Eg tenkte på alle desse fantastiske foreldra, og andre frivillige, som står på for å gje alle opplevinga av det beste Noreg har: Frivillig innsats, barn som går langt i tog på små fotar, demokrati, nestekjærleik og mengde med is.

Og bak alt dette, er der nokre heltar. Nokre som ser verdien av fellesskapet rundt barnet, og dei ser ikkje berre sitt barn, men ditt og mitt.

Dette er ein hyllest til deg som alltid stiller opp. For korpset. For handballen. For dugnaden i barnehagen. Du som baka den ekstra kaka til 17. mai kafeen, helt akutt. Fordi nokon har eit sjukt born eller er på reise den dagen, og slik ikkje kan eller vil levere den kaka- barnet deira skal jo trass alt ikkje vere med den dagen …(dei skal berre vere med på alle dei andre turane, som kafeen skal samle inntekt til).

Dette er ein takk til deg, som sikra at fana til barnehagen kom fram til toget. Du veit, du hadde i grunn ikkje ork til endå ein ting, du skal trass alt få på barn kler, barn som ikkje likar ull under finstasen. Berre det krevje tolmod på ein slik dag. Og at du sjølv rekke å gå ut døra med noko meir enn ei strømpebukse på og ein halv tyggispakke i lomma. Så skal du stresse til bussen, men du tok jaggu med deg fana, på nesten to meter, inn i bussen. Med barn på slep og alt. For nokon måtte jo gjere det og du sa «Ingen problem!» …(og med det, tok du ufrivillig på deg rolla som «dette mennesket tar ansvar, vi gir han alt ansvar» for resten av toget).

Vit at eg ser deg. Takk!

Og dette er ein hyllest til deg som alltid tar den ekstra runda i FAU, der andre foreldre ser blygt i golvet når nokon skal ta det loddet. Og dette tar du, sjølv om du har tatt ansvaret sida poden gjekk i barnehagen, og karriera di som dugnadshelt starta i et uorganisert SU. Du tar gjerne i tillegg på deg å lage klassefest, bli heiagjeng i tog, sommaravslutning og julegåva til lærarane.

Ein hyllest til deg som sel pølser i boda under cupen. Som tar med eiget vaffeljern i sekken og fyller literflasker med røre kvar helg. Ein takk til deg som fraktar dine, og andre sine barn til trening. Jobben din har blitt ein frivillig og ulønt taxisjåfør. Der du hentar barn og leverar dei, til døra helst, og bite i deg at andre foreldre nesten forventa dette av deg. (dei forventa gjerne at du syte for oppvarting og ei svele på ferja også).

Ein hjartelag og inderleg tusen takk!

Problemet er no at utan dykk, så kan mykje kollapse. For no, når barna mine har så vidt bikka over i skulealder, så ser eg mønsteret: – Den mora som alltid tar føringa og har gode idear, som hjelpe ekstra til, ho har alt 6 styreverv, 3 barn, og gjerne noko til- men er raus og har omsorg og innsats for fleire enn sine eigne. Pappaen som er trenar for fotballen, er også ein altmogleg-mann i korpset. Han er den du ringe om det er noko, uavhengig om det er nøklar, handling, rutinar eller om noko er gløymd. Han fiksar. Eg ser dykk. Steik, for ein innsats for barnet ditt, men også for mitt. Og takk på vegner av fellesskapet. Takk for at nokon orka å ta på seg meir enn dei bør, fordi andre ikkje kan eller vil.

Eg må lufte nokre tankar høgt, til deg som gjerne berre levera barnet ditt- og reise igjen. Til deg som ikkje orka, fordi du meina det er mas. Det er ok, fordi enn så lenge står ei anna mor eller far der, og tar bøygane, igjen og igjen. Som ofra meir av fritida si, enn dei fleste har gjort. Og eg seier det er ok, for no. Men til slutt stoppa det.

Ingen kan køyre ungen din til cup lenger. Ingen baka den kaka lenger. Inge foreldre stiller opp. Og det blir ikkje dugnadar, lotteri eller andre oppfinnsame måtar å finansiere drift av fritidstilbod. Fordi plutseleg er barna til disse dugnadsheltane vaksne. Og med eitt så forsvinne frivillighelten. Som også er FAU-representanten, kakebakaren, klassefestforelderen, initiativtigeren, trenaren og den personen som alltid stille opp, då forsvinne alle funksjonane samtidig. For det er slik det har blitt. Dei same foreldra går igjen og står på, overalt, for å dekke opp for dei som ikkje kan, eller vil. Og når desse forsvinn ut, er det ditt barn som skal ta over, men det blir ikkje råd om du ikkje viser eller har lært vidare verdien av frivillig innsats, og det å stille opp og «ta ein for laget».

Så ære vere frivilligheltane. Eg håpe dykk blir fleire ein dag, elles er eg redd dugnaden og den frivillige innsatsen dør ut. Og då får barn eit mykje fattigare kultur og fritidstilbod. Og ikkje minst eit mykje dyrare tilbod.

All ære til heltane som bidreg for fellesskapet rundt barna våre, tusen inderleg takk!

Me sjåast på neste dugnad.