Sunnmørsposten skreiv 1. februar om aleineforsørgar Malena S. Malakzadeh som slit med å få kvardagen til å gå opp som lokalpolitikar. Ho søkte difor om fritak frå vervet som kommunestyremedlem. Det avslo Formannskapet.

Kommunedirektøren tilrådde at søknaden hennar måtte bli avvist, og viste til at reglane i kommunelova er strenge.

Eg meiner at det ikkje er fritaksreglane som er problemet, men kommunane sjølve som ofte legg opp til møteverksemd tilpassa godt vaksne, med fleksibilitet både på jobb og heime.

Møre og Romsdal fylkeskommune la i januar fram statistikk som syner at det er færre kvinnelege politikarar i fylket enn i resten av landet, og at eldre menn er overrepresenterte i kommunestyra. Det er òg ein tendens til at kvinner vert verande kortare i politikken, og det er jamt over vanskeleg å rekruttere unge.

Eg er glad for alle som engasjerer seg politisk, uavhengig av kjønn og alder, men trur politikken blir betre av å vere mest mogleg representativ og inkluderande.

Kommunelova er streng, med god grunn. Det er vanleg å seie at den som søker tillit frå veljarane og kjem inn i kommunestyret inngår ein fireårig kontrakt med veljarane. Ein har difor plikt til både å ta mot valet og å delta i møte. Det skal mykje til for å få fritak, og kommunedirektøren i Ålesund har etter mitt syn tolka den snevre fritaksregelen rett i denne konkrete saka, jamfør kommunelova § 7–9 andre avsnitt.

Veljarane skal kunne stole på at den kandidaten dei røystar inn i kommunestyret blir der og kjempar for dei sakene han eller ho har gått til val på. Fritak skal vere ein sikkerheitsventil ved alvorleg sjukdom, flytting ut av kommunen, eller andre spesielle tilhøve som ikkje var kjende då kandidaten stilte til val og fører til vesentleg ulempe for ivaretakinga av det folkevalde vervet.

Det ligg difor til den enkelte å vurdere nøye om det er mogleg å kombinere livssituasjonen med folkevalde oppgåver før ein takkar ja til å stille til val. Og det er her kommunestyra sjølve kan ta grep, slik at folk stiller til val og vert verande i meir enn éin periode.

Å vise til at ein har ordningar for barnepass, slik kommunedirektøren i Ålesund gjer, vert for lettvint, og plasserer ansvaret på den enkelte framfor å adressere det som er eit strukturelt problem. Eg har tre forslag til ein meir inkluderande lokalpolitikk, som fleire enn Ålesund bør vurdere:

1. Kortare møte. Møta bør skje på dagtid. Betre og strammare møteleiing vil hjelpe på slik at folk kjem seg heim før det vert mørkt. Dette gjeld også for partia, ikkje alle har moglegheit til å prioritere lange partimøte på kveldstid sjølv om det er kjekt med kaffi og kake.

2. Mindre sakspapir. Kommunepolitikken er notorisk kjend for dokumentbunkar som tek nattesøvnen frå folk. Det er det ikkje tid til å lese mellom bleieskift, middag og fotballtrening.

Administrasjonen pliktar å legge til rette for politikarane, det betyr ikkje mest mogleg sakspapir. Hjelp i staden politikarane med å navigere i saka, skriv korte og pedagogiske saksutgreiingar som fokuserer på dei politiske prioriteringane som skal gjerast. Resten kan vere vedlegg.

3. Skikkeleg opplæring og høgt under taket. Nye folkevalde må få ordentleg opplæring. Kommunestyret har ansvaret for dette, men mi erfaring er at partia òg har mykje å gå på. Gje nye folkevalde ein fadder, følg dei opp gjennom heile perioden og ta omsyn til at folk er i ulike livsfasar.

Ver rause med dei som er nye, dropp hersketeknikkar og omtal kvarandre med respekt. Lokalpolitikk er dugnadsarbeid, og ingen gidd å vere med om dei berre får kjeft.

Det gjeld forresten deg i kommentarfeltet også.