Politiet i Møre og Romsdal har fått eitt fattig politiårsverk meir enn for eitt år sidan. Likevel er det nok til å vere i landstoppen i auke.

Politiet mista nemleg 375 årsverk i løpet av fjoråret. Berre Møre og Romsdal og Finnmark hadde ein auke, skriv Politiforum.

Samstundes står 165 nyutdanna frå fjorårskullet av politistudentar framleis utan jobb. Det er nær halvparten. Berre fire frå kullet er i fast jobb.

I Hurdalsplattforma seier regjeringa at den vil styrke politiet i heile landet. Målet er betre førebygging og raskare respons ved alvorlege hendingar. Måten målet skal bli nådd på, er mellom anna meir ressursar til politidistrikta og auka grunnbemanning.

Så langt har det gått motsett veg.

Årsaka er at regjeringa ikkje har kompensert politiet fullt ut for den store kostnadsveksten dei siste to åra. Resultatet vart budsjettkrise. Politidistrikta stod i fare for å tape over 500 årsverk i fjor. Så ille vart det ikkje.

Vel ein halv milliard ekstra over revidert budsjett i fjor gjorde at det gjekk litt betre. Fasit er likevel eit fall i bemanninga for alle politidistrikt unntatt to. Ser vi regjeringsperioden i eitt, er nedgangen på over 380 årsverk.

Politiet har altså ikkje fått styrka bemanninga, slik lovnaden frå Hurdal var. Dette trass i at aktiviteten har auka og oppgåvene har blitt fleire, mellom anna som eit resultat av den tryggingspolitiske situasjonen.

No skal 734 friske millionar frå ei budsjettsaldering på tampen av fjoråret bøte på det for å hindre at distrikta startar 2024 med raude tal.

Her kjem Møre og Romsdal og Finnmark dårlegast ut, altså dei to distrikta som var dei einaste som klarte å unngå bemanningskutt i fjor. Finnmark får mindre enn 200.000 kroner. Møre og Romsdal får to millionar.

Det er Justisdepartementet som har lagt føringane for korleis fordelinga skal vere.

Politimeisteren i Finnmark, Ellen Katrine Hætta, er ein av fleire som reager. Ho seier at dårleg økonomistyring ikkje må løne seg. Politimeister Ingar Bøen i Møre og Romsdal kommenterer kort til Politiforum at dette er ei politisk avgjerd.

Som han vil forhalde seg til.

Sjølvsagt er det fornuftig å styrke dei politidistrikta som treng det mest. Det er naturleg at politidistrikt som Oslo, Øst og Vest får meir av denne potten enn andre. Dette er dei mest folketunge distrikta og dei har særlege storbyutfordringar.

Det er likevel grunn til å vere på vakt.

Særleg for dei som røysta på to parti som både lovde styrka politibemanning og at «sentraliseringa» i politiet skulle reverserast.