Kompetansepolitikk og styring av vidaregåande fagtilbod, fagskule og høgare utdanning er viktig, ikkje minst for vårt verdiskapande og eksportretta fylke.

Dette arbeider vi målretta med!

60% av elevane i vidaregåande i Møre og Romsdal søker yrkesfag! Det er høgast i landet! Vi er det einaste fylket i landet som har auka talet på nye lærekontrakter dei fire siste åra. Det kjem etter systematisk arbeid og godt samarbeid med bedrifter fylket over.

Kan ikkje trylle

Politikarne kan nok styre ein del av ressursbruken og dimensjonering av fagtilbod, men god kompetanseutvikling blir best til i godt samarbeid mellom det offentlege, (lære-)bedriftene/ NHO og elevane.

Og dessverre kan verken NHO eller politikarane trylle.

Den største utfordringa framover er lav folketalsvekst og synkande elevtal. Uansett dimensjonering er det dessverre ikkje nok ungdomar i vårt fylke til å dekke etterspørselen etter arbeidskraft i alle bransjar. Same utfordring har landet elles og Europa.

Eksempel: Vi har 9.500 elevar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, om lag 3.000 per årstal.

Utdannar vi 100 fleire ungdommar i helse og omsorg (det trengst), er det 100 færre til andre område som også sårt treng arbeidskraft, td industriteknologi, naturbruk, maritime næringar, bygg og anlegg, elektro, reiseliv/restaurant/matfag.

Manglar ungdom

Teoretisk kan vi tilby ubegrensa elevplassar, men vi får altså kun utdanna dei ungdomane vi har.

Kvart år opprettar vi ekstraklasser der det er stor søknad og arbeidslivet har behov. Vi har utvida kapasiteten på fleire fagområde, som td industriteknologi, helse/omsorg, maritim utdanning og naturbruk.

Utvalet har også vore samstemt i å behalde tilbod i faresonen pga svak søknad, men som arbeidslivet etterspør, td restaurant/matfag, bygg/anlegg, elektro, barne/ungdomsarbeidar, kokk/servitør, betong/mur, helsearbeidar m.fl.

Teoretisk kan vi tilby ubegrensa elevplassar, men vi får altså kun utdanna dei ungdomane vi har

Samla i perioden har vi oppretthalde 58 fagtilbod som utifrå kriteria ville bli lagt ned. Vi fornyar bygg, bygg nytt og fornyar utstyr. Vi har også saman med bedrifter og arbeidslivet utvikla ein fireårig kompetansestrategi, og i Fagskulen har vi utforma ein strategisk utviklingsplan.

Her ser vi fram til eit tett samarbeid med NHO og andre.

Tiltaka

Med færre ungdomar må vi derfor tenke nyansert, nært og nytt saman med bedriftene og arbeidslivet. I tillegg til å finne ein god balanse mellom elevane sine ønske og arbeidslivet sitt behov, må vi også gjere ytterlegare tiltak:

  1. Meir praktisk skule og innhald. Opplæring må ha teori, men skal vi få fleire med i heile løpet, ikkje minst i yrkesfaga, må vi gjere skulekvardagen og innhaldet så praktisk som muleg.

  2. Vaksenopplæring og utnytte rest-arbeidsevne. Vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring har rett til opplæring frå og med det året dei fyller 25 år. Møre og Romsdal har sju ressurssenter som er ansvarlege for vaksenopplæringa. Skuleåret 2021-22 deltok 554 deltakarar i opplæring for vaksne. Dei fleste vaksne går yrkesfag som helse- og oppvekstfag.

  3. Etter- og vidareutdanning. Kvart år gjennomfører tilsette kortare og lengre kompetanseheving. Her kan vi saman med bedriftene, vgs, fagskulen og høgare utdanning bli flinkare i å tilrettelegge og variere ulike tilbod, gjerne som den tilsette kan kombinere med arbeid. Samlingsbaserte, deltid, på nett, sjølvstudie, ulike modular. Kompetansebehovet og arbeidslivet sine behov skiftar, best muleg tilrettelegging krev aktiv dialog mellom partane. Nye fagbrev og fagbrev på jobb bør brukast meir.

  4. Tett oppfølging, høg gjennomføring. Møre og Romsdal har den høgaste gjennomføringa i landet, dvs vi har flest ungdomar som kjem gjennom vidaregåande opplæring. Likevel er det mange som ikkje fullfører. Med mangel på arbeidskraft blir det endå viktigare å få endå fleire til å fullføre vidaregåande skule. Kan lærebedrifta gjere meir? Kan skulen tilrettelegge betre? Kan foreldre støtte meir? Kan NHO gi betre informasjon?

  5. Opptak også utfrå ferdigheiter. Vi har i Utdanningsutvalet bedt om ei vurdering av om opptak til yrkesfag også kan gjerast utfrå praktiske ferdigheiter til den enkelte, ikkje berre karakterar. Omsorg og fiske/fangst er to eksempel; ungdomen som har fiska heile livet og ikkje pugga, blir nok ein god fiskar om ikkje karakteren er topp. Og mange kan gi god omsorg, om karakteren ikkje når opp.

  6. Alle med. Ikkje alle passar til ein ordinær jobb, men alle kan gjere ein jobb berre dei blir lytta til og får tilrettelegging. Også flyktningar er ein ressurs. Mange frå Ukraina ønsker å reise tilbake. Men dei som blir, har og kan få kompetanse og erfaring, og vere verdifulle i mange bedrifter fylket rundt. Fylkeskommunen har oppretta innføringsklasser, kanskje kan endå fleire bedrifter vere på, og kanskje kan NHO ha spesifikk fokus på dette?

  7. Samvirke og framsnakking. Til meir vi i fellesskap klarer å framsnakke fylket og det fantastiske varierte, spennande og oppfinnsame arbeidslivet vårt, til fleire vil flørte med tanke om å flytte til Møre og Romsdal. Eg heiar på kvar bedrift og kvar kommune som lykkast med selje sine kvalitetar og fortinn til arbeidssøkarar også utanfor vårt fylke og land.

  8. Betre samspel vidaregåande, fagskule og høgare utdanning. 60% av ungdomen i vårt fylke vel altså yrkesfag. Og bedriftene våre treng eit mangfald av arbeidskraft, sjølvsagt også dei med høgskule- og universitetsutdanning. Men er høgare utdanning nok praktisk og arbeidsretta? Det er ei stor utfordring for Møre og Romsdal at ungdomane som tek høgare utdanning i for liten grad kjem tilbake til våre spennande bedrifter.

I alt dette treng vi eit aktivt NHO i alle regionane som er tett på sine bedrifter i ulike bransjar og i godt samspel. Vi er klare, og lyttar gjerne til punkt 9 og 10 frå NHO?