Landbruksminister Sandra Borch (Sp) bladde opp nær 11 milliardar i jordbruksoppgjeret i fjor. Like spandabel har ho ikkje tenkt å vere i år.

Det ventar heller ikkje bøndene.

Fjoråret var ekstraordinært med ein ekstrem kostnadsvekst i landbruket. Slik er det ikkje i år. Bøndene sine organisasjonar vil derfor nøye seg med mindre. Det betyr likevel ikkje at dei tar til takke med småpengar.

Onsdag legg Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag fram sine krav til årets jordbruksforhandlingar. Dei blir ikkje beskjedne. Forventningane til at regjeringa skal gi bøndene eit reelt løft i inntektene er enorme.

Trass i det historisk høge oppgjeret i fjor, har Senterpartiet i regjering framleis til gode å levere på sine lovnader om å tette inntektsgapet til andre grupper.

For grunnlaget for den relativt gode inntektsveksten i perioden 2021 til 2023 var det nemleg Olaug Bollestad (KrF) som la grunnen for, ikkje Borch. Det syner tala frå Budsjettnemnda for jordbruket som vart lagt fram nyleg. Inntektsutviklinga frå i fjor til i år har vore betydeleg lågare enn inntektsauken året før.

For bøndene er det eit hovudkrav at deira arbeidsinnsats skal likestillast med andre grupper i samfunnet også økonomisk. Dette har også vore eit politisk mål under skiftande regjeringar. Framdrifta har det derimot vore så som så med, og dette var ein viktig grunn til bondeopprøret i 2021.

I Hurdalsplattforma har regjeringa lovd ein forpliktande og tidsfesta plan.

Framleis er dette likevel heilt i det blå. Så langt har ikkje regjeringa ein gong klart å leggje fram ein plan for når dei kan leggje fram ein slik plan. Først må den finne ut korleis bøndene sine inntekter skal målast. Det arbeidet går føre seg framleis.

Trass i at det verste kostnadssjokket har gitt seg, er det økonomisk krevjande tider for mange bønder. Klare signal om den langsiktige inntektsutviklinga er viktig for alle som vurderer å investere i næringa og for rekrutteringa.

I mangel av ein langsiktig plan er det berre dei årlege oppgjera som kan gi slike signal.

Bøndene har klare forventningar til at årets oppgjer skal gi eit tydeleg signal. Dei vil også i år krevje eit kraftig inntektsløft. Og på same måte som lønnstakarane sine organisasjonar vil bøndene sine organisasjonar ta att noko av det som gjekk tapt i høg inflasjon i fjor.

Det er forventningar som Borch må strekkje seg langt for å innfri. Truleg må ho bu seg på å feire nasjonaldagen saman med misnøgde bønder.