Ting har heldigvis roa seg og tankane kjem attende til artikkelen eg las tidlegare i dag. Om Maiken Schultz som døde i sjølvmord, 35 år gammal. Sidan kjærasten delte historia henna på Facebook tikkar det stadig inn i feeden min; #legermåleve. Eg les namn på folk både frå studiet, turnustida og jobben no. Det er uvanleg at så mange skrive.

Eg har ikkje hatt ord.

Kva kan ein seie? Kva nytte kan det gjere?

Eg blir liggande våken.

Vi er berre legar. Og legar er avhengige av heilt vanlege ting for å kunne leve.

Eg er frisk og arbeidsfør og då er det godt det å ligge sånn tenke, men det har ikkje alltid vore sånn, heller ikkje for meg. Eg kjente ikkje Maiken, men eg kjenner meg igjen.

Det slår meg først no at artikkelen skildra eit legeliv nærmast identisk med mitt. Eg òg er på slutten av spesialiseringstida. Eg går i same type korridorar. Går same typar vakter. Gjer same type vurderingar. Vi prøver så godt vi kan for å spenne opp eit sikkerheitsnett i velferdsstaten og bere risikoen på vegner av pasientane. Gjere vel.

Det er tøft, det. Ein burde hatt superkrefter.

Der har vi ikkje. Ein burde vore guddommeleg. Det er vi ikkje.

Vi er berre legar. Og legar er avhengige av heilt vanlege ting for å kunne leve.

Kvile. Avlasting frå stress. Høve til å ete og tisse på vakt. Tryggleik. Kjensla av å gjere ein god nok jobb.

Og «Verdighet, handlingsrom, tilhøyring, meining og likevekt». Grunnstoffa i livet, kalla Per Fugelli dei.

Og set du dei saman får du Velferd. Det norske arvesølvet.

Men helseleiar med mykje eller lite makt: – Koffor rope ej på dej? Koffor prøver ej igjen?

Fordi eg vil åtvare deg mot å lese artikkelen om Maiken. Den vil kunne utsette deg for kognitiv dissonans. Du veit den kjensla du får når ting ikkje passar heilt med skjema. Og vidare vil du lett tenke: «Ja, det var trist. Det var nok noko spesielt med ho. Noko anna. Noko ingen rår over.

For vanlegvis er det ikkje så ille. Ikkje i Norge. Ikkje hos oss i alle fall.»

Kanskje du til og med finn et par, tre abstrakte ord til presentasjonen. Om endra forventningar, oppgåvegliding og gode rammer for arbeidet? Om å investere i fagfolk – den eigentlege ressursen?

Dissonansen fell og harmonien kjem attende. Så ein kan halde fram som før.

«For dette skjer jo ikkje her. Ikkje hos oss. Nei, det er vi rimeleg sikre på.»

Men kva om det gjer det, helseleiar … kva då?

«Nei, det er jo umogleg å unngå heilt at sånt kan skje! Men det er vel ikkje riktig å dra slutningar frå eitt tilfelle, er det vel? Det er ingen menneskerett å vere lege. Og ein har jo valt det sjølv.»

Kom den igjen no? Den kognitive dissonansen?

Helsevesenet skal spare seg inn i framtida. Men evnar vi å skape dei rammene som helsepersonell treng?

Eg er ikkje sikker på det. Sjølv med alle gode intensjonar i verda.

For intensjonar kan vere farlege, særleg når dei ikler seg abstrakte ord og flotte resonnement og dempar dissonansen.

Vi må tenke annleis. Og heller halde fast på kjensla om at ting ikkje er som det skal vere; stå i dissonansen. Ikkje at vi skal bli handlingslamma, men bruke den til å halde hjarta vare. Auga opne.

Først må vi sørge. Så kan vi «sørge for».

«Så Maiken kan være den siste», slik kjærasten Stig avsluttar.