Leder om vegbygging:

«I bakevja i kampen om vegpengane»

Lang kø: Møre og Romsdal må finne seg å å stå lenge i kø enno før ein kan ha håp om å få sin del av den store satsinga på ferjefri E39. I mellomtida styrkar andre regionar seg. 

Den store vegsatsinga styrer mot ei kraftig sentralisering

Leder

Aldri har det vore brukt så mykje pengar på samferdsle som no. Aldri har det heller vore satsa så tungt på vegbygging som det som ligg i Nasjonal transportplan. Aldri har ein større del av statsbudsjettet gått til samferdsle.

Statens vegvesen planlegg å byggje nye vegar for 135 milliardar fram til 2023. I tillegg kjem satsinga i storbyane med 28 milliardar, 31 milliardar i potten til Nye Veier AS og 42 milliardar i bompengar i same periode. Løyvingane til vedlikehald av vegnettet aukar også med rundt 20 prosent, der vedlikehald og oppgradering av tunnelar står for storparten.

Statens Vegvesens handlingsprogram:

Nye skritt mot ferjefri E39 Kristiansand-Trondheim

En rekke av Statens vegvesens prosjekter de nærmeste årene handler om å oppfylle ambisjonen om en ferjefri E39.


Totalt sett er dette formidable summar, og bidrar til å trygge og effektivisere transporten i mange regionar. Dette er i stor grad viktige investeringar i framtidig verdiskaping. Men nokre har meir grunn til å juble enn andre.

Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er mellom dei fylka som har minst grunn til å heise flagget. Ei viktig årsak er at satsinga på E39 i desse to fylka ligg langt fram i tid. I Møre og Romsdal er det berre Betna-Stormyra på Nordmøre og Lønset-Hjelset i Molde som ligg inne dei førstkomande åra.

Sogn og Fjordane har berre to mindre E39-prosjekt som vil verte køyrbare før 2023. Tyngda av E39-satsinga i planen finn vi att på strekningar sør for Bergen. Om vi tar med satsinga på jernbane i reknestykket og det faktum at ingen av desse fylka får del i storbymidlane, blir det endå meir tydeleg at vi sit att med smular.

Dette er eit faktum det er all grunn til å vere urolege over. Kjem vi på etterskot i samferdslesatsingane, vil vi også kome på etterskot i å skape sterkare slagkraftige bu- og arbeidsmarknadsregionar. Næringslivet i vår del av landet får ei konkurranseulempe, og vi blir hengande etter i utviklinga.

Vi skal sjølvsagt unne dei folketette områda rundt storbyane eit skikkeleg samferdsleløft. Distrikta vil også tene på ein effektiv hovudstad, men det kompenserer ikkje for det faktum at den store vegsatsinga styrer mot ei kraftig sentralisering.

Faren no er at vi hamnar i ei bakevje det kan vere vanskeleg å kome ut av, både i kampen om framtidige samferdslesatsingar og i samfunnsutvikling.

2.000 kroner tur-retur Ålesund – Oslo:

Transportfirma reagerer på hvor mye de må betale i bompenger

Lastebiler må betale 1.083 kroner, én veg, i bompenger på strekningen Ålesund – Oslo. – Det er klart vi merker det i økonomien, forteller administrerende direktør Lars Elling Bjåstad hos Veøy Møre.