Skal vi som fylke og nasjon henge med i digitaliseringsløpet, må utbygginga av breiband og fiber stå i stil med den teknologiske utviklinga. Det digitale skiljet mellom ulike område i landet vårt må utjamnast.

Behovet for å oppnå tilfredsstillande kapasitet berre i Sogn og Fjordane, er kostnadsrekna til om lag 500 millionar kroner utover det som er kommersielt interessant.

Difor må også løyvingane til utbygging av infrastruktur i form av breiband og fiber aukast i statsbudsjettet for 2017. Eg håpar støttepartia V og KrF får gjennomslag for å auke denne ramma.

Fiberteknologien overfører datasignal i lyset si hastigheit. Utviklinga av teknologi til å fornye, forenkle og forbetre tenester går like fort. Viktigheita av å byggje ut breiband og fiber i heile landet kan difor ikkje strekast under nok.

Vi må satse lokalt og regionalt på å auke den digitale kompetansen vår. Nettopp difor er satsinga på eit nytt IT-studie i Sogn og Fjordane eit heilt naudsynt og viktig grep, som eg håpar vert realisert.

Eg har stor tru på at Sogn og Fjordane kan verte ei teknologisk høgborg, og at merkelappar som «Silicon Valley» i skildringa av miljøet på Fosshaugane Campus, kan verte delt av fleire.

Digitalisering er kanskje eit ukjend omgrep for nokon. Det bør det ikkje vere stort lenger. Digitaliseringa er eit uttrykk for overgangen frå manuelle løysingar til elektroniske og digitale løysingar.

Det inneber mellom anna at arbeid som i dag vert utført av menneskehand, vert automatisert. Allereie no er kunstig intelligens, virtuell verkelegheit og «big data» teknologi som påverkar liva våre i svært stor grad.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Kvar einaste dag opplever vi at nyvinningar innan kommunikasjon og teknologi gjer seg gjeldande. Det kan vere anten i form av ein ny app på telefonen eller brev som kjem elektronisk i staden for i postkassen.

I desse dagar har fleire fått ei oppmoding frå DIFI (Direktoratet for forvaltning og IKT) om å opprette ein digital postkasse der vi trygt kan ta i mot skatteoppgjer, helseopplysningar og anna sensitiv informasjon. Eit anna godt døme er velferdsteknologien som er bygd opp gjennom eit samarbeid mellom helsefagarbeidarlina i Stryn og elektrofag på Eid.

Digitaliseringa har gjort sitt inntog i landbruket òg. Sensorar som kartlegg vêrdata, jordsmonn og næringsstoff gjev bøndene råd om kva næringsstoff jorda og plantane treng av gjødsling for å få god avling.

I mjølkeproduksjonen har roboten gjort seg gjeldande for fleire år sidan.

Dette er endringar dei fleste opplever som framsteg og forenkling.

Samtidig må vi ta omsyn til at digitaliseringa kan føre til at arbeidsplassar kjem under press, rett og slett fordi globale aktørar og innovatørar stadig finn nye måtar å utføre arbeidsoppgåver meir effektivt på. Vi må ta vare på og skape nye arbeidsplassar ut ifrå dagens teknologiske verkelegheit.

Bedriftene og næringslivet som er avhengige av resultatet på botnlina, har ikkje anna val enn å vere med på den rivande teknologiske utviklinga for å vere konkurransedyktige. Offentleg sektor må også tilpasse seg denne utviklinga.

I ein kronikk i Aftenposten 31.10.16 peikar tidlegare konserndirektør og ansvarleg for digitaltransformasjonen i Schibsted, Frode Eilertsen, på noko heilt sentralt:

«Dersom norske politiske ledere, næringslivet og partene i arbeidslivet ikke makter å sikre norske interesser og vekst i møtet med den digitale økonomiens globale krefter – da er hele den norske velferdsmodellen truet».

Eilertsen følgjer opp med at Noreg må prioritere digitaliseringa, rett og slett fordi konsekvensen av å ikkje gjere det, vil føre til at vi heller ikkje lukkast på andre politikkområde som arbeid, helse, samferdsle, klima, landbruk med meir.

Eg deler langt på veg tankane til Eilertsen.

Verda har blitt mindre gjennom digitalisering, globalisering og integrering. Dei teknologiske gjennombrota har vore så store og altomfattande at dei ofte vert definerte som den fjerde industrielle revolusjon.

Vi må ta denne utviklinga på høgste alvor. Vi må ikkje sjå på ho som ein trussel, men ei moglegheit til å skape nye arbeidsplassar og drive næringsutvikling.

Fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, peika på den same problemstillinga i ein svært aktuell kronikk for nokre veker sidan.

For eit fylke som Sogn og Fjordane må vi sjå potensialet i at teknologiske nyvinningar knyter fylket vårt tettare på verdsmarknaden enn nokon gong. Vi må la oss motivere av dei som alt har gått føre og vist veg. Sjå på Highsoft Solution i Vik og Lefdal Mine, lokalisert mellom Eid og Vågsøy, to leiestjerner som allereie i dag har resten av verda som kundar.

Dersom vi skal lukkast med å skape framtidas arbeidsplassar og ta del i den digitale omveltinga, er det avgjerande at utbygginga av «den digitale motorvegen» i form av fiber og breiband vert trappa opp.

Vi må byggje ein infrastruktur som set oss i stand til å skape vekst og utvikling i takt med den fjerde industrielle revolusjonen vi står midt oppe i.

Digitaliseringa er komen for å bli, og vi må vere med!

Jenny FøllingFylkesordførar (Sp), Sogn og Fjordane

Les flere kronikker på smp.no!

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.