Ikkje sidan dei første åra rett etter bankkrisa på slutten av 80-talet har det vore bygd så få leilegheiter som i fjor. Det er fleire grunnar til at vi bør vere urolege for det.

Det mest urovekkjande er det at dette kan gi ny prisgalopp når rentene etter kvart blir sett ned att. I tillegg kan bråbremsen i bustadbygginga påføre bransjen eit stort kompetansetap.

Svaret treng likevel ikkje vere berre raske rentekutt frå Norges Bank.

Dyrtid og ein kraftig renteauke er forklaringa på at bygginga av nye bustadar i Norge har stupt. Fallet starta allereie i 2022, i takt med stigande inflasjon og rente. Fjoråret vart verre.

Statistikken frå Boligprodusentenes Forening syner at talet på igangsette bustadar i fjor var 40 prosent lågare enn året før. Det er aller størst fall for leilegheiter, både i absolutte tal og prosent.

Bransjen har alt nedbemanna kraftig, og fleire har gått konkurs.

Ein slik bråbrems kan få langsiktige konsekvensar. Sjølv om Norges Bank skulle kutte styringsrenta i løpet av 2024, vil det ta tid å ta igjen etterslepet. Resultatet kan bli nytt press i marknaden for brukte bustadar, og prisar som stig langt raskare enn inntektene til hushalda.

Det er ikkje ei gunstig utvikling.

Det vil kunne forsterke vanskane unge har med å kome seg inn i bustadmarknaden. Fleire vil bli ståande utanfor. I tillegg vil gjeldsveksten for hushalda igjen ta av. Det vil gjere dei endå meir sårbare i møte med dårlegare økonomiske tider enn dei er i dag.

Mange hushald har det tøft allereie i dag, men norsk økonomi og den finansielle stabiliteten har så langt vore berga av ein god arbeidsmarknad. Vi har ingen garanti for at det er tilfelle om norsk økonomi blir ramma av ein ny smell.

Ei stabil bustadbygging som held tritt med behovet i marknaden er viktig for å unngå jo-jo-tilstandar. I dag ligg ein for stor del av ansvaret for å oppretthalde høg bustadbygging på renta. Ansvarlege politikarar og styresmakter både lokalt og nasjonalt er dessverre meir ein bremsekloss enn ein medspelar.

Det bør gjerast enklare å bygge nye bustadar.

I dag tar plan- og byggesaker altfor lang tid, og det blir gjort for lite for å leggje til rette for nye bustadar. Dette gjer vegen fram til bustaddraumen lang og kronglete og er kostnadsdrivande. Det same gjer stadig strengare og fordyrande krav til nye bustadar og buområde.

I tillegg rir offentlege utbyggjarar på den same konjunkturbølgja som private. Slik er stat og kommune med på å forsterke jo-jo-tilstandane i bransjen.

Rekninga går til alle som slit med å skaffe seg ein bustad.