Ein søkjer etter svikt på lokalnivå, men hovudsvikten ligg på eit overordna systemnivå og manglar i heilskapleg tilbod og lovverk ved alvorleg psykisk sjukdom. Det har blitt vanskeleg for kommunehelsetenesta å få tidleg og god nok helsehjelp for desse pasientane. Trass i helseføretaket (HF) sine ambulante team og distriktspsykiatriske sentra (DPS) i distrikta oppstår utrygge, truande og valdelege akuttsituasjonar der vi ikkje ser annan utveg enn innlegging ved tvang.

Rett bruk av tvang kan ikkje vere problemet!

Problemet er at der pasienten treng skjerming, avklaring og langt nok opphald i klinikken, ser det ut som formalia ved tvangsbruk hindrar grundigare avklaring, best mogleg helsehjelp og god, heilskapleg oppfølging. Svikt i ressursar, sterk nedbygging av plassar og effektivitetskrav er også eit bakteppe.

Raskast mogleg retur til heimkommunen

Pasienten blir som hovudregel utskriven 1–2 dagar etter innlegging utan eit langt nok avklarings og behandlingsopplegg og utan utskrivingsmøte med kommunen. Hovudfokuset i akuttklinikken kan virke å vere streng vurdering av om tvangskrava er oppfylte.

Dette skjer ofte i ein kort samtale der pasienten kan klare å kontrollere seg. Det kan vel ikkje vere hensikta at juss og pasientrettar blir viktigare enn tid til å avklare alvoret i sjukdommen, bakgrunnsopplysningar frå familie og kommune, risikovurderingar og eit best mogeleg behandlingsopplegg vidare? Å gje pas god helsehjelp må heile tida vere målet ved innlegging.

Pasienten kjem ofte heim meir sårbar enn før innlegging, til frustrasjon for pårørande, kommunehelsetenesta, samarbeidspartar frå helseføretaket lokalt og klinikken.

Nettverket til pasienten er fortvila og slitne

Pasienten blir utskriven, og er framleis kommunen sitt ansvar, utan at noko vesentleg meir har skjedd gjennom innlegginga! Vi treng vel heller mykje sterkare gjensidig ansvar og planlegging av forpliktande samarbeid og oppfølging? Det synest vere eit sviktande heilskapleg opplegg og samfunnsansvar for dei mest sårbare psykiatriske pasientane.

«Pakkeforløp for pasientar med psykiske lidingar og ruslidelser» blei lansert av den avgåtte regjeringa. Retningslinene er klinkande klare på at pasienten har rett til eit heilskapleg behandlingsløp på tvers av stat, kommune og fagmiljø. Pårørande skal takast i vare og bli involverte. Men i røynda fungerer det svært dårleg. Underteikna har til dømes fått forklart at «pakkeforløp» ikkje gjeld ved slike akuttinnleggingar!

Kasteballar

Nokre av dei dårlegaste og mest sårbare pasientane, særleg dei med blandingsproblematikk rus og psykiatri og dei med «personlighetsforstyrrelse», er ressurskrevjande, og blir stundom kasteballar mellom ulike instansar.

Nokre er for sjuke til at kommunale helsetenester aleine eller i samhandling med ambulante-team kan gi trygg nok og forsvarleg helsehjelp i eigen heim og kommune. Så er dei «for friske» til at dei blir tekne hand om i klinikken. Vanskane utviklar seg for langt, og blir ein sirkelgang der pårørande ofte blir tungt belasta.

Pas klagar ikkje

Pasientar med somatisk sjukdom kan sjølv eller ved pårørande klage over feil eller mangelfull behandling. Pasientar med alvorleg psykisk liding klagar ikkje. Og pårørande og kommunehelsetenesta har ikkje klagerett i pasienten si sak, og får ikkje svar!

Sjølvråderett eller rett til helsehjelp utan samtykke?

I 2017 gav ei lovendring pasienten rett til å bestemme over eiga behandling, om han eller ho vil ta imot psykisk helsehjelp og kva hjelp som er ynskjeleg. Intensjonen om sjølvråderett var god og har vore ei viktig kvalitetsreform for mange.

Men opplegget fungerer dessverre veldig dårleg for nokre av dei mest sjuke og sårbare utan sjukdomsinnsikt. For ein med samtykkekompetanse vil ein oftast ikkje kunne setje i verk tvungen psykisk helsehjelp. Nokre går inn og ut av psykiatrien eller fritt i kommunane utan at kommunane og lokale samarbeidspartar er i stand til å gi god nok hjelp og oppfølging.

Dette kan ikkje berre vere ei lokal, men nasjonal bekymring?

Stort forbetringspotensial

Skal pårørande, kommunehelsetenesta og samfunnet vere nøgd, resignere og sjå det som ein kalkulert risiko? Signala til no er urovekkande.

Ein NOU føreslår meir reduksjon i innlegging, bruk av tvang, endå meir frivilligheit og brukarstyrt poliklinikk med digital oppfølging. Ambulante- og video-konsultasjonar skal erstatte innlegging. Det er vanskeleg å sjå dette som ei auka satsing på å få folk friske.

Mykje kan og må rettast opp i psykisk helsevern. Hovudproblemet er for sein og ineffektiv intervensjon i sjukdomsforløp, mangelfull oppfølging og tilbod. Så lenge der ikkje er reelle alternativ med godt utbygde, trygge og velfungerande opplegg i kommunane i samhandling med HF og politi, må ikkje rett bruk av tvang byggast ned.

Styresmaktene må straks gjere innlegginga meir verdi- og meiningsfull og fjerne ein skrikande «missing-link» i dagens lovverk mellom akutt tvangsinnlegging og gode behandlings- og oppfølgingsopplegg.

Ingen «kvikk-fiks»

Fokuset kan ikkje vere kostnadseffektivitet, men god og verdig behandling av sjuke, betydeleg styrking av psykisk helsevern og gode overgangar på alle nivå.

Psykisk sjukdom som ikkje tidleg har blitt effektivt førebygd og behandla, kan ta tid å bli kvitt. Der er ingen «kvikk-fiks» når tinga har blitt så alvorlege. Det tek mykje lenger tid og gjer meir vondt når dei som slit sterkt opplever avvising og blir kasteballar i eit helsevesen som ikkje har tid eller plass til dei!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no! du alt meiningsstoffet på smp.no!