Aalesund Museum anmelder Viti for å ha stole kulturarven. Det er ei alvorleg sak å skulde ein vitskapleg kulturinstitusjon for å vere kriminelle – og det er ekstra grovt å skulde tilsette i Viti for å bryte lova.

Det er vanskeleg å forstå kva styret i Aalesunds Museum ynskjer å oppnå.

Dette er ein kronikk vi ikkje ynskte å skrive for debatten om museum burde ha handla om andre ting. Viti, kommune og fylkeskommune har fånyttes prøvd dialogvegen med eigarstyret ved Aalesunds Museum over langt tid. Etter artikkel på artikkel i avisene der tilsette i Viti vert utsette for alvorlege skuldingar og politianmeldelse utan å få kome tilstrekkeleg til orde, er det no rett at samfunnet får vite korleis eigaren av den største kulturhistoriske samlinga i fylket, Aalesunds Museum, held på.

Det er vel kjent at Viti har hatt forvaltningsansvar for samtlege gjenstandar for Aalesunds Museum i ei årrekkje. Dette tok slutt i fjor, då Aalesunds Museum braut med regionmuseet. Forvaltningsansvar betyr kort sagt å ta vare på gjenstandane. Hindre dei i å bli øydelagde, innhente informasjon og dokumentasjon – bevare det for dei som kjem etter oss. I Aalesunds Museum sine samlingar, finst gjenstandar som kjem heilt frå steinalderen og framover. Eit tidsspenn på fleire tusen år.

Gjenstandane i samlinga (spenner seg frå 1700 f.Kr og fram til i dag) er hovudsakleg av lær, papir, tre, metall inkludert gull, foto og ulike tekstilar. Nokre av gjenstandane er gamle og skjøre, nokre er så gamle at dei er verna av lov. Dei fleste må vernast for temperatursvingingar, lys, vernast mot brann, skadedyr, vatn, fukt, råte og ikkje minst tjuveri.

Å handtere desse gjenstandane krev fagutdanning og for enkelte gjenstandar er det ein stor og vanskeleg operasjon å flytte dei frå ein stad til ein annan.

Aalesunds Museum overlot i meir enn 15 år drifts- og forvaltingsansvaret til noverande Viti. Grunnen er enkel: Viti er ein profesjonell museumsinstitusjon med eit offentleg mandat, fagkompetanse og ikkje minst trygge magasin.

Oppbevaring av kulturarven, gjenstandar og arkiv, ved Aalesunds Museum, slik det såg ut i 2005 då noverande Viti tok over forvaltningsansvaret. Foto: Sunnmøre museum/Viti

Eigarstyret i Aalesunds Museum har opp gjennom åra vi hadde samarbeid, vore kontinuerleg orientert om gjenstandar som vert flytta til brann- og tjuverisikre magasin. Dette er referert i styreprotokollane og i årsrapportane til Aalesunds Museum, som eigarstyret har full tilgang til.

Å flytte gjenstandar mellom utstillingar og magasin – og frå gamle loft og kjellarar til magasin er kjernen i konservering og bevaring, kort og godt den daglege museumsdrifta. Aalesunds Museum har ingen magasin. Under perioden med samarbeidsavtale vart naturleg nok gjenstandar som skulle magasinerast flytta til nettopp magasinet i Borgundgavlen. Det var jo sjølve poenget med samarbeidsavtalen.

Dialogen med eigarstyret var aldri eit problem tidlegare. Eigarstyret har derimot vist takksemd for konserveringsjobben som tilsette i Viti har utført og vi har aldri motteke klagar på dette.

Då Aalesunds Museum og dagens eigarstyre braut med regionmuseet, ville dei hente gjenstandane sine. Vi overleverte skriftleg ei oversikt over samtlige gjenstandar Aalesunds Museum eig, med namn og nummer, fleire tusen gjenstandar. Eigarstyret ved Aalesunds Museum ville legge fram ein plan for uthenting seinast juni 2021, og dei har framleis ikkje levert verken planen eller henta ut gjenstandane. Gjenstandane kan hentast i dag – men Aalesunds Museum har ingen stad å gjere av dei, og difor hevdar dei at dei skal få bevare det dei vil – gratis i vårt magasin. Dette har Aalesunds Museum skrive brev om til fylkeskommunen, og fylkeskommunen har avvist at Aalesunds Museum har rett til å oppbevare gjenstandane gratis i Viti sine magasin – når dei ikkje deltek i museumsfellesskapen som Viti er. Samstundes som dei krev at vi skal gjere jobben med magasinering, meiner dei altså at vi nektar å gje frå oss gjenstandane. Det heng ganske enkelt ikkje på greip.

Å seie at Viti har stole kulturarven til Aalesunds Museum er ei grov historieforfalsking som ikkje kan bli ståande uimotsagt. Dei held byens borgarar for narr og det er berre trist at ein kan søkkje så djupt.

