Dette er ei alvorleg forenkling av situasjonen, samstundes som ein slik påstand viser manglande forståing for kvifor vi har ordninga med investeringstilskot.

Ei investering blir gjort med sikte på produksjon i fleire tiår. Investeringstilskot er difor ikkje eit egna verkemiddel for marknadsbalansering med kortare perspektiv. Skulle ein stimulere til lågare produksjon ville truleg endra husdyr- eller slaktetilskot vera meir effektivt.

Staten går inn med investeringstilskot for å bidra til å utvikle og modernisere driftsapparatet. Gjennom bruk av ny teknologi oppnår ein m.a. auka effektivisering og auka produktivitet. Nye krav til dyrevelferd er òg ei viktig årsak til at det er nødvendig å modernisere produksjonsapparatet. Vi ynskjer landbruk i heile landet, og investeringsstøtta har ein tydeleg distriktsprofil. Vestlandet får t.d. meir i tilskot enn fylke på Austlandet.

Sidan unge investerer i større grad enn eldre, er investeringsstøtta dessutan eit særs viktig verkemiddel for rekrutteringa.

Ansvaret for å legge regionale føringar for investeringsstøtte for prioriteringar mellom produksjonar i landbruket, ligg hos den regionale partnarskapen i det enkelte fylke, der faglaga og landbruksforvaltninga i fellesskap blir samde. Her har nokre fylke prioritert ned nyetablering og vesentleg kapasitetsauke innan saueproduksjon. Det har dei fullt høve til.

Saman med lønnsemdsvurderingar som Innovasjon Norge må gjere knytt til den enkelte investeringa, er det altså fleire forhold som bidreg til at det blir gjort fornuftige vurderingar av korleis investeringsstøtta skal brukast. Dersom investeringstilskota innan saueproduksjon stoppar opp, fryktar eg sementering av sauenæringa i dei klassiske distriktsfylka på Vestlandet og i Nord-Noreg, og mindre modernisering av driftsapparata i desse områda enn i meir sentrale strok.

Allereie frå 2016 har vi fått ein vesentleg reduksjon i investeringsstøtte gitt til saueproduksjon frå 18 prosent av investeringar innan tradisjonelt landbruk i 2015 til 11 prosent i 2016. Støtta er på veg ned også i 2017. Så langt i 2017 har Innovasjon Norge gitt støtte til ei nyetablering innan sau, mot 7 i 2016 (der næringsutøvarane ikkje hadde saueproduksjon frå før).

Skal vi frå staten si side setje på bremsene her også? Likskapen mellom desse to produksjonane når det gjeld marknadspotensial tilseier likehandsaming, og at ein frå staten si side må slutte å gje investeringstilskot.

Konsekvensen blir truleg at investeringane stoppar opp i mange distrikt.

Etter 2015 er det altså gitt støtte til berre 8 nye fjøs som ikkje allereie er drift.

Som eg har peika på ved tidlegare høver er det naudsynt med ei meir offensiv tilnærming til produktutvikling, fortsatt arbeid med å betre tilgangen til produkt i butikk, og aktivt arbeid med marknadsføring for å auke omsetnaden av sauekjøt for å betre marknadssituasjonen.

Jon Georg DaleLandbruks- og matminister

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

foto
Om investeringstilskota til saueproduksjon stoppar opp, fryktar landbruksministeren sementering av sauenæringa i distriktsfylka på Vestlandet og i Nord-Noreg, og mindre modernisering av drifta her enn i meir sentrale strok. Foto: Knut Arne Aarset