Ein del av bakteppet er at den profilerte økonomiprofessoren og tidlegare statsråden, Victor Normann, har turnert land og strand og forkynt dommedag over Bygde-Norge. I foredraget sitt viser Victor Norman til to rapportar (NOU) som skildrar utviklingstrekk i norske landkommunar. Rapportane fortel om forgubbing og at bygdene tømest for folk i reproduktiv alder. Det er berre eit tidsspørsmål før «lysa vert sløkte», hevdar professoren. – Det einaste som kan stoppe ei slik avvikling er å få snudd flyttestraumen, men då må det bli like lett å flytte inn som å flytte ut av bygda.

Dommedagsprofetiane frå superøkonomen har fått andre rikskjendisar og til å vakne. Ein av dei er pensjonert generalløytnant i det norske forsvaret, Robert Mood. Han du har sett på TV, kledd i uniform med masse salatar på brystet. Han har mellom anna vore hærsjef og gjort teneste for Nato og FN i utlandet. I 2016 blei han tildelt Fritt Ords pris «for å ha vist stort ytringsmot i kritiske debattar om forsvaret si rolle i samfunnet».

Generalen er ekspert i kuler og krut, men denne gongen rettar han skytset mot sine eigne sivile styresmakter. I eit intervju med avisa Nationen fyrer han av ein kraftsalve mot det han meiner er alt for dårleg sivil beredskap.

– Forsvarspolitikk handlar om meir enn våpen, tordnar han. – Det handlar om menneske, om levande bygder og om mat. Det er mykje viktigare! Vår tryggleik startar i åkeren til bonden.

Dette er tonar vi har høyrd før. Ein annan tidlegare hærsjef, general Harald Sunde, uttalte nesten ordrett det same på ein beredskapskonferanse i Valldal for 4–5 år sidan. Dessverre ser det ut til at bekymringane til hærmakta har prella av på politikarane og byråkratane i Oslo gryta. Når dei same folka heller ikkje mister nattesøvnen av spådomane til Victor Norman, ligg det nær å konkludere at politikarkorpset har abdisert.

Ein som ikkje har gitt opp, er Reidar Almås. Han og professor med bygdeforsking som spesialområde. Han meiner å ha funne medisinen som kan puste nytt liv i Bygde-Norge.

Almås tek utgangspunkt i at ordet «småbruk» lenge har toppa Finn.no si liste over dei mest søkte eigedomane. Så stiller han det retoriske spørsmålet, om ikkje landbruket og bygdene bør produsere «småbruk», når det er småbruk folk vil ha?

Kvar gong slike eigedomar kjem på sal, er det ein liten hær av unge folk som møter på visning, fortel han. Kvifor det? Jau, i tillegg til ein heim med romsleg areal rundt, er mange unge familiar i byen ute etter ein plass der dei kan utfalde seg i naturen, dyrke litt jord, lage hagar og halde dyr som t.d. hest og høner.

Småbruket tilfredsstiller behov for å halde på med noko meiningsfylt etter arbeidstid, og etter avslutta yrkesliv.

Dersom ein opnar for at landbruket skal «produsere småbruk» for sal til byfolk, må ein først definere kva ein meiner med eit småbruk, seier Almås. ’

– I dag er småbruket eit «levebrøds-bruk», dvs. ei bedrift som vert driven meir eller mindre på fritida, og der familien hentar ein del av inntekt.

Men tida er i ferd med å renne ut for denne kombinasjonen, meiner forskaren.

Dei unge i dag finn seg ikkje i dobbeltarbeid, og dei er heller ikkje økonomisk avhengig av det. Det betyr at dei fleste etter kvart avviklar og flytter ut. Denne prosessen er i full gang. Kvar dag vert 1–2 gardsbruk lagde ned. Trenden går mot færre og større einingar.

Neste steg i prosessen er, at jordvegen vert leigd ut til naboar og at bustadhusa vert feriebustad for familien. Ein slik praksis fører til at ein stadig større del av jorda vert leigejord. Prosenten nærmar seg allereie 50, noko som betyr at norske bønder er i ferd med å bli leiglendingar.

Professor Almås sin kongstanke er, at den jorda som i dag vert leigd bort til naboar, heller bør bli frådelt og seld til naboane. Til dei som vil drive proft som fulltidsbønder med bruk av det nyaste av tilgjengeleg teknologi. Så kan hus og skrapmark, som er vanskeleg å mekanisere, bli skilt ut frå hovudbruket og få eit eige matrikkelnummer.

Gitt at den «nye eigedomen» er så liten at den ikkje treng konsesjon, kan den seljast i den frie marknaden.

Seljaren på sin side, kan så raskt realisere verdiar som i dag ligg brakke og kastar lite av seg. Altså fordeler for alle partar. Den største fordelen er at det vert liv i bygda – fleire folk – unge familiar!

Men, ingen tre veks inn i himmelen – ei heller ei såpass radikal reform. Utan pålagt buplikt kan slike hobbybruk fort ende opp som fritidseigedomar. Difor må det vere eit ufråvikeleg krav, at det i eit eventuelt regelverk vert baka inn klausular om buplikt.

For mange er tankane til Almås ein brannfakkel. Verre enn å banne i kyrkja!

For andre frigjerande og framtidsretta.

Kva er gale ved å overlate rydding av kulturlandskap, vedlikehald av kulturminne, rydding av råser etc. til den hyggelege hobbybonden som er komen til bygda? Oppgåver som elles ikkje blir utførte viss bygda sloknar.

Den same hobbybonden vil dessutan halde jord og kunnskap i hevd på sin hageflekk. På den måten vert hobbybonden ein garantist for levande bygder. I tillegg vil han representere ein produksjonsreserve som finst i alle krokar av landet den dagen grensene vert stengde for matimport.

Eg synest dette er ein spennande ide. Så viktig at vi bør tørre å ta debatten. Dette kan vere eit columbi egg for å redde bygda! Men før det kan bli ei reform, må ideen testast ut gjennom pilotar og eventuelt eit frikommuneforsøk, meiner Almås.

Og til deg, som alt no har fått piggane ut, hugs at det er ikkje primært bonden si framtid dette handlar om. Det handlar om korleis dette vakre landet vårt skal sjå ut om ein generasjon eller to, og kor trygt og triveleg vi kan ha det i ei uroleg verd.