Det vert difor naturleg å søkje kunnskap og svar frå fagkyndige. Det er nett difor det er problematisk når advokatar som Gunnar Nerdrum og Brynjar Meling, som sitt med makt og ansvar innan rettssystemet, kjem med utsegn som stadfestar haldningsproblema i samfunnet.

Intensjonane bak utsegnene deira er irrelevante. Det er kva dei signaliserer og representerer som er problemet; eit haldningsproblem som ansvarleggjer den fornærma. Når dei fagkyndige er ein del av problemet; kvar skal ein då søkje råd og vegleiing frå?

Urovekkjande

Gunnar Nerdrum uttalte i ein kronikk i Klassekampen at eit av problema knytt til valdtektssaker er at «kvinner har lett for å si nei, kanskje også uten å mene det alltid».

Ein må bort ifrå stereotypar der menn alltid må vere villige og jage den kyske kvinna som spelar «hard to get», og difor ikkje meiner nei. Valdtektsdebatten treng ei realitetsorientering då den nærast automatisk og systematisk portretterer ei såkalla overfallsvaldtekt der den fornærma ikkje kjenner gjerningspersonen. Faktum er derimot at 90 prosent av valdtekter vert utførte av ein person nær den fornærma.

Sviktar røyndomen

Debatten sviktar difor røyndommen til majoriteten av overgrepa. Det er statistisk farlegare for kvinner å opphalde seg i sin eigen heim med ein partnar, venn eller familiemedlem enn det er å gå heim åleine på ein laurdagskveld.

Det er nett difor «refleks-råda» til Meling vert så feilplasserte og så lite treffande. Dei reflekterer ikkje røyndomen til dei fleste overgrepa. Slike råd er heller ikkje noko nytt for kvinner. Dei har høyrt dei frå tidleg i barndommen og følgt dei gjennom livet, men dei hjelp ikkje når overgrepet skjer i heimen din. Det einaste slike «refleks-råd» er med på å forsterke, er ein allereie trykkande «victim blaming» (u) kultur i Noreg, der den fornærma vert ansvarsgjort for uretten som rammar dei.

Les flere kronikker på smp.no!

Svekkjer rettstryggleiken

Nerdrum uttaler at «Vi har for mange frifinnelser i voldektssaker, og det skyldes at voldtektene ofte er for lite alvorlige til å straffest med tre års fengsel».

Han seier han har lite problem med høg straffereaksjon for ei «skikkeleg valdtekt», eit omgrep det er beklageleg at ein høgsterettsadvokat nyttar offentleg. Dei fleste valdtektssituasjonar vil då ikkje vere «skikkelege» nok då dei verte utførte av ein partnar som nyttar seg av sine «ekteskaplege rettar», som i følgje Nerdrum er «en veldig utbredt ting å gjøre i et ekteskap».

Slik omgrep og rangeringar svekkjer rettstryggleiken og forsterkar ein kultur der valdtektsoffer ikkje melder frå om overgrep. Og kven kan klandre dei når dei vert møtte av høgsterettsadvokatar som ikkje ser på dei som valdtekne nok. Nerdrum påpeikar korrekt at valdtekt har ein alvorleg verknad for kvinner, men han er likevel meir oppteken av konsekvensane ein dom for ein «liten utskeielse» kan ha for den tiltalte.

Alvorlege konsekvensar

Han feilar i å identifisere den verkelege konsekvensen for menn, som går langt lengre enn berre økonomiske og karrieremoglegheiter.

Valdtekt kan ha alvorlege konsekvensar for den fornærma, som òg kan vere ein mann. Når fridommen til eit individ er i fare, må terskelen for å avgrense fridommen deira vere høg, men terskelen skal ikkje setjast på grunnlag av ein ung man sine lovande karrieremoglegheiter.

Valdtekt er ingen utskeiing. Det er eit overgrep mot ein person som òg har lovande karrieremoglegheiter. Eit overgrep mot ein person som har rett til å ha sin autonomi respektert.

Meiner nei

Det er eit overgrep mot ein person som har krav på rettssikkerheit. Og det er denne rettssikkerheit som vert trua ved at fagkyndige som Meling ansvarleggjer den fornærma, og ved at Nerdrum bagatelliserer overgrep til «utskeielse».

Representantar for rettsstaten Noreg, skal ikkje sette kvinners ytringar i tvil ved å uttale at kvinner ofte seier nei når dei ikkje meiner det. For kvinner seier ofte nei når dei meiner nei, og det må både individet og rettsstaten respektere.

Lina Blindheimsvik RøssevollJusstudent, Edinburgh

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!