Skulestart betyr at kvardagen vender tilbake for over 27.000 elevar i Møre og Romsdal – og deira føresette. Nokre av desse, dei nær 4.000 som starta i første klasse denne mandagen, får ein heilt ny kvardag.

For desse yngste kan endringa litt for brå.

Overgangen frå barnehage til skule er langt større i dag enn då det vart innført skulestart for seksåringar for 26 år sidan. Leiken har fått mindre plass, og kløftene mellom barn med ulik modning kan bli større.

Mandag var første skuledag for skulane i Møre og Romsdal. For førsteklassingane var det ein dag full av spenning og forventning. Dei skal bli kjent med nye vennar og møte nye utfordringar i starten av eit skuleløp varer i minst 13 år.

Ein god start betyr mykje for korleis desse åra blir.

I løpet av dei første månadane skal elevane få tilpasse seg den nye kvardagen. Gode vanar skal etablerast i eit godt klassemiljø. Og ikkje minst: Tida skal brukast til å gjere førsteklassingane trygge på skulen. Trivsel og tryggleik er heilt grunnleggjande for all læring.

Første skuleår skal gi barna ein gradvis overgang frå barnehage til skule. Då den såkalla seksårsreforma vart innført for 26 år sidan, frykta mange at barndommen skulle bli «skulifisert» for tidleg. At det skulle bli for lite plass til leik.

Leik spelar ei svært viktig rolle i barn si utvikling.

Leiken har ein stor eigenverdi, og den betyr mykje for barn sin trivsel, vennskap og deltaking den sosiale fellesskapen i skulen. Men leik er viktig også for barn si læring, og det treng sjølvsagt ikkje vere nokon motsetnad mellom læring og leik.

Då reforma vart starta var det difor eit poeng at leiken skulle prege første klasse. Det første skuleåret skulle bidra til å jamne ut skilnader mellom barn som ikkje hadde skuletilvenning i barnehagen og dei som hadde det.

Praksis har vorte betre enn mange frykta.

Ei evaluering av seksårsreforma som vart lagt fram i fjor, syner likevel at leiken har fått dårlegare kår i skulen. Særleg har leik på barna sine premiss fått mindre plass i skulen.

Første skuleår har ikkje gitt like mjuk start på skulegangen som planlagt. Lærarstyrte aktivitetar fått ein større og større plass, og både barnehagepedagogane og barnehagepedagogikken er delvis fasa ut.

KrF foreslo i vår å gjere første klasse om til «førskule» att.

Det er å gå for langt. Seksårsreforma bør ikkje reverserast. Det er likevel trekk ved utviklinga vi bør merke oss og lære av. Første klasse må ha plass til alle, og få alle med. Alle snakkar om verdien av tidleg innsats i skulen.

Den tidlegaste innsatsen er å gi god nok plass til leik.