I Spjelkavik kyrkje har vi stolar i kyrkja, ikkje benkar. Poenget med dette innlegget er sjølvsagt ikkje benkar eller stolar, men om det sit nokon på stolane, eller om dei aller fleste står tomme gjennom vekene og året, slik fleire må tru av innspel som av og til kjem fram i media.

Eg har hatt arbeid som diakon i Spjelkavik kyrkje i 14 år, og trur at eg har litt innsikt i det eg tar opp her.

Alt må nøye planleggast for å unngå kollisjon. Dette er ingen overdrivelse.

Aldri tomt

I Spjelkavik kyrkje fyllest kyrkja mange gongar gjennom ei veke, for ikkje snakke om gjennom eit år. Når vi inviterer til gudsteneste kjem det folk, Ikkje berre ein eller to, men mange. Og vi har ulike gudstenester. Familiegudstenester har vi kvar månad. Vi har ikkje mindere enn ti godt besøkte konfirmasjonsgudstenester kvar vår. Så har vi svært mange skule- og barnehagegudstenester før jul, i tillegg til alle dei ordinære julegudstenestene som er ganske fulle, til dels meir enn fulle.

Vi ønskjer å få fram eit rett bilde av det som skjer i kyrkja, og klart at ein del gudstenester er meir moderat besøkte. Men tomme, eller nesten tomme gudstenester, det har eg aldri opplevd. Spjelkavik kyrkje har gudsteneste kvar søndag, året rundt.

Stor verdi for enkelte

Så er det dei mange og ulike samlingane i kyrkja utanom gudstenestene. Kulturarrangement med foredrag og samtalar. Er stolane tomme? Nei. På Keltisk kveldsbøn og stille dagar møter langt færre enn ei vanleg høgmesse, men for enkelte har desse stor verdi.

Vi har minnegudsteneste, og formiddagsmesse (kvardagsgudsteneste). Dåpssamling for foreldre som kjem med borna sine til dåp er også i kyrkjerommet. Vi må ta med dei mange, mange konfirmantgruppene som har delar av samlingane i kyrkjerommet. I år har over 200 meldt seg til konfirmasjon i Spjelkavik kyrkjelyd. Konfirmantane har sin oppgåver i gudstenesta.

Mykje som skjer

Ikkje sjeldan leitar vi etter plass for alt det som skjer i kyrkja. Alt må nøye planleggast for å unngå kollisjon. Dette er ingen overdrivelse. Men slik ser vi av alt som skjer at vi treng ei ny kyrkje på Hatlehol med tilbod til dei som bur i indre bydel, ei kyrkje og ein møteplass i nærområdet for menneske i alle aldrar. Så kan det også nemnast at Spjelkavik er Noregs største kyrkjelyd.

Spjelkavik kyrkje fyllest av mange menneske når det er gravferd. Dette er ein svært viktig del av kyrkja sitt arbeid, å hjelpe menneske å ta avskjed med den ein var glad i. Vi har også samlingar i kyrkja for å bistå etterlatne som er i sorg.

Så må vi nemne dei mange konsertane. Julekonsertane veit ein fyller kyrkja. Tomme stolar er ofte ikkje å oppdrive på fleire av konsertane. Men det er konsertar i kyrkja året rundt, då med ulik oppslutning.

Øvingslokale

Kyrkjerommet i Spjelkavik kyrkje blir også nytta som øvingslokale. Barne – og ungdomskantoriet og Spjelkavik kyrkjekor har sine øvingsdagar kvar veke. Andre avtalar øvingstid til ulike ting dei skal delta på.

Kyrkjekunsten i Spjelkavik kyrkje er det også mange som vil oppleve. Grupper og enkeltpersonar møter opp og vil sjå glasmåleria våre.

Ser vi av alt det som skjer i kyrkja kor viktig kyrkjerommet er. Eit rom der ein møter Gud, er saman i glede og sorg, lærer, undrar seg, blir rik som menneske.

Vi går så ned i underetasjen i Spjelkavik kyrkje. Der er det kyrkjelydssal og fleire rom med tomme stolar som fyllest gong på gong gjennom heile veka.

Vi kan begynne med kyrkjekaffi søndag. Av frammøte forstår vi at dette er viktige tiltak. Her kan ein snakke saman, lytte til kvarandre, dele sorger og gleder.

Kafé og babysong

Så har vi internasjonal kafé, ein møteplass over landegrensene. Der finn vi menneske frå nærområdet som møter menneske frå ulike land og kulturar. Det blir servert både utanlandsk og norsk mat.

Når inngangspartiet i kyrkjekjellaren er fulle av barnevogner, då er det tysdag og babysong. Her samlast dei minste borna og foreldra deira.

Gjennom ei veke er stolane i kyrkja også opptekne av born som er med på småbarnskor, eller av unge som deltek på tenåringsklubb, på filmklubb eller legoklubb. Speidarane har ofte samlingane sine ute, men har plass i kyrkja om dei treng det. Kvar andre torsdag er det familiemiddag for ein stor flokk. Det siste som vil bli prøvd til hausten er hybelmiddag. Vidaregåandeelevar får tilbod om middag i kyrkjekjellaren.

Mange frivillige

Og enda har vi ikkje fått med eldretreff, og kyrkjeklubb for menneske med ulike behov for bistand. Torsdagskveld i kyrkja er samling for vaksne.

Alle veit kor viktig måltidsfellesskapet er. Dei fleste tiltaka våre inkluderer eit kveldsmåltid eller ei kaffistund.

Vi må også ta med den store flokken av frivillige. Dei sit ikkje akkurat i ro på ein stol, men er gode medarbeidarar som legg til rette for at alle som kjem skal trivast i kyrkja. Utan dei kunne vi ikkje hatt eit slikt mangfaldig arbeid. Dei brukar av fritida si til å bidra på ulike måtar, og det er vi svært takksame for. Også i respekt for deira arbeid er det viktig at dette med dei tomme stolane og dei tomme kyrkjene ikkje får stå uimotsagt.

Treng kyrkje på Hatlehol

Det er ein fast etablert kyrkjelyd på Hatlehol. Dei nyttar leigde lokale på Ålesund folkehøgskole og samlast stort sett til gudsteneste med søndagsskule og kyrkjekaffi annankvar søndag. To band, står for musikken under gudstenestene. Gudstenestene på Hatlehol/Borg og arbeidet der blir drive av mange gode frivillige medarbeidarar i samarbeid med prest. Dagleg saknar vi lokale der vi kan ha eit arbeid tilsvarande Spjelkavik kyrkje. Dette har mange arbeidd for i årevis. Vi ønskjer å få til ein god samlingsplass som kan vere til nytte og glede for heile indre bydel.

Vi som arbeider i kyrkja veit at vi er ein del av eldreomsorga, men også omsorg i vidare perspektiv. Når vi opplever at menneske samlast, også dei som strevar med nedsett funksjon av ulikt slag, blir sett og ønskt velkommen, når samtalen går livleg rundt borda, når det er iver, smil og latter. Då veit vi at dette arbeidet er viktig, dette er helsebringande. Omsorg for heile mennesket er det vi vil også i kykja.