Den anerkjende barnelegen Dr. Hillary Cass vart av britiske helsemyndigheiter i 2020 gitt i oppdrag å undersøke det vitskaplege grunnlaget for behandlingspraksisen ved Tavistock`s genderklinikk i London.

Bakgrunnen for dette var ei rettssak (Tavistock vs. Bell) der klinikken tapte overfor Keira Bell, ein tidlegare pasient som angra på medisinsk behandling. Bell hadde gjennomgått sokalla «kjønnsbekreftande» behandling utan at prinsippet om informert samtykke var varetatt.

Den 10. april i år publiserte Cass sin omfattande rapport om kjønnsbehandlingsfeltet i Storbritannia.

Dette er den mest omfattande og grundige rapporten nokon gong gjort på dette feltet.

Den har vekt stor interesse internasjonalt. Den vil garantert i mange år framover (i alle vestlege land) bli brukt som referanse i debatten om beste behandling og organisering av behandlingstilbodet for barn, tenåringar og unge vaksne.

I England så markerer Cass-rapporten slutten på ei periode dominert av ein medikalisert tilnærming når det gjeld behandling av barn og unge med kjønnsrelaterte utfordringar.

Denne tilnærming er omtala som «gender-affirming care». Behandlinga er styrt av at behandlaren aksepterer pasienten sin sjølvdefinering av identitet «på face value», og bidra til at pasienten får sitt ønske om «kjønnsskifte» oppfylt i så tidleg alder som mogleg. Noko som skjer gjennom medisinsk behandling i form av pubertetsblokkerar, cross-sex hormon og kirurgiske inngrep.

I rapporten slår Cass fast at «the affirmative model» ikkje er fundert på vitskap, men på ideologi. Ho har funne at vi i dag ikkje har tilstrekkeleg forskingsbasert kunnskap om effekten av behandlinga, og at vi manglar forsking på dei langsiktige konsekvensane på både det fysiske og psykiske området.

Ho karakteriserer debatten om behandlingsmetodar som giftig og avgrensande på diskusjonen, og er svært tydeleg og kritisk til at barn og unge med kjønnsrelatert disstress er svikta når det gjeld deira behandlingsbehov.

Dei britiske helsemyndigheitene har tatt Cass-rapporten på største alvor.

Det er no bestemt at behandling av barn under 18 år ikkje lenger skal vere basert på «the gender affirming model».

Unge med kjønnsrelatert distress skal behandlast som andre unge som strever med utviklingsmessige utfordringar og ikkje lenger i eigne genderklinikkar: det betyr i den etablerte barne- og ungdomspsykiatrien og etter mønster av ein holistisk behandlingstilnærming.

Den norske behandlingsretningslinja frå 2020

I Cass-rapporten blir den norske behandlingsretningslinja frå 2020 omtala som ei retningslinje med gode intensjonar (ut frå eit rettigheitsperspektiv), men som ullen, uklar og aktiviststyrt.

Til skilnad for praksisen i fleire land i Europa, er det i Norge ikkje krav om psykologisk/ psykiatrisk utgreiing når unge slit med kjønnsrelatert distress. Vår behandlingsretningslinje gir dermed støtte til praksisen med sjølvidentifisering og sjølvdiagnostisering, også når det gjeld behandling av mindreårige.

Dette inneber fremming av den affirmative behandlingsmodellen som blir totalt forkasta i Cass-rapporten.

Vår norske retningslinje er tidlegare av eit statleg oppnemnt organ (UKOM) blitt kritisert ut frå eit pasientsikkerheitsperspektiv. UKOM har gitt klar tilråding om ein revidering av retningslinja i tråd med praksisen i våre naboland Sverige, Finland og no i Storbritannia.

Denne revideringa skal vere sett i gang ifl. Helsedirektoratet. Det er uvisst om når resultatet blir presentert.

Vil Cass-rapporten få konsekvensar for behandlingstilbodet her i landet?

Helsedirektoratet gav i arbeidet med utforming av vår behandlingsretningslinje føringa til transaktivistar leia av Espen Esther Pirelli Benestad.

Benestad, som i dag har mista legelisensen på grunn av uforsvarleg praksis, har fungert som fagleg leiar for Helsestasjon for kjønn og seksualitet i Oslo (HKS), i dag representert ved avdelingsleiar Ingunn Wik.

Forutan HKS er det sterke statsstøtta organisasjonar (til dømes FRI og Skeiv Ungdom) som jobbar for etablering av lågterskeltilbod; det vil seie tilbod på kommunalt nivå. Det vert argumentert for at hormonbehandling skal vere lett tilgjengeleg. Det vil seie at hormonbehandling kan settast i gang av helsesjukepleiarar, eventuelt med tilleggsutdanning som sexolog, i eit samarbeid med fastlegar.

Ei slik organisering vil vere å auke risikoen for feilbehandling med alvorlege konsekvensar for dei unge. Både i form av forsterka psykiske og fysiske helseplager i etterkant. Studiar viser at det store fleirtalet av dei som startar med hormonbehandling i form av pubertetsblokkerar, går vidare til behandling med cross-sex hormon og kjønnskirurgi.

Organisasjonen FRI har uttalt i fleire samanhengar at kampen for lågterskeltilbod vil vere ei prioritert kampsak i deira Pridemarkeringar framover.

Sårbare barn og unge brukt i ein politisk kamp

Cass-rapporten viser at vi også her i landet må våge å utfordre transaktivistane sin «politisering» av barnet; det vil seie at barn og unge er gjort til målskive for den radikale kjønnsideologien under dekke av å definere det som ein kamp for barnet sine menneskerettar.

Det er no, etter avsløringane framkome i Cass-rapporten, eitt gryande håp om at våre helsemyndigheiter forstår alvoret i situasjonen;

  • At dei ikkje let transaktivistane få styre den nødvendige og pågåande revideringa av behandlingsretningslinja

  • At dei tar ansvar og ikkje sviktar sårbare barn og unge, men endrar behandlingsretningslinja i tråd med tilrådingane gitt i denne banebrytande og viktige Cass-rapporten.