I dette området finn vi 225 tindar som er over 1000 meter høge. Her kan ein oppleve vakker natur utan å betale pengar og gå i kø. Ein kan også gjere «kviteturar» til Sunnmørsalpane på vinterstid.

Sunnmørsnaturen og Bjørnstjerne Bjørnson

I 1898 vart Bjørnstjerne Bjørnson og kona Karoline rodd innetter Geirangerfjorden. Bjørnson var skuffa over at Oskar II nokre dagar tidlegare hadde gjesta Geiranger og folket der hadde ropt «hurra» for kongen.

Bjørnson likte dårleg desse ropa. Han ville at Norge skulle verte ein sjølvstendig nasjon. Då to bønder hadde rodd ekteparet inn til Dei sju søstrer, drog dei inn årane og ropa eit høgt hurra for Bjørnson. Bjørnstjerne sa då: «I deres sogn trenges ingen prest, for her taler naturen sit eget sprog».

Sunnmørstindar og Romsdalsfjell

Frå Varden på Molde ser ein 222 fjelltoppar. Det har vore litt diskusjon om kva fjell ein ser ifrå Molde. Asbjørn Ørjavik seier at dersom ein deler grensefjell likt mellom Sunnmøre og Romsdal, er det 160 romsdalsfjell, 42 sunnmørsfjell og 19 nordmørsfjell.

Frå Varden ser ein mellom andre dei flotte sunnmørstindane Regndalstindane, Urkedalstindane, Jønshornet, Råna, Blåbretindane, Skopphornet, Saudehornet, Randers Topp, Mohns Topp og Trollkyrkjetindane. Fleire av sunnmørsfjella inneheld ord som tind, egg, horn og nipe. Dei har alltid hatt ein viktig funksjon som orienteringsmerke, både mot sjø og land – og dei har fått namn som svara til utsjånaden, slik at dei var lette å kjenne att.

Rånahalvøya og Kolåshalvøya

Rånahalvøya er omkransa av Hjørundfjorden i vest og Sykkylvsfjella/ Strandadalen i aust. Nokre forbinder Rånahalvøya sitt tindelandskap mot Hjørundfjorden med sjølve senteret for dei majestiske Sunnmørsalpane.

På vestsida av Hjørundfjorden ligg Kolåshalvøya, avgrensa i nord av Vartdalsfjorden og i vest av Ørstafjorden og Voldsfjorden. Mange vil hevde at den sagtakka klippekransen i Molladalen er det finaste tindelandskapet. Blant kjende sunnmørsalpar er Slogen, Kolåstinden, Skårasalen, Store Smørskredtind, Råna og grensefjellet Hornindalsrokken.

Tindesport og fjellklatrarar

Tindesporten tok til i Europa kring 1850-åra. I 1857 vart Alpine Club skipa i England. Norsk tindesport starta med engelskmannen William Cecil Slingsby (1849-1929). Han byrja med fjellklatring i Norge.

Slingsby vert sett på som tindesports far i Norge. Han hadde i fleire år klatra i dei sveitsiske alpane. Slingsby vart likevel ei motvekt til det britiske klatremiljøet si einsidige fokusering på Alpane.

Tindesporten var først og fremst ein overklassesport for dei som hadde tid og pengar. Frå 1872 til 1921 vitja Slingsby Norge 21 gonger. Han klatra opp på Store Skagastølstind i 1872. Han utførte heile 161 klatreturar som tindepioner.

Det har vorte hevda at han var den første som klatra til topps på Storehornet ved Bjørke, Smørskredstinden og Store Brekketind. I 1876 klatra han og Emmanuel Meyer Mohn som dei første opp Kolåstiden.

I 1885 vart toppen nådd for andre gong av Betzy Kjeldsberg og Anders Hovden med Nils Kolås som tindeførar. Slingsby vart æresmedlem i Norsk Tindeklubb i 1908 og vart æresmedlem i DNT året etter.

Charles Watson Patchell (1861–1943) var ein skotsk lærar og fjellklivrar som ofte ferierte i Noreg frå 1880-åra og fram til 1939. Han var fyrstemann til topps på ei rad norske fjell, særleg i Sunnmørsalpane. I tida frå 1894 til 1908 stod Patchell for 14 fyrstebestigningar på Sunnmøre.

Etter at Patchell pensjonerte seg i 1923, reiste han årleg til Sunnmøre. Han reiste med M/S Venus frå Newcastle til Bergen og kom til Ålesund ca. 13. mai og var på plass på Øye 17. mai – der han gjekk i barnetoget. På sjølve nasjonaldagen vart Patchelleikane avvikla med premiar til deltakarane. I 1927 vart Patchellhytta reist i Habostaddalen, delfinansiert av Patchell.

Emmanuel Meyer Mohn (1842–1891) var kjøpmannsson frå Bergen. Han var ein stor friluftsentusiast, skribent og teiknar. Artiklane sine fekk han trykt i Turistforeninga sine årbøker. Mohn vart den første æresmedlem i turistforeninga på Sunnmøre i 1889. Han var ei viktig kjelde til Randers si bok om «Søndmøre».

Tindesporten var først og fremst ein overklassesport for dei som hadde tid og pengar. Frå 1872 til 1921 vitja Slingsby Norge 21 gonger.

Fjellvandraren Kristofer Randers (1851–1917) kom frå Aremark og var eigentleg døypt Ole Kristofer. Familien hans kom opphavleg frå Danmark. Då Kristofer var ni år flytta familien til Ålesund der faren var lege. Kristofer var diktar og fjellmann. Han skreiv boka «Søndmøre» i 1890. Det var ei turbok om Sunnmørsfjella. Boka kom ut i fem opplag. Han har ein eigen topp oppkalla etter seg i Molladalen: «Randers Topp».

Randers skreiv bysongen til Ålesund: «Unge skudd på Norges byers stamme». På Aksla er der ein stor statue av han – der han står og skodar mot den sunnmørske fjellheimen. Statuen er laga av billedhoggar Arnold Haukeland.

«Climbers Book»

I klatreboka på Union Hotel Øye ligg boka «Climbers Book». Ho inneheld ruter og datoar for det som har vore førstegongsturar til toppane i Sunnmørsalpane. Med sirleg handskrift har både Slingsby og Patchell skrive i boka. 4. september 1894 skreiv Patchell i gjesteboka til Hotel Union Øye at han hadde lagt igjen ei «Climbers Book» på hotellet.

Andre nemner at Gerald Arbuthnot var opphavet til boka. Uansett var boka meint for klatrarar, slik at dei kunne rapportere om sine bragder over tindane og gi gode råd til våghalsar som kom etter dei. Mange klatrelegender har skrive ned skildringane sine i boka.

Hans M. Ryste

Hans M. Ryste var fylkespolitikar og revisor i Ørsta kommune. Han sa til ein «fotalaus» mann med dårleg framdrift: «Eg synst at fjella er like fine sett nedanfrå. Eg treng ikkje fare til topps for sjå at dei kan vere vakre».

Det er ikkje alle som kjem til topps på Norges tak for sjå sunnmørstindane, men den sunnmørske naturen er vakker også nedanifrå.