Influensaren er Sophie Elise, som publiserte eit bilete av henne og ei veninne på sin egen Instagram profil. Sistnemnde held ein liten pose med noko kvitt i. Teksten som står under bildet er «Livet blir cirka en milliard ganger morsommare når man bare gir f …» Bildet blir sletta etter få minutt, men før dette skjer rekk ein annan influensar og ta eit skjermbilde av bilete, som han legger ut på sin egen profil. No har medie-Norge fått med seg hendinga, og saka rullar.

Gidd ikkje, orkar ikkje

Kva som var i posen spelar i grunn ein liten rolle i denne saka, det vil uansett bli dekt over. Derimot er det liten tvil om kva Sophie Elise sitt bodskap var, som gjorde at «livet ble en milliard gonger betre». Det gjekk fleire dagar før Sophie Elise uttalte seg i media om saka. I podkasten Sophie og Fetisha, episode «Elefanten i rommet» gir ho uttrykk for at ho var sliten, gidd ikkje og orka ikkje kommentere saka no. Med forklaringa, uansett kva ho meinte, so ville dette kome feil ut. Ho stilte heller ikkje opp i debatten på NRK TV med Henrik Solvang, der både Sophie og Fetisha var invitert. Dette er ikkje første gongen Sophie Elise ikkje stiller opp i debatt. Dagsavisen skriv i 2020, «Sophie Elise er 25 år gammel, og omtales som en viktig påvirker og samfunnsdebattant. Men når noen inviterer samfunnsdebattanten til debatt, sender hun altså pappaen sin.». Noko som Dagsavisen med rett gjer eit nummer av. For tenk om alle debattantar skulle sende sine erstattarar.

Ein kan no lure om grådigheita har tatt overhand hjå statskanalen

NRK er kvalitet

NRK har for meg alltid stått fram som ein kanal som representerer kvalitet. Ein merkevare og motvekt til mykje av dei andre kanalane som oftast er fulle av kommersielle reklamar. Medan andre kanalar har blitt smalare, har NRK klart å behalde breidda, med gode dokumentarar, filmar og seriar både for barn og ungdom. Sistnemnde har hatt eit stort løft med SKAM i 2015, og fleire har kome til. Dei produserer også gode podkastar, og podkasten Sophie og Fetisha er eit supplement for satsing retta mot ungdom.

NRK lanserer podkasten Sophie og Fetisha

I september 2022 sende NRK fyrste episode av podkasten Sophie og Fetisha, og har engasjert dei to venninnene til å stå for produksjonen. Podkasten har allereie blitt svært populær, med om lag 100.000 lyttarar, og er for aldersgruppe tjue pluss. Med dette ønsker og håper NRK også å drage nokon av Sophies 600.000 eigne fylgjarar, over på sine andre produkt.

Etter og ha høyrt i gjennom fleire episodar, så har eg ei forståing på kvifor denne podkasten har blitt så populær. Duoen tek lyttarane med på ei reise inn i deira verd, med opplevingar og intrigar. Dette gjerast på ein direkte, lettfatta og litt frekk måte. Utan noko form for blygsel, eller filter.

Bortsett frå nokre få episodar blir det likevel fort «lettbeint» og utan innhaldsmessig tyngde (substans). Formatet blir fort til ein dagbok med hendingar som blir til mens ein går, og er prega av tilfeldigheiter. Podkasten blottlegg også ein uansvarleg og lettsindig omgang med sex, alkohol og medikament. I tillegg har podkasten eit sterkt fokus på utsjånad.

Skal eg betale for at andre kosar seg med slikt

Men mine lisenspengar (skatt) skal ikkje gå til å kringkaste at Fetisha lar seg «rundpule» av tilfeldige personar på byen, eller stimulere til «dickpics», som er eit samfunnsproblem for mange. Heller ikkje utsegn av Sophie Elise, om at bruk av kondom er «fette nørd» Organisasjonar bruker fleire millionar på kampanjar mot seksuelt overførbar smitte, nettopp for å nå denne målgruppa. Då hjelper det lite med slike lite gjennomtenkte kommentarar.

Min sympati er hjå dei som har latt seg påverke av slike podkastar /bloggar. Og til dei som kavar med psykiske/fysiske problem i etterkant. Fordi dei har latt seg villeie til å tru at dette er ein fasit på livet, som dei skal leve etter. Slik sett burde mange podkastar ha ei åtvaring, «berre til internt bruk, og ikkje til etterfølging». Dette er nok ein av dei. Det å ta i bruk ordet forbilde i slike samanhengar gir ikkje noko fornuft, da det avheng av kven du spør, til kva tid. Men det hadde gjort det lettare om vedkommande som blei sett på som eit forbilde var det heile tida og ikkje kunne fristille seg sjølv periodevis for å dra på byen å misjonere at «Livet blir cirka ein milliard gonger morosamare når man berre gir f …»

Kva tenkte NRK på

Det er tydeleg at NRK har blitt overraska av fleire ting i denne prosessen. Som talet på klagar til Kringkastingsrådet som er over 4000. I tillegg, skvisen som NRK som redaksjonell uavhengig kanal settast i, når Sophie samtidig promoterer sine egne produkt. Undersøkingar viser faktisk at influensarar som promoterer produkt fører til kjøp hos 40 % hos gutar og 49 % hos jenter. For meg verkar det noko underleg at dette skulle kome så overraskande på NRK då bedrifta Sophie Elise er den tredje største i dette segmentet med omsyn til omsetnad. Ein kan no lure om grådigheita har tatt overhand hjå statskanalen og at dei har stukke handa vel langt ned i den kommersielle godteposen i sin iver i å sikre seg nokre godbetar.

I Debatten med Solvang møtte NRK kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen, som vart fillerista av Solvang og var klar på at det måtte skje ei endring. Kva endringa skulle gå ut på, var meir uklart, men det blir ein oppvask. Så står det igjen og sjå om det blir exit.

Exit blei til slutt resultatet. Ein ende på eit i utgangspunktet håplaust partnarskap.

Vi bryr oss lite

Eg kjenner på meg, at eg blir mødd av å skrive om denne saka, så kvifor skal eg bry meg? Er det mitt ansvar? I Norge har vi ca. 2.5 mill. private husstandar. Då er ikkje 4000 klagar så mykje. Så let vi med ein gong slå fast. Vi bryr oss lite. Akkurat som podkasten til Sophie og Fetisha.

Mi bestemor hadde nok sagt «Etter dette må du vaske munnen din.» Det skal eg gjere. Og eg lovar å ikkje svelge.