Overgangen til ungdomsskulen var ikkje knirkefri, men er den eigentleg det for dei fleste? Det gjekk seg overraskande fort til og han fant sin plass etter kvart. Han hang med fagleg og gjorde det til og med godt i fleire fag.

Uroa brer seg i heimen, men vi tenker at dette må jo ordne seg på eitt vis.

Vi inngjekk avtale om påskjønning for karakter 4 eller meir på prøver og angra innimellom på det då det viste seg å vere svært lønnsamt for guten sin del. At han slit sosialt vart stadig meir tydeleg, men dette førte aldri til skulevegring eller andre negative konsekvensar. Då tema vart vidaregåande skule var lærarar tydelege på at det ikkje var grunnlag for å søke på særskilt grunnlag, han hadde for gode evner til det…

Skulle ikkje vere ei hindring

Retning og mål har vore klart sidan han lærte å snakke. Det er berre store køyretøy som er interessante og som for han har vore aktuelt som framtidig yrke. Yrkesfag innan transport og logistikk vart vegen å gå. Han fekk stadig skryt av lærarar i dei praktiske faga, men sleit litt meir i teorifaga. Han fullførte likevel og bestod VG2.

Samtidig vart han greia ut for tredje gong ved BUP fordi han sosialt sett skilde seg meir og meir frå jamaldrande og fordi han ut frå alder viste seg å slite med endringar i vante rutinar, ferdigheiter osv.

Som mor hadde eg tenkt at han var innan autismespekteret sidan førskolealder og no vart dette bekrefta av fagfolk. Det var altså ikkje berre ADHD, men ein tilleggsvanske som gav ny forståing for alle utfordringar som har vore opp igjennom heile oppveksten. Ingen verken ved skule, BUP eller fastlege gav uttrykk for at dette skulle vere ei hindring vidare.

Kjøpte bil for eigne pengar

Han sto på vidare og fekk som første i kullet ordna med lærlingplass i transportfirma. Han søkte også sommarjobb i same firma og fekk jobbe der i to månader før lærlingtida starta. Det å få jobbe, tene pengar, vere likemann og ikkje minst det å vere i eit sosialt fellesskap der hans interesse ikkje var sært eller rart, gjorde at guten endra seg.

Han vart gladare, meir sosial også utanom jobb og kommuniserte meir og betre enn tidlegare. Han tok førarkort utan vanskar, trengde rett nok helseattest men dette gjekk i orden. BUP gjorde vurderinga om at det ikkje var noko som tilsa at han ikkje fylte krava til førarkort.

Han kjøpte seg bil for egne pengar og livet fekk ein ny dimensjon. Han kom seg ut frå heimen, nyt lange kjøreturar aleine, ergrar seg over høge drivstoffprisar og bidrar som sjåfør for veslebror. Tida for å reise til Kristiansund nærma seg. Der skulle han frå. 8. januar og fem månader framover ta førarkort klasse 2 som del av lærlingløpet. Han ordna sjølv med hybel, depositum, søkte om stipend osv. Ordna også med synstest og bestilte seg legetime for ny helseattest for førarkort klasse 2.

Plutseleg kontrabeskjed

Fredag 22. desember kom beskjeden. Fastlege trengde at BUP uttaler seg på nytt om saka, men fastlegen får ikkje svar med BUP og det er ikkje sikkert dette ordnar seg.

Uroa brer seg i heimen, men vi tenker at dette må jo ordne seg på eitt vis. Autisme er då ikkje farleg eller? Etter nyttår er det berre ei veke å ordne opp på. Om dette ikkje går i orden mister han skuleplassen og da mister han også lærlingplassen.

Telefonar til BUP der ein ikkje får svar, ikkje blir ringt opp att, meldingar til fastlege som ikkje fører fram, kontakt til Medi3 og privatpraktiserande som ikkje kan hjelpe. Alle seier dei er lei seg, men ikkje lei seg nok til å gjere ei hastevurdering.

Alle konkluderer med at sidan han er over 18 år og dessutan avslutta på BUP, så må han henvisast til vaksenpsykiatrisk poliklinikk for ny vurdering der. Der er det som kjent lange ventelister, så vi innser at dette ikkje ordnar seg i tide. Han står utan eit tilbod frå 8. januar.

Vi må då gå den tunge vegen å informere skulen, arbeidsgivar, Lånekassen og hybelverten.

Skulle vere ei solskinshistorie

Dette skulle vere ei solskinshistorie om ein gut som har kjempa og stått på og klart seg godt nok til trass for sine utfordringar. Han skulle få seg ei utdanning og ein jobb som han trivest med, og som gav meining og glede for han. Der var ikkje ein alternativ veg. No er det igjen fagfolk som stikk kjeppar i hjula. Frykta er at dette var den moglegheita han hadde for å verte sjølvstendig og ikkje ufør og avhengig av hjelp. Er det verkeleg slik reglane er? Blir diagnose ei hindring?

Om han ikkje var greia ut, men berre var ein litt sær ungdom med stor interesse for bil, ville han da blitt stoppa? Er draumen hans verkeleg i ferd med å bli knust?

Sjølv om han skulle bli «godkjent» av ein psykiater i løpet av det neste året så har han då framleis mista skule og lærlingplassen, lønn, depositum og husleige. Vil nokon ta ansvar for dette?

Korleis skal ein forklare dette til ein 18-åring som er pliktoppfyllande, hardtarbeidande og berre har fått gode tilbakemeldingar på jobben han har gjort? Alle er lei seg seier dei og kastar ansvaret fram og tilbake seg imellom. Frustrasjon, sinne og sorg over at dette enda slik. Kan nokon svare oss?