For nokre veker sidan slo SMP stort opp at det her i fylket med FrP som fylkets største parti, blir null asfalt, høgare ferjeprisar, ingen rasjonalisering i administrasjonen og null satsing på Trollstigen.

Alle kan no sjå at det faktisk blir kraftig auke på asfalt, null auke i ferjetakstane, tidenes høgaste rasjonalisering i fylkeskommunen med kutt av 135 millionar kroner, og faktisk satsing på rassikring av Trollstigen.

Når skal SMP sin redaktør svare på mitt opne brev, sendt for mange veker sidan?

Er redaktøren så flau av eigne utsegn at dette brevet ikkje blir trykt og svara på i full offentlegheit?

Når skal SMP sin redaktør dementere og avkrefte sine eigne usanningar om FrP og dagens borgarlege fleirtal i fylket?

Alle påstandane til avisa som svirra rundt i fylket før vi la fram vårt budsjett, var regelrett oppspinn og svada. Eg berre stiller spørsmålet?

Og, no presterer «leiaren» å kome med enda meir, som openbert har til hensikt å sverte dei borgarlege partia her i fylket ytterlegare, eller?

Det er ikkje ostehøvel, men reelle rasjonalisering av administrasjonane ved å auke Fylkeskommunedirektøren sitt eige omstillingskrav frå 1 til 2,7 prosent som svarar til omstilling på heile 135 millionar kr.

Dette skal takast på stillingar, ikkje på kutt av teneste.

SMP veit så inderleg vel at politikarane kjenner berre Fylkeskommunedirektøren og skal slett ikkje peike ut enkeltstillingar eller konkrete område, slik SMP sin leiar heilt useriøst hevdar.

Likeins har politikarane aldri før gått inn og kutta/ skubba på heile 350 mill. kr i investeringar, og det er politikarane som kuttar eit alt for ekspansivt investeringsbudsjett frå Fylkeskommunedirektøren, ikkje omvendt.

At leiaren i SMP forsøker å hevde det stikk motsette, vitnar om at avisa i sin iver etter å sverte FrP og resten av dei borgarlege partia, rett og slett bommar på ope mål!

Eg ser fram til eit framleis godt samarbeid med media, også SMP.

Men, det er sikkert ein tanke for ei avis som SMP å forsøke å halde seg til fakta, opptre ryddig og behandle alle politiske retningar her i fylket rettferdig.

No har SMP slagside, der båten er peisfull av raud/ grøn retorikk, der avisa garantert sikkert hadde hevda at FrP tok feil dersom vi fremma framlegg om at jorda var rund.