Denne fridommen har tillate minoritetar og undertrykte grupper å komme fram og bli synlege og respekterte.

Samstundes opplever vi no at meiningsfridommen er i fare fordi vi har gløymt at meinings- og ytringsfridom må ha ei heilt nødvendig tvillingsøster for at den skal kunne fungere. Den tvillingsøstera heiter toleranse. Toleranse betyr å tåle. Utan toleranse hjå personar og organisasjonar for å lese og høyre meiningar som vi er usamde i, er det i praksis ikkje meinings- og ytringsfridom i samfunnet.

I dag er det ein aukande tendens til ikkje å tåle avvikande meiningar. Toleransen held på og blir borte, ofte av omsyn til dei såkalla «sårbare gruppene». Det gjeld mellom anna på område som rase og etnisitet, innvandring, feminisme, økologisk mat, seksuell legning, miljø og global oppvarming.

Når toleransen for å høyre avvikande meiningar blir vekk, då visnar også demokratiet. Utan toleranse for dei avvikande og ofte upopulære meiningane er det ingen reell meiningsfridom.

Det vert no meir og meir slik at dei som ikkje har dei rette meiningane blir ein fjerna frå «det offentlege rommet». Det minner meg om Hitler, Stalin og Mao, og meiningsterroren i SUF (ml) og Rød Ungdom slik eg opplevde det på Universitetet i studietida på 1960- og 1970-talet.

Omsynet til dei ‘sårbare gruppene’ driv oss mot den totalitære einsrettinga. I Canada avlyser dei yogakurs for ikkje å krenkje den indiske kulturen. Den norske forfattaren Per Petterson si nye bok Mitt Abruzzo fekk problem då boka skulle omsettast og lanserast i USA, fordi ein person i boka leika indianar og kvit på femtitalet. Her heime ville nokre norske bibliotekarar boikotte Harry Potter-forfattaren J.K. Rowling – ikkje på grunn av noko ho hadde skrive i Harry Potter-bøkene, men fordi ho hadde sagt noko om transkvinner som dei var usamde i.

Prestevikarsaka i Ørskog er eit godt lokalt døme. Ånda frå visse studentorganisasjonar på 1970-talet synest framleis å leve mellom bispane. Grunngjevinga for yrkesforbodet var, etter det eg har sett til no, ikkje praktiske problem men arbeidsmiljøet – nokon kunne komme til å føle seg såra og lite verdsett. Inga toleranse her – boikott- og eksklusjonskulturen har teke over.

Eg har personleg null forståing for motstanden mot kvinnelege prestar, men etter vikarprestesaka i Ørskog får biletet av bispane som poserer ved juletrea ved høgaltaret i Nidarosdomen meg meir til å tenkje på inkvisisjonen i mellomalderen enn på folkekyrkja og den glade kristendommen som eg vaks opp med. Bispane skadar demokratiet og tankefridommen også innanfor kyrkja. Iallfall har desse politisk korrekte maktmenneska øydelagt noko for meg personleg. Etter vikarsaka i Ørskog er eg ikkje lengre ein glad kyrkjegjengar i Den norske kyrkja.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!