Staten sitt tilbod i årets jordbruksoppgjer har skuffa mange bønder. Dei hadde venta seg langt meir, særleg med Senterpartiet i førarsetet for landbrukspolitikken.

Når tilbodet er langt lågare enn venta, er det sjølvsagt lov til å vere misnøgd og protestere.

Å kalle staten sitt tilbod for ein hån, er likevel å dra det langt. Kanskje bør ein spørje seg sjølv om ein har venta for mykje.

I fjor slo jordbruksoppgjeret alle rekordar. Då vart bøndene sine organisasjonar og staten samde om ein avtale med ei ramme på 10,9 milliardar.

Ein stor del av pakken var kompensasjon for ekstraordinært høge kostnader på mellom anna gjødsel og straum.

I år er kostnadane på fleire innsatsfaktorar, slik som kunstgjødsel, redusert frå det rekordhøge nivået frå i fjor.

Staten sitt tilbod på 3,3 milliardar er på eit nivå som ei rekkje observatørar hadde spådd på førehand. For det første vil det sikre bøndene reell inntektsvekst og redusert inntektsgap til andre grupper, sjølv om det verste skulle skje: At det blir brot i forhandlingane.

Blir det ikkje semje i forhandlingar, er det tradisjon for at Stortinget vedtek eit oppgjer i tråd med staten sitt tilbod.

Landbruksminister Sandra Borch (Sp) har altså teikna ei forsikring mot ein politisk katastrofe for Senterpartiet. Samstundes er dette eit tilbod som gir grunnlag for forhandlingar og eit endeleg resultat over dette.

Partiet Raudt, Norges bonde- og småbrukarlag og fleire markante personar både i Senterpartiet og blant bøndene seier dette tilbodet er eit hån. Tidlegare landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) seier tilbodet er altfor dårleg.

Motiva til desse er ulike.

Nokre vil score politisk gevinst. Nokre vil legge press på staten og landbruksministeren for å få mest i forhandlingane. Andre er reelt sett svært skuffa fordi dei hadde venta svært mykje meir.

Realiteten er at dette er eitt av dei beste tilboda frå staten på lang tid. Korrigert for kompensasjon for kostnadsvekst er dette ikkje langt unna forhandlingsresultatet i fjor. Tetting av inntektsgapet på 40.000 kroner per årsverk er svært høgt.

Mange bønder står framfor store investeringar.

For slike investeringar må ein ha ein lang horisont for framtidige inntekter. Senterpartiet sa i sitt landsmøte nyleg nei til å tidfeste når inntektsgapet til andre grupper skal vere tetta. Staten sitt tilbod no klargjer likevel ei retning og ein ambisjon som bidrar til å auke bøndene sine inntekter langt meir enn for andre grupper.

Det er urimeleg å kalle dette hån.