Ei skeiv kjønnsrekruttering til mange yrkesutdanningar er ikkje bra, korkje for utviklinga i yrka eller for dei personane som yrka skal tene. At gutane presterer dårlegare enn jentene, og at desse skilnadane har auka, er meir alvorleg.

Jentene er best i alle fag, unnateke kroppsøving. Dei får altså meir ut av skulegangen enn gutane.

Stoltenbergutvalet greidde i 2019 ut kva dette kan kome av, utan tydeleg konklusjon. Dei understreka at tilhøva er særs uheldige, og mest for gutane.

Det er ei mentalitetsendring frå 1990-åra, då det ikkje var politisk korrekt å omtale desse konsekvensane offentleg. Å ta dei opp, vart tolka som eit ønske om å gjere vilkåra for jentene dårlegare.

Kontroversielt

Forklaringane på desse skilnadane er samansette og kontroversielle, og handlar om korleis ein skule i utvikling møter stadige endra krav og forventingar til jenter og gutar.

Det er sjølvsagt skilnader på jenter, og på gutar.

I debatten ser ein ofte etter det som særpregar kvar av kjønna som gruppe. Då vert dei individuelle forskjellane borte.

Feminisering

Ein veg til forståing har vore å sjå på omgrepet feminisering. Det tyder kvinneleggjering, og kjem fram fordi eit stort fleirtal i lærargruppa er kvinner.

Påstanden er at innhald, arbeidsformer, veremåtar og normer i skulen har fått eit kvinneleg preg, og at det favoriserer jentene.

Det er gjort mykje forsking med mål om å finne ut om denne feminiseringa faktisk finst. Sjølv har eg studert korleis mannlege og kvinnelege lærarar underviser.

Eg fann ingen skilnad, noko som går att i mykje av denne forskinga.

Kjønnsdelt vurdering

Forsking viser elles at standpunktkarakterane til gutane er lågare enn dei karakterane dei får til eksamen og på nasjonale prøver. For jentene er det omvendt.

Vurderingane til eksamen og på nasjonale prøver er anonyme, ulikt standpunktkarakterane som er sette av lærarane som underviser klassane. Når lærarane set lågare karakterar på gutane, kan det tolkast som ein konsekvens av at dei generelt er meir negative til gutane enn til jentene.

Forklaringa kan vere, at lærarane er påverka av den åtferda gutane viser, og som skaper større utfordringar enn den jentene viser.

Gutane er mindre flinke til å følgje reglane i skulen, og blir med det meir strevsame for lærarane. Det fargar vurderinga av dei faglege prestasjonane deira.

Jentene, som er mindre strevsame i klasserommet, får gevinst av det, med betre standpunktkarakterar. Meir vekt på anonym vurdering kan difor vere eit verkemiddel.

Idretten sin modell

I idretten viser erfaringane, at frå puberteten presterer gutar betre enn jenter på dei fleste områda. Konsekvensen av det har vorte, at mykje idrett er kjønnsdelt.

Kvinner og menn konkurrere ikkje mot kvarandre i dei same øvingane.

Startlistene og resultatlistene blir sette opp med kvinner for seg og menn for seg. Dei tilpassar dessutan utfordringane til føresetnadene. Kula, diskosen og spydet veg mindre for kvinner enn for menn, høgda på hekkane og hindera er lågare. Det er eigne kvinne- og mannsseriar i fotball og handball osv.

Å rette på det, kan gjerast ved å to-dele konkurransen om opptak til vidare studium, som i idretten

Johaug og Northug konkurrerte aldri mot kvarandre i store meisterskap. Ingen protesterer mot ordninga. Den er tvert om sett som særs rettferdig, når det eine kjønnet har betre føresetnader enn det andre.

For å halde fram i dette sporet: Skulen favoriserer jentene i dei øvingane (faga) det skal presterast i.

Kvotert konkurranse

Å rette på det, kan gjerast ved å to-dele konkurransen om opptak til vidare studium, som i idretten. Konsekvensen av det er kvotering, at det vert sett av eit bestemt tal studieplassar til kvart av kjønna, og at konkurransen om plassane blir innafor kvart kjønn.

Då treng ein ikkje endre på noko i skulen. Motstanden mot kvotering er stor. Noko av denne motstanden kjem av førestillinga om at føresetnadane hos dei to kjønna er like. Ein får det berre ikkje fram.

Til det er å seie, at skulen på totusentalet meir enn før er prega av dei same tilhøva som i idretten, krav om faglege prestasjonar, målbare resultat, konkurranse og effektivitet.

Skulemodning

Læringsutbytet er i sentrum. Det ligg fast som overordna i dei to store utdanningsreformene vi har hatt etter år-tusen skiftet. Det igjen, gjer at omgrepet skulemodning må trekkjast fram att. Det har vore på kvile sidan 1970-åra.

Faktum er at jente-gruppa er tidlegare modne enn gute-gruppa. Jentene er difor betre i stand enn gutane til å møte dei krava skulen stiller om systematisk arbeid for høge skuleprestasjonar.

Det gjer at dei som er fødde seint på året, får særlege utfordringar. Dei får dårlegare karakterar, enn elevane som er fødde tidleg på året. Særleg utsette er gutar fødde seint på året.

Folkehelseinstituttet viser at dei har ein større sjanse for å få diagnosen ADHD, enn dei som er fødde tidleg på året, og i større grad enn jentene i same gruppa.

Taklar keisemda betre

Eit anna tiltak, er å gjere øvingane (faga) meir like for begge kjønn.

Då må vurderingsgrunnlaget endrast slik at sjansane blir dei same for at jenter og gutar får tilfredsstillande resultat. Då må vi studere kva fag som er karaktergivande, kva i desse faga det er avgjerande å meistre for å få gode karakterar, korleis det fargar undervisninga og kven det tener.

Forskinga viser at jentene er mykje flinkare til å leve med det elevane omtalar som den aukande keisemda dei opplever i skulen. Å leve år etter år med dei same strukturane, kulturane, faga og arbeidsformene i skulen, er krevjande.

Jentene er flinkare til å halde ut denne keisemda, enn gutane. Jentene som gruppe er dessutan mykje betre enn gutane til å arbeide sjølvstendig, til å planlegge arbeidet sitt, halde styr på tinga sine og å delta aktivt i undervisninga.

Det er altså skulen si prioritering av arbeidsformer og innhald som jentene meistrar betre enn gutane, og som kan forklare noko av skilnadane.

Forskinga tyder på at det som skal til for å få gutane meir fram utan at det går ut over jentene, er større variasjon, meir struktur, læraroppfølging og lærarengasjement i undervisninga.