Ein bypakke er eit samarbeidsprosjekt mellom kommune, fylke og stat der alle medverkar i prosessen, men der dei statlege organa gjennom Vegdirektoratet, Samferdselsdepartementet og til slutt Stortinget har siste ord.

Påtrykk frå samferdselsministeren

Brosundtunnelen vart teken ut av Bypakke Ålesund trinn 1 saman med Blindheimstunnelen heilt i sluttfasen for den kommunale behandlinga i bystyret i juni 2019 – etter sterkt påtrykk frå dåverande samferdselsminister Jon Georg Dale om å redusere storleiken på pakken. Det var fleire grunnar til at det var desse to store prosjekta som vart teken ut då pakken måtte reduserast, men den viktigaste var at ingen av prosjekta var ferdig planlagt og kostnadsberekna. Fleirtalet i bystyret meinte det aller viktigaste var å komme i gang – og gjekk då for ein bypakke utan dei to nemnde prosjekta.

Så seier også bystyrevedtaket at planlegging og prosjektering av Brosundtunnelen skal halde fram, for å sikre at prosjektet er klart til utbygging i neste runde – Bypakke trinn 2. Berre for nokre veker sidan var Brosundtunnelen oppe som prinsippsak i planutvalet for å sikre regulert areal til innslaget i Skutvika.

Bomfritt frå Hessa til sentrum

Eg forstår godt at både næringsliv og innbyggarar i ytre bydel er utolmodig i forhold til Brosundtunnel. Og eg har fått spørsmål om vi ikkje berre kan bygge den sjølv – som eit einsidig kommunalt bompengeprosjekt – men det blir rett og slett for komplisert. Slik bommane for bypakken er fastsett skal både Hessa, Ellingsøy og Giske ha bomfri tilgang til sentrum. Prosjekta i sentrum som ligg inne i bypakken hentar si bompengefinansiering på strekninga mellom Myrabakken og Ysteneset.

Det kan bli snakk om bompengebetaling på Hellebroa i framtida, men ikkje før Brosundtunell-prosjektet er i gang som ein del av bypakken trinn 2. Så er det ikkje lett å sei nøyaktig når bypakke trinn 2 kan komme i gang fordi det er avhengig av politisk vilje både i kommunen, i fylkeskommunen og på Stortinget. Men er det politisk vilje til stades kan bygging av Brosundtunnelen vere påbegynt 6–8 år etter at trinn 1 startar, altså rundt 2028.

Brosundbru

Det er også viktig å presisere at den nye brua over Brosundet vil ha betydning for trafikkflyten gjennom sentrum i påvente av Brosundtunellen, og dermed gi ei forbetring frå 2023/24. Bystyret vedtok i si tid at ein bør vurdere å gjere denne brua enklare og smalare av omsyn til Kulturhavna og Sørsideutbygginga – og det meiner eg framleis er ein god ide, sjølv om det reduserer kapasiteten.

Trafikktryggleik

Til slutt synest eg det er grunn til å påpeike dei mange store og små prosjekta som ligg inne i bypakken – og som vil ha stor betydning for mobiliteten til og frå Ålesund sentrum, auka trafikktryggleik – samt gode kollektivknutepunkt i sentrum, på campus, ved sjukehuset og på Moa.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!