Det same gjeld vitskaplege publikasjonar. Dette er uttrykk for «anglomani», ei form for røyndomsfjern provinsialisme.

Det har vore ein mangelfullt handheva regel ved norske universitet og høgskolar at skal utlendingar få fast tilsetting i vitskaplege stillingar, skal dei i løpet av ei viss til – to eller tre år – ha lært seg norsk, slik at undervisning, deltaking i fagleg kommunikasjon med kollegaer og studentar kan skje på norsk. Tilsvarande gjeld administrativt arbeid.

Eitt unnatak

Dette kravet meiner eg skal handhevast strengt – med eitt unnatak: Er ein utanlandsk forskar på grunn av den spesielle kompetansen sin hyrt til ei rein forskarstilling, ville kravet vere urimeleg. Vedkommande skaper neppe problem ved å ikkje kunne norsk.

Er ein derimot tilsett i vitskapleg stilling ved universitet eller høgskole, har ein forskings-, undervisnings- og administrative plikter. Gitt at eit institutt har tjue vitskapleg tilsette, tre av dei engelskspråklege, resten norskspråklege. Det er ikkje krav om at dei skal lære norsk. Dei har heller ingen ambisjonar om det. I løpet av kort tid er instituttet delt i eit A- og B-lag. Dei tre utlendingane utgjer A-laget, resten av staben er B-laget. A-laget får dei attraktive undervisningsjobbane da dei lengst komne studentane meistrar fagets engelskspråklege terminologi og engelsk generelt betre enn nye studentar. Elementærundervisninga går til B-laget.

Kan gå ut over instituttet

Administrative plikter inneber at ein må ta del i komitear og utval, irekna institutt- og fakultetsråd. Er det rimeleg å krevje at dei norskspråkleg tilsette skal måtte lære seg engelsk administrasjonsspråk for at dei ikkje-norskspråkleg kompetente, dvs. ca. 1/7 av staben, skal kunne oppfylle pliktene sine? Tilsvarande gjeld dei administrativt tilsette: Saksdokument må omsettast til engelsk. Dette krev ekstraarbeid og kostar pengar.

Får A-laget dei mest interessante undervisningsoppgåvene, samtidig som dei slepper unna administrative plikter, vil dette nødvendigvis gå ut over instituttet. Kollegiale forhold blir øydelagde. Motivasjon for forsking og publisering spaknar. Ikkje berre instituttet, men universiteta/høgskolane vil tape på det.

Forsking byr ikkje på problem – anna enn at blir utlendingane fritatt for administrative plikter, må dei norskspråklege gjere arbeidet deira. Det svekker forskingsvilkåra for dei norskspråklege. Om ein publiserer på engelsk, er det i orden. Men fortrenger engelsk alle andre språk, isolerer akademia seg frå andre vitskaplege tradisjonar.

Overser det avgjerande

Kva om ein norskspråkleg tilsett ikkje berre publiserer, men insisterer på å publisere, på norsk? Ein kan ikkje per i dag forby det. Men det verkar som om det blir oppfatta som sand i maskineriet: Hugs, universitet og høgskolar tar del i ei internasjonal vitskapleg tevling. Du svekker institusjonen din sin status ved å ikkje publisere på engelsk!

Dei «anglomane» overser det avgjerande: Kvifor investerer Norge i universitet og høgskolar? Dette kostar årleg store summar. Svaret er opplagt: Eit land investerer i høgare utdanning primært for å utvikle, halde ved like, fornye og formidle nødvendige kunnskapar og kompetansar. Universitet og høgskolar er institusjonane som skal ta seg av dette. Gjennom internasjonalt samarbeid formidlar dei siste nytt frå forskingsfronten til eigne og andre lands forskarar. Dette skal gjere det mogleg å formidle dette til norske studentar, som ved å studere ulike emne/fag skal tileigne seg desse kunnskapane og kompetansane og bli i stand til å formidle dei vidare og omsette dei i praktisk arbeid av ymse slag.

Skal nødvendig kunnskap og kompetanse kunne omsettast i praktisk handling, og dét gjeld alle fag, er det nødvendig å utvikle, halde ved like og fornye eit nasjonalt fagspråk med røter i norsk daglegspråk, slik at kunnskapane og kompetansane ein har tileigna seg gjennom akademiske studium, lar seg formidle til andre og bli tatt i bruk til å løyse nødvendige oppgåver.

Intellektuell latskap

Studentane ein utdannar, skal ikkje primært utfalde seg på forskingsfronten. Dét er for dei få. Det store fleirtalet går etter studiet inn i funksjonar i samfunnet som krev at dei kan forklare det dei gjer og omsette det til praktiske arbeidsoppgåver andre utan same utdanning kan forstå og utføre.

Psykologen med eit fagleg vokabular pasienten ikkje skjønar, og som heller ikkje kan omsette det eller forklare ting på skjønleg norsk, er ei bortkasta investering. Dette gjeld ikkje berre psykologi. Det gjeld for all akademisk utdanning. Å orsake seg med at (nesten) alle lærebøker er på engelsk, er uttrykk for intellektuell latskap og provinsielt fjolleri.

Ei innvending er at norske studentar er flinke i engelsk. Det er dei ikkje. Dei er rimeleg gode i engelsk small talk. Akademisk engelsk meistrar dei ikkje. For om lag tjue år sidan klaga nokre studentar over at ein tekst dei las, var på engelsk. Eg bad dei skaffe seg ei ordbok og slå opp orda dei ikkje forstod. Etter andletsuttrykka å dømme var dette på line med ein dødsdom.

Øydelegg for seg sjølv

Eg har sete i mange hovudfags- og mastergrads-komitear. Fleire og fleire skriv avhandlingane på engelsk. Nokre få får A. Dei skriv god engelsk. Det store fleirtalet øydelegg for seg sjølv ved å skrive på eit språk dei ikkje meistrar – men som dei trur er nødvendig for å gjere det godt.

Universitet/høgskolar bør innføre eit semester der studentane lærar å skrive skikkeleg norsk. Med 50 års røynsle som sensor kan eg trygt seie at skrivekompetansen, særleg hos dei som kjem direkte frå vidaregåande skole, er dårleg. Skal dei få fagleg utbytte av arbeidet sitt, er det langt meir fornuftig at dei øver seg på å formulere fagleg forståing på skjønleg norsk enn hjelpelaus engelsk. Til dét krevst seriøst arbeid med norsk fagspråk, ikkje realitetsfjern ønskjetenking.