Ein gjennomsnittleg husstand på Nordmøre betalar over ein tusenlapp i året meir i nettleige enn på Sunnmøre. Det vil politikarar på Nordmøre at dei skal halde fram med, berre for å få lov til styre over det lokale nettselskapet sjølv.

Dette står fram som meiningslaust for den vanlege straumkunde. Det er i alle fall vanskeleg å sjå rasjonelle argument for dette.

All fornuft taler for å samle distribusjonsnettet i Møre og Romsdal i eitt nettselskap. Det vil tene utviklinga i fylket og det vil tene straumkundane. Politisk fogderi-føleri betalt av straumkundane i fylket må ikkje stå i vegen for det.

Likevel er det dette som er i ferd med å skje. Først stranda eit forsøk på å samle regionalnettet i Møre og Romsdal under ein paraply. Frykta var at det ville gi for mykje makt på Sunnmøre, under Mørenett AS.

Då vil selskapa nord i fylket heller regjere sine småkongerike vidare på straumkundane si rekning.

Av same grunn takkar dei slik nei til å skape eit robust selskap som gir god forsyningstryggleik, kompetanse og omstillingskraft i ein framtidig marknad der avkarbonisering og satsing på fornybar energi blir stadig viktigare.

Men det stoppar ikkje her. På toppen av dette vil dei same aktørane også stoppe Mørenett sitt kjøp av Statnett sitt regionale distribusjonsnett i fylket. Her er det alt inngått ein intensjonsavtale. Endeleg avtale er venta før jul.

Etter først å ha mislukkast i sitt forsøk på å mekle fram ei samling av regionalnettet i fylket, kastar no fylkesutvalet seg inn i denne saka på nytt. Onsdag vedtok eit fleirtal å be Statnett stoppe denne avtalen.

I staden ber fylkesutvalet Statnett om å selje til Mørenett og eit nytt selskap, Nordmøre og Romsdal regionalnett (NRR). Saman skal desse etablere ein felles distribusjonssentral. Målet er eit konsolidert regionalt selskap der ingen «fogderi» har fleirtalsmakt.

Delar av dette byggjer på reint fogderi-føleri.

Eit slikt konsolidert regionalt selskap eksisterer berre i tanken. NRR er eit papirselskap utan konsesjon og med 30.000 i aksjekapital. Mørenett er det største nettselskapet mellom Bergen og Trondheim, eit selskap som forsyner 60 prosent av kundane i fylket. Selskapet har sidan det vart etablert i 2014 effektivisert og kutta 65 millionar i kostnader og driv fylket sin einaste døgnbemanna driftssentral.

Det er positivt at fylkeskommunen prøver å samle fylket til eitt nettrike, men det bør ikkje skje gjennom tvangsekteskap og blokkering av avtalar som fylket ikkje er ein part i.