Vidaregåande utdanning i Møre og Romsdal er blant dei beste i landet til å utdanne faglært arbeidskraft. Fylket har størst vekst i talet på søkjarar til yrkesfag, og er også heilt i toppen på gjennomføring og å skaffe elevane læreplass.

Slikt står det ikkje berre respekt av.

På denne måten bidrar også dei vidaregåande skulane i fylket til å sikre framtidig verdiskaping i eit av dei fremste industri- og eksportfylka i landet. Dette er ei viktig motkraft mot tyngdekrafta til det sentrale Austlandet og dei større byområda.

Søkjartala til vidaregåande utdanning viser eit løft for yrkesfaga i dei fleste fylke. Berre i Oslo og Akershus er det framleis eit fleirtal som søkjer på studiespesialiserande utdanningsprogram.

Ikkje sidan 2012 har talet på søkjarar til yrkesfaga vore like god.

Aller størst vekst finn vi likevel i Møre og Romsdal. Her har heile 67 prosent søkt på yrkesfag. Det er rundt sju prosent meir enn i 2023 og 14 prosentpoeng meir enn landet sett under eitt. Berre Finnmark har ein høgre andel.

Verdien av høge søkjartal er likevel liten for dei som ikkje klarer å gjennomføre. Men her ligg altså Møre og Romsdal også i toppsjiktet nasjonalt. Over 91 prosent fullfører utdanninga si innan fem år. Berre Rogaland og Innlandet har marginalt betre resultat.

Dette er samletal for studiespesialisering og yrkesfag.

Styrka fullføringsgrad på yrkesfag er ei viktig årsak til denne topp-plasseringa. Her kryp berre Rogaland med sine nær 75 prosent forbi Møre og Romsdal.

Like bra ser det ut på statistikken over kor mange som får plass som lærling. Fasit frå fjoråret er at 86 prosent av dei som søkte kunne signere ein lærekontrakt. Det gjer at fylket deler toppen av pallen med Rogaland og Nordland, og har eit «forsprang» på over 18 prosentpoeng på fylket som gjer det dårlegast, Østfold.

Alt dette er resultat som er verdt å kjempe for å behalde i ei tid der vidaregåande skular i fylket strevar med budsjettkutt på grunn av Møre og Romsdal fylkeskommune sin stramme økonomi.

Kampen om faglært arbeidskraft vil kome til å dra seg kraftig til. Statistisk sentralbyrå har rekna seg fram til at Norge kan kome til å mangle 90.000 fagarbeidarar innan industri, bygg og anlegg og handverksfaga i 2035. Regionar som er best på å utdanne denne arbeidskrafta sjølve, har størst sjanse til å bli vinnarar i denne kampen.

Møre og Romsdal fylkeskommune er i ferd med å gi næringslivet i fylket eit forsprang i dette kappløpet. Eit forsprang som kan bli viktig for utviklinga av regionen.