Ho skuldar på den kategoriske og indignerte mor si, men endar vel sjølv i same kategori til slutt. For dei av oss som gler oss over denne innvandraren så er det trist i år etter år å høyra dette gnålet om kor mykje gale den gjer. Her trengst eit motsvar for å få litt balanse i rekneskapen.

Innvandrar eller ikkje

Etter kvart som iskanten i siste istida drog seg sakte nordover, kom plantar på ymse vis frå sør og slo seg ned i landet vårt. Dei innvandra, men har etter kvart blitt rekna som norske artar. Det store spørsmålet er no kven som har bestemt kva for eit år som representerer skiljet mellom norsk kontra innvandra? Og kan nokken seia kva for eit år det er snakk om? Kan det vere at tiriltunga kom til landet i t.d. 1898, og difor er norsk, mens lupinen kom i 1899, eit år for seint for å hamne i den rette kategori? Her bør fagfolk kome med ei forklaring.

Mi erfaring

Sjølv har eg hatt lupinar i vegkanten fram til huset mitt i lang tid. Frå 1984 og fram til i dag. I desse knapt førti åra har dei knapt flytta på seg meir enn eit par meter. Frøbelgane dett berre rett ned. Eg har aldri sett dyr eller fuglar ete dei, for så å spreie frøa med avføring. Men folk som er begeistra for denne fargeprakta som lupinane representerer risper gjerne med seg ein neve frø som dei så legg frå seg ein høveleg stad. Eg har sjølv vore ein av dei, men når alarmen etter kvart gjekk med pålydande; «svært høy økologisk risiko», så kjende eg meg om lag som ein kriminell når eg stundom fall for freistinga.

Liabygda

I vegabaren opp mot skogkanten før ein kjem ned til Liabygda var det før i tida ei årleg valfarting av begeistra hageglade estetikarar frå fjern og nær. Dei kom for å oppleve den storslegne lupinbløminga der. Frå vegkanten og opp mot skogen stod blomane i all si fargeprakt i bortimot ein halv kilometers lengde langs vegen.

Eg har ikkje bevis, men er ganske sikker på at her hadde mange såmenn/kvinner/barn, vore flittige i mange år med å skape denne severdigheten. Og turistane tok seg gjerne tid til ein selfie midt i dette blomehavet. Men så gjekk alarmen, og Statens vegvesen gjorde alt dei kunne for å stoppe denne uynskte innvandraren, som såleis fekk passet sitt påskrive.

Mi forsking

For nokre år sidan la eg og kona ut på ein ekspedisjon. Vi hadde eit ærend til Jølster, og bestemte oss for å køyre den ytre ruta nedover, og den indre ruta heim att til Langevåg. Til saman om lag 30 mil, dvs. 300 kilometer, dvs. 300.000 meter. På turen skulle vi sjå etter lupinførekomstar langs vegen. Vi observerte kvar sin vegkant, mao. til saman 600.000 meter vegkant. Med litt fråtrekk for tettstader der det ikkje er slike vegkantar.

Vi observerte seks førekomstar av lupin på turen. Små klynger som utgjorde om lag fem meter (i snitt) vegkantlengde. Til saman utgjorde dette om lag 30 meter av dei 600.000 meter vi observerte. Dei resterande 599 970 metrane var tettpakka av rødkløver, kvitkløver, tiriltunge, engsoleie, forglemmegei, løvetann, hundeslenge, osb. Alle dei norske var i eit uhorveleg overtal. Og ingen av dei såg ut til å leve under « ein svært høg økologisk risiko», heller tvert i mot.

Konklusjon

Statens vegvesen kan utan tvil bruke budsjettpengane og personellet sitt på viktigare ting enn utrydding av lupinen. Dei bør heller sørge for at den får flytte over frå innvandrarlista til medborgarlista. Men dersom dei framleis er urolege på grunn av denne vakre planten så kan dei køyre nokre kampanjar årleg, der dei kan omtale lupinen i rosande ordelag (som eit plaster på såret), men samstundes oppmode folk generelt, og lupin-entusiastane spesielt, til måtehald mtp spreiing av frø.

Etterord

Eg lurer t.d. på om når geiteramsen innvandra, og om nokon er uroa over kor mykje denne planten spreier seg. Etter at bløminga er ferdig kan ein ved sjølvsyn sjå kor geiteramsfrøa, om lag lik løvetannfrø, seglar av garde til nye stader å danne ein koloni. Eg trur at også høymolen burde kome på ei fy-liste. Den er ikkje ei lyst for auga, for å seie det mildt, og dyra vil heller ikkje ha den.

På vinterstid står dei som brune attgløymde skistavar stikkande ein meter opp over den kvite snøen. Denne plaga kan Vegvesenet kanskje hjelpe oss med å bli kvitt ved å sjekke frøblandingane sine for høymolfrø? Berre ein ide.

Så debattjournalist Ruset kan helse mor si med at ho ikkje treng å bruke ergrelse og energi på lupinane, men kanskje heller sjå med eit kritisk blikk på dei to plantane eg her har nemnt.

Når det gjeld tommelen ned for Møreaksen og blinkande tivoli-julelys så seier vi samstemt; Ja, og amen!