Tilsette ved dagens Viti har berga kulturarven til Aalesunds Museum. Dei siste åra har vi styrka innsatsen i samlingsforvaltninga betydeleg. Aalesunds Museum forvalta gjenstandane sjølv fram til 2005. Då noverande Viti kom inn som forvaltarar på Aalesunds Museum i 2005 var dette situasjonen: Vi fann gjenstandar ved Aalesunds Museum frå bronsealderen i søpla deira, skarpe våpen liggande på kontor, vi måtte hente ut båtar som var i ferd med å rotne, tekstilar som var skamferte med sprittusj og skjør kulturarv lagra i plastposar og banankasser ved fuktige naust, loft og kjellarar. Fotoarkivet, om lag 20 000 foto som var oppbevart i permar på eit overfylt og ulåst kontor. Skjørt arkivmateriale var oppbevart på eit toalett.

Vi har brukt enorme ressursar på å setje i stand gjenstandane, reinse dei, fjerne skadedyr, dokumentere dei, fotografere dei, hente inn informasjon og registrere dei i offentlege museumsregister og gjort gjenstandane tilgjengeleg for forskarar og publikum. Dette er arbeidsprosessar som tek lang tid. Vi var godt i gang med dette arbeidet for samlingane ved Aalesunds Museum då dei valde å bryte med regionmuseet, men vi rakk aldri å kome i mål. Difor står det framleis mykje ugjort arbeid att, for å sørge for at heile samlingane blir ivaretekne på ein god måte. Det er på tide no at folk på Sunnmøre får kunnskap om dette.

At Aalesunds Museum skuldar tilsette i Viti for å stele kulturarv, er ikkje greitt. Vi har bede dei kome og hente gjenstandane sine, og det vil vi legge til rette for. I staden driv dei ei svertekampanje mot Viti – som har fått eit oppdrag frå storsamfunnet om å verne om kulturarven.

Aalesunds Museum bør i staden sende ein takk for at Viti og våre tilsette har berga store deler av Sunnmøres kulturarv.

«Gullskatten» frå Laksefjord har ei veldig spesiell og interessant historie som funnobjekt, som det knyter seg stor usikkerheit til. Gjenstandane vart funne i Laksefjord i Lebesby kommune i Finnmark i 1929, seld til fiskeskipper Lars Ask frå Ålesund i 1930, og vidareseld til Aalesunds Museum i 1931. For lokalsamfunnet i Lebesby har dette lenge vore av interesse, og vi veit det har vore eit ønske å tilbakeføre desse objekta til Finnmark tidlegare. Dette spørsmålet har aldri vore reist i denne omgang, og det vil naturlegvis vere ei sak for eigarinstitusjonen Aalesunds Museum å avgjere. Dette er ikkje noko vi som hadde driftsansvar har verken blitt spurt om eller teke stilling til på noko tidspunkt. Objekta har imidlertid vore av interesse for folk på staden der dei vart funne, naturlegvis.

I 2019 tok dåverande kultursjef i Lebesby, Andreas Hoffmann, initiativ til ei grundigare undersøking av objekta. Han engasjerte arkeologen Frans-Arne Stylegar til å gjere vitskaplege undersøkingar: det vart gjort metallanalysar, historiografiske undersøkingar og komparativ analyse av funnet, også med tanke på internasjonale parallelle objekt. Stylegar sette saman kunnskapen ein no har om objekta til artikkelen «Laksefjord-funnet – gåtefullt, omstridt og enestående», publisert i tidsskriftet ved Universitetet i Tromsø, «Ottar», og ein kortare tekst vart publisert i Klassekampen.

Objekta vart henta ut til dette føremålet frå den dåverande plasseringa av den som hadde ansvaret, og dermed naturlegvis tilgang til alle stader det vart oppbevart gjenstandar den gongen, og trygt plassert i magasin. Dei fekk samtidig plassering i den beste delen av magasina, der klimatilhøva er svært gode og sikringa høg. Eigarstyret vart naturlegvis informert.

Alt som er gjort med desse og alle andre objekt i regi av Viti, er utelukkande gjort med ei solid fagleg vurdering i botn. Dette ønsker vi skal prege alt arbeidet vi gjer. Å sleppe til dei fremste fagfolka for å vurdere og analysere materiale vi ikkje sjølv har nok kompetanse på er ein naturleg del av dette, og samsvarer fullt ut med ein openheitskultur vi er avhengige av for å drive god forvaltning av kulturhistoria. Dette berikar objekta som objekt, og det er i tråd med god museumsskikk.

Dialog for å løyse konflikt har eigarstyret i Aalesund Museum vore avvisande til. Vår dør er framleis open.

Ein kan spørje seg kva som er motivet bak kampanjen til Aalesunds Museum.

Å verne om og bevare kulturarven for framtida er det i alle fall ikkje.