I tillegg såg eg at eg, basert på artikkelen, kunne lage ein tekst eg kunne nytte i undervisning i vitskapsteori for å eksemplifisere logikken bak førutseiingar og forklaringar.

I løpet av dei siste dagane har Golfstraum-temaet dukka opp på ny. Danske vitskapsfolk har i eit internasjonalt tidsskrift, «Nature Communication», argumentert i liknande retning. Vi veit ikkje om førutseiingane dei danske forskarane presenterer, vil slå til.

Det er mogleg at premissane dei utleier konklusjonen sin frå, ikkje er så relevante som dei antar. Det kan vere andre og ukjende faktorar som spelar ei avgjerande rolle i eit slikt reknestykke. Var dei kjende, ville kanskje konklusjonen – prediksjonen – måtte bli ein annan. Tilsvarande gjeld artikkelen i «Der Spiegel».

I ein artikkel i «Science», 16.09.05, «Influence of the Atlantic Subpolar Gyre on the Thermohaline Circulation», blir Golfstraumen «friskmeld» dei første tiåra. Den kan vere svekka med 30 % innan 2100, blir det sagt, men global oppvarming vil utlikne temperaturtapet som følgjer. Det rår, som det ofte gjer, usemje på forskingsfronten.

I det følgjande skal eg halde meg til opplysningane eg fann i «Der Spiegel», da dei, så vidt eg skjønar, gir konsekvensar foreinlege med dei danskane peiker på.

Rundt 1990 hevda marin-botanikaren Egil Sakshaug at dei som trur drivhuseffekten vil gi varmare klima, tar feil.

Fagbladet «Ocean» rekna med ei ny istid i løpet av femti år.

Foto: Shutterstock

Det dei og andre tok utgangspunkt i, var den nordlegaste greina av Golfstraumen. Denne går mellom Island og den norske vestkysten og sørgjer for ein «varme-anomali» så langt nord. Straumen gir frå seg store energimengder til lufta og vernar slik heile nordvest-Europa mot tilising, både på land og hav.

Ved Lofoten er straumen 30 km brei. Fell Golfstraumen bort, vil klimaet i Nord-Tyskland endras og kanskje bli som i det nordlege Sibir. Ikkje så merkeleg eigenleg: Grensa mellom Danmark og Tyskland ligg på om lag 55º nord, dvs. som sør-grensa for drivis i Alaska.

Avgjerande for Golfstraumen er at der den sluttar, søkk gjennomsnittleg ein halv million kubikkmeter vatn kvart sekund ned til eit djupare vass-sjikt. Fenomenet vert kalla «thermohalin sirkulasjon»: På vegen nordover vert vatnet i Golfstraumen kaldare, følgjeleg tyngre. Mellom Grønland, Island og Svalbard søkk det nedkjølte vatnet ned til mellom tre og fire tusen meter og flytter seg deretter langsamt mot sør.

At overflatevatnet søkk, er ein interessant prosess. Sjøvatn i området inneheld normalt 34,9 gram salt per liter og frys difor ved -1,8ºC. Men brøkdelen av ein grad før det når frysepunktet, er vatnet blitt så tungt at det bryt gjennom vass-sjikta under og søkk mot botn. Avtar saltinnhaldet aldri så lite, vil det kunne blokkere sirkulasjonen ved at vatnet frys til is før det blir så tungt at det søkk. Under is er thermohalin sirkulasjon uråd. For Golfstraumen sitt vedkommande ville i så fall resultatet vere at vatnet den bringa med seg, vart til is og difor ikkje kunne søkke. Straumen ville difor ikkje nå like langt nord.

Ifølgje materialet Spiegel-artikkelen baserte seg på, er difor saltkonsentrasjonen i havet avgjerande. Skal Golfstraumen rekke så langt nord som den gjer, kan saltinnhaldet ikkje bli særleg lægre enn det er i dag. Faren for at så kan skje, er ikkje usannsynleg. Drivhuseffekten genererer, veit vi i dag, svært store mengder smeltevatn frå isbrear på Grønland, Island, Svalbard og Norge.

På Grønland er isen delvis over 3000 meter tjukk. I tillegg har vi dei store elvane som renn nordover i Sibir. Fleire av desse har kjeldene sine i høgfjellsområde langt mot sør. Ein står såleis overfor ein ferskvatn-fare: Blir saltinnhaldet tynna ut med 0,2 gram per liter, frå 34,9 til 34,7, vil det teoretisk kunne vere tilstrekkeleg til å sette i gang tilising av Norskehavet. Gitt dette, vil det nordlege Europa, heilt sør til Tyskland og Frankrike, kunne bli tundra-liknande område. Isfjell vil teoretisk kunne drive sør for Biscaya-bukta.

Tidlegare istider har komme brått. I løpet av dei siste 2,5 millionar år er den nordlege halvkula blitt dekt av is 26 gonger. Gransking av sediment-avleiringar på havbotnen viser at tilising har skjedd svært snøgt. Sist slikt hende, i den «vesle istida» mellom 14. og 18. hundreåret, fraus meir enn halve Norskehavet til. Store deler av Island og Svalbard vart dekte av brear. Tilsvarande hende i Skandinavia, der klimaet forverra seg dramatisk. Hungersnaud rådde.

Nå treng ikkje dette sette oss i umiddelbar undergangsstemning. Litt logikk forklarer kvifor: Mellom gudsbevisa i mellomalderen heitte eitt av dei «ab posse ad esse»: Av di det er mogleg at Gud eksisterer, følgjer det at Gud faktisk eksisterer. Eg vil tru dei fleste utan vidare innser at resonnementet er og må vere ugyldig. Jamvel om det er mogleg at spådommen artikkelen i «Der Spiegel» inneheldt, og som nå den danske artikkelen ser ut til å underbygge, kan vere korrekt, følgjer det ikkje at den faktisk er og må vere det. Men av det følgjer heller ikkje at den ikkje kan vere korrekt.

Frå empirisk-vitskapleg synsstad er følgjande motargument relevant: I det totale systemet av årsaksfaktorar som interagerer i det skisserte komplekset, er det truleg langt fleire relevante årsaksfaktorar enn dei Spiegel-artikkelen nemner og den danske rapporten baserer konklusjonen sin på. Komplekset kan òg fungere slik at årsaksfaktorane ein baserer seg på, ikkje interagerer slik ein har antatt. Er ein del av den kausale interaksjonen sirkulær, gjer det det vanskelegare å få innsikt systemet.

På hi sida, å slå seg til ro med at sidan vi ikkje kjenner alle interaksjonane i komplekset av årsaker, er slikt lite å bry seg med, kan neppe reknast som parade-døme på lysande fornuftsbruk. Som argument er det på nivå med påstanden om at det ein sjølv ikkje alt veit, det kan difor heller ikkje eksistere.