Eg er fødd i 1951 og har vakse opp ved ein heilt vanleg vestlandsfjord. I oppveksten var fisk den vanlegaste middagsmaten som familiane henta sjølve frå fjorden.

Heimefiske

Far var siste båtbyggjaren for klinkerbåt inst i fjorden. Vi brukte dermed lokale båtar til heimefiske og eiga landsnot – etter at fellesnotlaget kasta siste gong i 1963. Det blir kalla å ha «fiskeblod i årane» – og det gjorde vondt for ein 10-åring å sjå på fyrstegongs nedfisking av fjorden frå tunet heime. Det sit i enno.

Eg har budd i byen og «på landet» – er utdanna vedlikehalds-mekanikar – og har fått praktisere montering, service, vedlikehald, reparasjonar og sal av desse tenestene for køyretøy, arbeidsmaskiner og båt, for framdrift og hydraulikk. Og eg fekk æra av å undervise i same fag i VG skule i 16 år tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune. Dermed 60 års opplæring i næringsdrift i full breidd i dette mangearta fylket vårt.

Det gjorde vondt for ein 10-åring å sjå på fyrstegongs nedfisking av fjorden frå tunet heime. Det sit i enno.

Andregongs nedfisking

Ved J-melding J-169-2017 frå Fiskeridirektøren – oppheving av lysforbod i kombinasjon med snurpenot – var andre gongs nedfisking av fjordar og grunne område i Møre og Romsdal i gang. Og no vart det dugnadsarbeid for innsamling av informasjon for å motverke dette «spinnville» tiltaket – å fiske ut beredskapsmaten i fjordane på nytt – med grense til ein nasjon i krig i nord. Vi er i fellesskap «spikande galne» som held oss med forvaltarar som tillèt slike tiltak.

Fiskeridirektøren har oppgåva å regulere etter desse punkta: 1. Lokale fiskepopulasjonar skal vere i god stand. 2. Yrkesfiskarane skal få praktisere så fritt fiske som råd er. 3. Fiske til eiga hushaldning for fastbuande. 4. Fritidsfiske/turistfiske om det er forsvarleg.

Løysing: Forby bruk av lys ved notbruk. Snurpenota må aldri meir nå i botn ved kast. Forby jakt/fisking på stor mor-fisk.

Tidlegare reguleringar

Tidlegare reguleringar for endra fiskebestandar over tid var eit grunnlag for vidare regulering:

Notfisket har hatt reguleringar frå rundt 1930. Der var ikkje kjøparar utanfor landegrensene grunna dårleg økonomi etter første verdskrig. I 1937 vart ei regulering oppheva – at ein berre fekk ha ein motor i kvart notlag. Friare motoromsetning auka fangstkapasiteten. Så kom andre verdskrig og silda i havet fekk fred i fem år.

Lokal kyst- og fjordfisk er beredskapsmat for krisetider og blei brukt i 1940–1945 saman med mat frå jordbruket. Få fiskarar, forståeleg nok grunna ubåtfare, var ut om øyane og havgåande båtar vart rekvirerte av okkupasjonsmakta.

1945: Ein byggjer fangstkapasitet på harde livet.

1950: Fjord-snurpenota 40 m/20 famnar djup, hav-snurpenota 110 m/60 famnar djup. Fri lysmengde. Ekkoloddet brukbart–vart heile tida forbetra.

«Havet blir aldri tomt»

Fiskeridirektoratet sine forskarar–seinare Havforskingsinstituttet (HI) sa: «Fisk. Havet blir aldri tomt». Så kollapsa sildepopulasjonane i Nordsjøen og hav-snurpenøtene gjekk inn i fjordane for å berge inntekta.

1957: Fiskeridirektøren oppretta J-meldingar–etter 2005 heiter denne sida J-meldingar–oppe til høgre her er «Gamle J-meldingar» frå før 2005–og her ligg regulerings-historia i fiskeria.

Etter 1957 kom desse reguleringane i skriftleg form etter nedfisking av silda i Nordsjøen. Havsnurparane gjekk inn i fjordane med sine havnøter–60 famnar/110 m djupe–for å berge inntekta. Frå før hadde fjordane mange landnøter og eit aukande tal snurpenøter på 20 famnar/rundt 40 m djupne. Det var god kapasitet til å ta ut tilgjengelege mengder kyst- og fjordsild i fornuftige mengder. Altså dei heilårlege stammene/populasjonane av sild, sil og brisling.

1960: Ein prøvar ein å berge silda for utrydding i havet og i fjordane. Og lukkast i havet og mykje av kyst og fjord. Men det var tidkrevjande.

I 1963 avvikla mange fjordnotlag drift. Lokal kyst- og fjordsild i lønsam mengde var utfiska. I overdriven optimisme vart landnøter drivne som ein- og tomanns-lag.

1964, J-884/64: Lys vart regulert til lysmengde 15 kW glødelampe med salt-matt aluminiumsskjerm, og med spesifisert avstand mellom lysbåtane. Framleis for hardt lokalt fiske.

Lysforbod i heile fylket

1973, J-370/73: Lysforbod heile fylket–med unntak for brisling i kort periode. No tok lokale fiskestammer seg sakte opp att i grunne fjordbotnar. 20 år til dagens lovlege størrelse for botnfisk. Sildesortane var ikkje skikkeleg oppe ved ny utfisking med grunn at dei er mat til annan lokal fisk.

1980: Fiskeridirektoratet set krav om årleg minsteinntekt for landsnot-fiskarar for oppføring i fiskarmanntalet. I og med at sild og makrell ikkje går årleg på alle fjordar datt landnøtene/smånøtene fort ut. På ukjent årstal for meg kom og krav om minste-djupne på not for lovleg bruk i profesjonelt fiske. Slik blir lovleg utfisking av lokale fiskebestandar til–mot betre vitande.

1988: Lysforbod ved bruk av snurpenot vart oppheva fylke for fylke–med unntak for Nordland, Troms og Finnmark. Den lokale silda–maten til andre lokale fiskeartar vart vekk. Ein registrerer endringar på ny med bortfall av kysttorsken og annan lokal botnfisk.

Ei ny katastrofe

2017, J-169-2017: Lysforbod ved bruk av snurpenot i Møre og Romsdal oppheva. Møre og Romsdal fiskarlag blir spurt om dette blir bra–dei fleste medlemer svarar at «dette blir for grov bunad å gå på fjordar og grunne område med» – men nokre kjem. Nok til at andre gongs nedfisking av lokal, heilårleg ståande sild. Ei ny katastrofe for fungerande fjordar i beredskapssamanheng. I tillegg veks oppdrettsbransjen fort.

2021. Lys-mengde-regulering blir borte. No er fjordfisket etter sild likt med regulering 1963 i lysregulering og notdjupne, som dei tidlegare havsnurpene. Fiskeridirektoratet er sikker på at ein berre skal regulere uttak av sild etter genar–ikkje etter heilårleg ståande populasjonar–den tidlegare tolkinga av lokal fisk/sild er ikkje brukbar lenger–kunnskapslaust og meiningslaust.

2024: Kvar generasjon må få gjere opp att gamle feil og kalle det ny kunnskap. Fiskeridirektoratet gjer all fisken i fjordane til fritt vilt for yrkesfiske. Kva med den andre likeverdige oppgåva: å ta vare på lokale fiskebestandar som beredskap for krisetid?

Trist, vi veit betre!