Etter 14 år med diagnosen prostatakreft må ein akseptere at livsforlengjande medisin ikkje lenger held sjukdommen stangen. Eg klagar ikkje. Legane si målsetjing er å gjere mine siste dagar så leveverdige som mogleg. Eg vil rose helsestellet i Sula for den oppfølging eg får.

Eg er fødd i Bibelbeltet. Den som hadde legning for kritisk tenking, var eit farleg trugsmål mot religiøse vedtekne sanningar. Stempelet «fritenkar» var eit sterkt skjellsord. Religiøs makt var tufta på redsel for dom og straff. Helvete med eld og svovel for dei mange, var konkret og forståeleg. Alt vondt kom frå Djevelen, men det var Gud som avgjorde kven som vart råka. Det vonde var difor Guds rettferdige straffedom.

Eg leita etter svar fyrst innanfor dei religiøse sanningane som rådde, men det var meir og meir som ikkje hang på greip.

Sju år gamal mista eg min yngre bror. Han hadde foreldre, sysken, besteforeldre og onkel rundt seg, og vi alle kjende det slik at nettopp vår synd var årsak til dette såre tapet. Dette gjorde meg sårbar. Eg leita etter svar fyrst innanfor dei religiøse sanningane som rådde, men det var meir og meir som ikkje hang på greip. Den tronge bobla eg levde i gav ikkje rom for logiske svar. Kravet var at ein skulle godta dei mest absurde og motstridande utsegn med påstanden om at «det berre var slik».

Det å ofre alt i misjonen si teneste, var det edlaste eit menneske kunne gjere. For å mildne mi synd var eg villig til å gå med loddbøker, og oppdraga strøymde inn. Eg har gjort mitt for å frelse jødar, samar, indarar, osv. Men eg fekk bittert lære at Gud ikkje gir ein liten tenar draghjelp, då vart det bråstopp.

Då eg var 12 år slutta eg i søndagsskule. Mor mi var lei seg, men der var noko der som gjorde meg direkte uvel. Ein del av tida var nytta til felles bøn. Ved slike høve stod der ein svær brande nede ved døra, og med høge sukk og utrop som heile forsamlinga høyrde, gjentok han opp att og opp att: «Herlege lammets blod som har vaska vekk alle mine synder!» osv.

Bror min var med meg i tanke og draum mange år etter at han gjekk bort. I draumen møtte eg han ofte og gjerne i Helvete. Det var redselen for Helvete som dominerte den religiøse aktiviteten den gong som no. Svovelpredikantar og andre lugubre vesen hadde gode tider. Det toppa seg ved at den konservative teologen Ole Hallesby vitja Langevåg kyrkje og ropte frå preikestolen «der borte (kyrkjegarden) ligg det mange som brenner i helvete nu i dag!» Mange av tilhøyrarane hadde nær slekt liggande der, men ikkje ein einaste ein tok ordet for å setje Hallesby på plass.

Under krigen var døden alltid nær. Eg spurde dei vaksne om kvar dei som vart drepne hamna, og fekk som svar at dei drog rett til himmelriket. Då ynskte eg at eg vart drepen. Å forkorte livet med nokre år her på jorda var smårusk mot sikker evig sæle.

Så lenge ein var saman med menneske frå same kulturelle bakgrunn, vart ikkje indoktrinerte oppfatningar sett på prøve. Eg gifta meg i kyrkja og døypte borna våre i kyrkja utan sterke motførestellingar, men då eg byrja å reise utanriks vart indoktrinerte livssyn møtt i døra. Det store trusskifte kom i 1974. Før det året stod eg opp og forsvarte staten Israel i tjukt og tynt, men andlet til andlet med apartheidstaten, ramla mine førestillingar saman som eit korthus. Eg kom til Israel som sionist, men drog derifrå som humanist. Særleg var møtet med kristne som helsa dommedag velkomen, og i si bøn og handling freista å framskunde katastrofen, eit sjokk. Jødar såg dei på som innsatsmiddel. Dei skulle ende alle som ein i Helvete som takk for innsatsen, men den vesle rettruande flokk skulle hentast til evig sæle. Eg har ikkje ord å setje på slik primitiv, sneversynt og botnlaus vondskap.

All framgang skuldast evne til å stille gode spørsmål som kan føre ein til gode svar. Mitt gode spørsmål dukka opp ein dag eg stod einsam på brua og let auga sveipe utover havet og horisonten: «Kan eit vesen som har evne, vett og forstand til å skape Universet og det som der er, ha så store mindreverdskompleks at han kan ha glede av å la 99,99 % av heile menneskeheita brenne i Helvete til evig tid?» Og fekk eit kort og kontant svar: «Nei!!» Etter den dagen har ikkje tanken på døden plaga meg eit sekund. Det er mi faste tru at det som ventar er Nirvana, evig svevn. Og den lagnaden er slett ikkje skremmande.

Framleis er det slik at det ikkje krevst eit minstemål av kunnskap, vett og forstand for å ha høve til å så øydeleggande religiøse førestillingar. Og som svovelpredikantar er det fritt fram til å manipulere sårbare menneske. Mange born/ungdom og menneske i ubalanse, strevar med vonde spørsmål og førestillingar arva med «morsmjølka». Alle vaksne har plikt til å ta søkjande born sine spørsmål på alvor, ikkje berre avfeie dei med påstandar slik som: «Slik er det berre!» For det er rein lygn og kan skade den umodne søkjande på verst tenkeleg vis.