Frank Sve (Frp) skuldar Sunnmørsposten for å ikkje vere sannferdig i vår omtale av den politiske plattforma til det nye fleirtalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Fakta er at Sve fekk høve til å lese, korrigere og godkjenne sine eigne sitat i denne nyheitssaka før publisering. Å kalle omtalen for oppspinn, er derfor grov skivebom.

Sve hevdar at vi i førehandsomtalen skriv at det blir «null asfalt, høgare ferjeprisar, ingen rasjonalisering i administrasjonen og null satsing på Trollstigen».

Denne artikkelen handla om kva som kom til å stå i den politiske plattforma til Frp, Høgre, KrF og Venstre, som skulle presenterast få dagar etter, ikkje om kva tiltak dei fire partia kjem til å gjennomføre i løpet av dei neste fire åra.

Det vart understreka at den politiske plattforma kom til å innehalde få konkrete lovnader, fordi det er i samband med budsjettarbeidet at tiltaka vil kome. Med unntak av at det i plattforma står at samarbeidspartia skal ha «sterk satsing på rassikring, som eksempel Trollstigen, elles gjeldande rassikringsplan» avvik ikkje førehandsomtalen frå det som vart innhaldet i den politiske plattforma.

Frank Sve reagerer også på at Sunnmørsposten i sin leiar 14. november skriv at dei borgarlege partia bruker «ostehøvelen» på budsjettet når dei ber fylkeskommunedirektøren om å «gjennomføre generell rasjonalisering i alle område i fylkeskommunen med 2,7 prosent».

Vi veit ikkje korleis Sve brukar ein ostehøvel, men i normal språkbruk er det å skjere jamt «i alle område» å bruke ostehøvelen. Det gjeld også sjølv om dei fire partia understrekar at det ikkje skal føre til kutt i tenesteproduksjonen. Dette kjem også fram i Sunnmørsposten sin omtale.

Å fortelje at partia vel å gjere det slik, er ikkje eit forsøk på å sverte nokon som helst. Å kalle det usant er også eit bomskot, all den tid dette står svart på kvitt i budsjettframlegget frå dei fire partia.

Politikarar som søkjer makt må rekne med kritisk søkjelys frå politiske motstandarar, folk flest og pressa. Slik skal det vere i eit demokrati. Det bør også Frank Sve (Frp) som folkevald politikar vere innforstått med.

Å kritisere media er også ein grunnleggjande rett i eit demokrati. Vi både toler og verdset kritikk. Har vi gjort noko feil, skal vi rette opp. Men grunnlause påstandar om at vi driv med løgn og oppspinn, er skadeleg for alle partar.

Sve skriv at han ser fram til «eit framleis godt samarbeid med media, også SMP». Det same gjer Sunnmørsposten, men i eit slikt samarbeid må alle partar tole kritikk og motførestellingar.

Frank Sve meiner vi har slagside til dei raudgrøne, medan andre meiner vi har slagside til blå politikk. Sunnmørsposten er ei partipolitisk uavhengig, sosialliberal avis. Vår ambisjon er å behandle alle rettferdig, og samtidig vere kritisk undersøkande til alle med makt i samfunnet, uansett politisk farge.