«Tenk på alt det vekkasta arbeidet». Dette hjartesukket kom frå ein rådmann på Søre Sunnmøre då resultatet av folkeavstemminga var klart.

No er den opphavlege fristen for frivillig kommunesamanslåing over. For Sunnmøre er resultatet at Skodje og Sandøy – av alle – vert ein del av Ålesund. Og på oppløpet vart det klart at Volda slår seg saman med den vesle nordfjordkommunen Hornindal etter forhandlingar som har gått så fort at ein ikkje ein gong rakk å bestemme kva kommunen skal heite.

Kronikk: Hovmod står for fall i kommunereform-prosessen

Mageplask

Ut over dette er det ingen andre sunmørskommunar som vil slå seg saman med nokon. Eller så har dei ingen som vil slå seg saman med dei. Så her er det snakk om eit solid mageplask for forsøket på frivillige kommunesamanslåingar.

Mykje har gått gale for makta. Det verste er nok folkeavstemmingane – akkurat som i Storbritannia.

Landsfader Kåre Willoch fekk rett då han åtvara mot å bruke folkeavstemming i eit så samansett spørsmål som kommunesamanslåing: «Stortinget har gitt lokale motstandsgrupper vetorett om en landsomfattende løsning for kommunesammenslåing», skreiv han alt i 2004.

Nei frå folket

Valskred for neisida vil gjere det vanskeleg å slå saman kommunar med tvang. I Sula til dømes vil 89 prosent halde fram som sjølvstendig kommune. I Giske er det 78,6 prosent som ikkje vil slå seg saman med Ålesund, den einaste naboen innan rimeleg rekkevidde.

Hareid og Ulstein er to andre klare samanslåingskandidatar. Her vil 72,9 prosent (Hareid) og 62,8 prosent (Ulstein) halde fram med å vere eiga kommune. Men folket fekk ikkje stemme over det mest opplagde alternativet, så her er det nok mogeleg å rykkje tilbake til start.

Andre stadar er det verre å berre slå ein strek over det som har skjedd i den frivillige fasen av kommunereforma. Slik som i det som skulle bli samanslåingsministreren sitt utstillingsvindauge: Volda og Ørsta.

Ved starten av kommunereformarbeidet, i september 2014, vart det gjort ei innbyggjarundersøking som viste at godt over halvparten av voldingane, og nesten halvparten av ørstingane, var generelt positive til kommunesamanslåingar. Og ni av ti ørstingar og voldingar hadde samanslåing av dei to kommunane som førsteval, dersom det vart kommunesamanslåing.

Ordførar seier i frå: Går av om regjeringen tvangssammenslår kommunen

Større avstand

Knappe to år seinare var det tid for folkeavstemming. Resultatet var at 61,8 prosent av ørstingane sa nei til samanslåing med Volda, medan 68,8 prosent av voldingane avviste samanslåing med Ørsta.

Dermed kan vi trekkje den konklusjonen at arbeidet med kommunereforma har ført opplagde samanslåingskandidatar lengre vekk frå kvarandre, og det gjeld ikkje berre Ørsta og Volda. Tvangssamanslåingar blir vanskeleg å forsvare politisk i kommunar der folket med overveldande fleirtal har sagt at dei ikkje vil slå seg saman, slik som Giske og Sula.

Kommunalminister Jan Tore Sanner sine visjonar fall på steingrunn på Sunnmøre, eit område av landet som elles er ein bastion for regjeringspartia.

Men taparane er først og fremst dei små kommunane. Det er dei små som taper mest på omlegginga av inntektssystemet. Og på mange område er det også dei små kommunane som har størst nytte av samanslåing, sidan dette gjerne er kommunar med fråflytting, aldrande befolkning og sårbare fagmiljø innan kommunale tenester.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Taparane

Ein kommune der folk tydelegvis har innsett dette er Vanylven. Her var 61 prosent for samanslåing – det høgste ja-stemmetalet i vår region. Men Vanylven opplevde at dei påtenkte partnarane bakka ut, mellom anna fordi dei er store nok til å klare seg åleine.

Kommunereforma sesong ein, «Silkehanskar» vart stor ståhei for ingenting. Heng med i sesong to: «Jernhanske».

I mellomtida skal det vere stortingsval, eit val som Senterpartiet kan byrje å gle seg til. Dette er partiet som ulike nei-rørsler alltid kan stole på. Og attpåtil har dei fått ein internasjonal «nei-til-makta»- vind i ryggen.

Her finner du kommentarene i Sunnmørsposten!