Det gjeld ikkje berre ferjer. Kystrute-skip har det på same viset. Så får vi det vi betaler for, og operatørselskapa sit att med stor profitt etter anbod i samferdselsnæringa.

Eg har før kritisert den skrantande kvaliteten som eg kunne sjå om bord på Havila Kystruten sitt russisk-eigde skip MS «Havila Capella»; bygd i Türkiye – Tyrkia. Og eg spurte den gongen kva for feil og manglar ein passasjer ikkje oppdagar.

No har eg oppdaga feil og manglar om bord på ei nybygd ferje frå Tyrkia, og eg spør kva for feil og manglar eg ikkje kunne sjå. Kvifor må desse ferjene så ofte på verkstad?

Ferja var den flunkande nye Hammerfest-registrerte MS «Malmefjord» frå det kinesiskeigde reiarlaget Boreal med norsk hovudkontor i Stavanger. Ferja går på sambandet Molde-Vestnes saman med søsterskipa «Tomrefjord» og «Vestrefjord». Alle tre levert frå Tyrkia etter at Boreal tok over sambandet frå Fjord1.

Eg kom frå do og meldte til kjerringa at det må ha vore mange griskallar der før meg, for det stinka av piss der inne. «Det gjorde det der eg var òg», svarte ho. Merkeleg om det hadde vore mange griskallar på hennar do. I tillegg fungerte ikkje handtørkaren, og vasstrålen i vasken var som frå ein dropeteljar.

Eg gjekk til kafédisken for å klage. Der var samtidig ein av dekksmannskapet, og han ville vite kva det gjaldt. Det fekk han vite, og ikkje noko av det var nytt for han. Han var i utgangspunktet mest opptatt av at eg måtte klage «oppover» i reiarlaget. Om bord hadde dei klaga mange gongar på det same som meg – og meir til, men utan i bli høyrd. «Sjefane bryr seg ikkje», sa han. «Dei er berre ute etter å tene pengar.»

Så viste han meg fleire detaljar inne på den same doen eg hadde vore på, og den som kjerringa hadde vore på. Då oppdaga eg ein sluk i golvet som minte meg om den eg hadde opplevd nokre veker før om bord på MS «Havila Capella» – båten med eigen tyrkisk røyrleggjar på garantioppdrag for det tyrkiske verftet.

«Byggematerialet her er av ein kvalitet som er slik at det er ikkje råd å halde reint», fortalde mannen. «Men det meste av lukta her er kloakklukt som kjem av at det ikkje er vasslås i avløpsrøyra», la han til.

Slukane som eg såg i dørken på bada om bord på «Havila Capella» tok ikkje unna dusj-vatnet. Slukane hadde ein konstruksjon som vi ikkje finn i butikk eller hos leverandør i Norge; trong overgang og smekker dimensjon – og på same viset med resten av røyropplegget om bord.

På den større kystrute-båten hadde verftet sendt med sin eigen røyrleggjar, men stakkar «Varmt og kaldt», som dei kalla han for der om bord, han kom aldri i hamn med alle reparasjonane. På Boreal sine ferjer har dei ikkje eigen tyrkisk røyrleggjar om bord. Her slit mannskapet med alle feil og manglar, og passasjerane merker berre litt av problema – så lenge ferjene går.

Og går, det gjer ikkje alltid desse billig-ferjene. Oftare og oftare kjem nyheitene om innstilte ferjer i sambandet Molde – Vestnes. Då er det meir enn dårleg avløp og piss-lukt som har stoppa ferja og ført til ferjekaos. Då er det oftast snakk om motorhavari og driftsstans.

Matrosen på ferja var irritert, og eg forstod han godt. Han hadde lang ferje-erfaring. Han hadde vore på ferjer i MRF – Møre og Romsdal fylkesbåtar i Molde – som seinare blei fusjonert og forsvann med Fjord1 i Florø. Han hadde gått gradene nedover; frå MRF, til Fjord1 og no Boreal. Kvar gong med dårlegare vilkår for tilsette, og dårlegare kvalitet for passasjerane. La meg legge til at Fjord1 no er eigd av same reiar som Havila Kystruten; sunnmøringen og KrF-politikaren Per Sævik.

Kven som eig reiarlaget Boreal, som no har konsesjon på ferjeruta Molde – Vestnes, er ikkje lett å gjere greie for. Det står Hammerfest på båtane. Det er eg redd for er mest som eit proforma adresse i eit skatteparadis. Det er mykje å spare på redusert arbeidsgjevaravgift i Finnmark. Det norske hovudkontoret ligg i Stavanger. Dei tar ikkje telefonen når du treng dei. Eigarane kan vere i Nederland og i Hongkong.

Statens vegvesen sparte sikkert pengar på anbodet til Boreal frå siste årsskiftet, og Boreal sparte sikkert pengar på å bygge nye ferjer i Tyrkia. Staten sparte pengar, og Boreal tente pengar. Skipsverft rundt omkring tener nokre kroner på å reparere dårleg skip. Men dei får ikkje bygge nye, og då spørst det kor lenge dei overlever. Betyr det forresten så mykje? Hadde norske verft bygd ferjene så kunne det ha blitt betre ferjer, men bygd av arbeidsfolk frå t.d. Romania – delvis i Romania. Ferjer med skrog bygd i Romania og utrusta i Norge – av arbeidsfolk som pendlar frå andre land.

Kven er det om tener pengar på at vi reiser i stram pisslukt og stilleståande dusjvatn om bord på billige og dårlege båtar som norske skipsverft taper konkurransen om å få lov å byggje – når båtane ikkje ligg på verft med driftsstans?