Politiet i Møre og Romsdal kan kome til å ta Suel Hussein Kassembo ut av Herøy kyrkje med makt for å sende han ut av landet. Det kan skje før dommen i utvisingssaka mot han er rettskraftig.

Det er ein jobb politiet ikkje bør vere sett til å gjere.

Kassembo har rett til å prøve dommen frå Oslo tingrett for lagmannsretten. Før dette skjer har ikkje dommen rettskraft. Å sende han ut av landet med tvang før det skjer, vil vere i strid med viktige prinsipp og den allmenne rettsoppfatninga.

Suel Hussein Kassembo frå Burundi gjekk i kyrkjeasyl i Herøy kyrkje i nyttårshelga. Det skjedde etter ein dom frå Oslo tingrett tidlegare i desember. Den slo fast at vedtaket om å utvise Kassembo er gyldig.

Kassembo fryktar no å bli utvist før lagmannsretten har teke stilling til anken.

Difor gjekk han i kyrkjeasyl. Den frykta er det grunn til å ha. Dommen slår nemleg fast at det kan skje.

I nær 25 år har politiet hatt instruks om å ikkje pågripe folk i kyrkjeasyl utan kyrkja sitt samtykke. I fjor vår trakk justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) denne instruksen tilbake.

Bispemøtet, Norges Kristne Råd og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn protesterte og åtvara mot maktbruk mot folk i kyrkjeasyl.

No er det akkurat det som er på trappene. Politimeister Ingar Bøen stadfestar til avisa Vårt Land at politiet er budde på å bruke makt om ikkje dialog fører fram. Slik kan dette bli den første prøvesteinen på regjeringa sin nye politikk.

Kyrkjeasyl er ein meir enn tusenårig tradisjon, der folk har søkt vern i heilage rom. I vår moderne tid har dette på eit vis vore ei form for naudrett. Dette er likevel på ingen måte ukomplisert, korkje for dei som søkjer kyrkjeasyl eller for kyrkja.

Det er også god grunn til å vere kritisk til ei praktisering av kyrkjeasyl som strekkjer seg lengre enn «naudretten», og blir ein måte å unndra seg rettskraftige dommar i utvisingsvedtak.

Det er feil å setje politiet til å danse etter justisministeren sine feilsteg

I denne saka har vi enno ingen rettskraftig dom. Det har vi ikkje før lagmannsretten enten har behandla saka eller avvist anken.

Oslo tingrett har to ulike konklusjonar. I sommar fekk han medhald i eit mellombels førelegg om at utvisinga måtte vente til «rettskraftig dom». I dommen etter hovudforhandlingane seier tingretten at utvisinga kan skje før.

Retten legg då til grunn at det ikkje er sannsynleg at Kassembo sitt krav om å få bli vil få medhald. Det er å forskottere lagmannsretten si handsaming. Det er nettopp her den nye politikken sviktar.

Politiet kan sjølvsagt ikkje gjere anna enn å utføre det dei blir pålagt, men det er feil å setje politiet til å danse etter justisministeren sine feilsteg.