Dette gløymer eg ikkje. Ein mest naken, livlaus ung kvinnekropp på lasteplanet til ein pickup som køyrde gjennom gatene i Gaza medan ein mobb av menn og unge gutar – vanlege borgarar – skreik og ropte og spytta på henne medan dei ropte at Gud er stor.

Kvinna var den 22 år gamle Shani Louk. Ho låg der på lasteplanet med brotne bein. Restar av skallen hennar er funne og analysert. Ho var død der ho låg på lastebilen. Hennar einaste brotsverk var at ho var jøde, kvinne og dansa på ein musikkfestival.

Sidan pogromen i Israel den 7. oktober der minst 1200 menn, kvinner og barn vart drepne, og etter den krigen som fylgde og framleis går føre seg, har det kome ein stri straum av informasjon og desinformasjon som det er vanskeleg å navigere i for oss vanlege menneske i nord.

Men den 4. mars la FN fram ein rapport frå ei ekspertgruppe under leiing av Pramila Patten. Ho er FNs spesialutsending med ansvar for gransking av seksuell vald i krig og konflikt. Ekspertgruppa har arbeidd i Israel frå 29. januar til 14. februar for å granske skuldingane om omfattande valdtekter og seksuell vald under terrorangrepet. Den 24 sider lange rapporten er frykteleg lesing.

På den korte tida dei hadde til rådvelde har gruppa, som var sett saman av ekspertar både på etisk intervjuteknikk av valds- og valdtektsoffer, ein rettsmedisinsk patolog og andre som har ekspertise på digital analyse, granska over 5000 fotografi og sett 50 timar med opptak frå ulike kjelder. Dei har intervjua 34 menneske, offer, vitne, frigjevne gissel og rednings- og helsepersonell.

Angrepa kom i tre bylgjer, slår dei fast. Først kommandosoldatar frå Hamas, sidan kom det nok ei bylgje frå Hamas, Palestinsk islamsk jihad og andre paramilitære palestinske grupper. Til slutt kom ei bylgje med sivilistar som tok seg gjennom dei opne gjerda for å plyndre.

Gruppa skriv om dei avanserte våpena angriparane hadde og at dei gjennomførte ein aksjon med formål å drepe, påføre liding og ta så mange gissel som mogeleg, menn, kvinner og barn, på kortast mogeleg tid. Folk vart skotne, ofte på kloss hald, brent levande i heimane sine når dei gøymde seg i dei sikre romma, skotne eller drepne av granatar i bomberomma der dei hadde søkt tilflukt. Mange av lika var mishandla, ofte halshogne og brende. Dei mange brende kroppane gjorde det vanskeleg å seie om dei òg hadde vore seksualt mishandla.

Ein kan spørje seg om seksuell mishandling, som var det gruppa skulle granske, kan skiljast ut i denne orgien av vald og sadisme. Det er minst to grunner til at det var naudsynt. Eitt er at det er eit krigsbrotsverk, det andre er at det stilt spørsmål om det fann stad valdtekter under terrorangrepet. Hamas nektar sjølvsagt for det, men igjen og igjen har eg lese og høyrt mange andre som spreiar tvil om at dei fann stad, til dømes journalisten Owen Jones i den britiske avisa The Guardian.

Då New York Times skreiv ei reportasje 30. desember i fjor, etter at dei hadde brukt mange veker i Israel på å granske skuldingane om valdtekter, møtte dei påstandar om at fleire av historiene ikkje var sanne. Sjølv om New York Times ikkje kan skuldast for å vere israelvenleg, kan det vere tilfelle at nokre av kjeldene ikkje var til å stole på. Men etter FN-rapporten er det ingen grunn til å tvile på at valdtekter og seksuell mishandling av både kvinner og menn fann stad, truleg i større omfang enn ein nokon gong kan prove.

Det er rimeleg grunn til å fastslå, skriv dei, at seksualisert vald, valdtekter og gjengvaldtekter fann stad mange stader den 7. oktober. I området ved Nova musikkfestival var det mange (multiple) tilfelle av seksuell vald der ofra var valdtekne, gjengvaldtekne og skotne, mange vart skotne «while being raped» (medan dei vart valdtekne). I minst to tilfelle har gruppa funne prov for at lik vart valdtekne. Mange kvinner er funne heilt nakne eller nakne frå livet og ned, bakbundne og bunde til tre eller pålar, skotne i hovudet.

I tillegg seier gruppa at det er heva over tvil at gislane som vart bortførte til Gaza, har vore utsette for seksuelle brotsverk og at det høgst truleg er «ongoing» – framleis held fram for dei som enno ikkje er sette fri.

I Store norske leksikon vert ordet folkemord definert som: « … drap alvorleg skade og annan ødeleggelse retta mot en gruppe menneske på grunn av deres tilhørighet til en nasjonal, etnisk, rasemessig eller religiøs gruppe, med et formål om helt eller delvis å ødelegge gruppa.» Dersom ein går inn for å drepe så mange jødar som mogeleg, barn, unge, kvinner og menn – kva anna er det?

At presumptivt fornuftige menneske i Vesten er så ivrige etter å enten bagatellisere eller rett og slett mistru det som hende den 7. oktober – eg har til og med sett eit intervju med Piers Corbyn, bror til Jeremy Corbyn i Storbritannia, der han påstod at Israel sjølv hadde gjennomført åtaket! – kan det ikkje kallast anna enn antisemittisme.

Når 8. mars-toget i Oslo hadde ei parole om at «Gazas kvinner er Oslos søstrer» – men ikkje har eit ord om sine mishandla og drepne søstrer i Israel – så har eg vanskeleg for å sjå at det ikkje er antisemittisme.

Når nokon seier at ein må sjå dette forferdande brotsverket «i kontekst», er det heilt ufatteleg for meg. Dersom dette er frigjeringskamp, har ordet mist all meining.