Arne Sandnes frå Valldal tek eit kraftig oppgjer med eige parti i ei Facebook-melding laurdag. Bakgrunnen er staten sitt tilbod i jordbruksoppgjeret.

– Dette er eit skambod. Ja, ein hån og ei audmjuking av ei viktig yrkesgruppe som er garantisten for matforsyning i krigs- og fredstid, for busetting i heile landet, for velstelt kulturlandskap og mange andre fellesgode, skriv Sandnes og er raus med ropeteikna i heile teksten.

– Norge si sjel

Sandnes seier til Sunnmørsposten at innlegget er skrive «rett frå levra». Og han legg ikkje skjul på at han både er skuffa og forbanna over det han meiner er brotne valløfte frå partiet han var ordførar for i fleire periodar:

– Senterpartiet har brukt utestemme om kor bra det skal bli. Partiet har fem ministrar i regjering og veit dei har fleirtal i Stortinget viss dei får med Arbeidarpartiet og SV. Viss dei ikkje brukar makta si no, så kan dei berre gå ut av regjeringa, meiner Sandnes.

Det handlar om at bøndene må få løn for strevet, og han fryktar fleire bruk blir nedlagde om det ikkje kjem meir pengar på bordet.

– Men saka handlar ikkje berre om ei enkelt yrkesgruppe, men om Norge si sjel, seier Sandenes.

Fryktar urbanisert øydeland

Og han fryktar nedlegging av gardar og bygdedød, og at ein sit igjen med eit urbanisert øydeland, som i Sverige.

– Det er ganske utruleg at vårt eige Sp ikkje viser større respekt for eigne valløfte, for kravet om jamstilling, for omsynet til beredskap, skriv Sandnes og held fram:

– Og dette i ei tid med krig i Europa, tørke i Spania og ei norsk landsbygd som held på å forblø seg.

Sandnes har merka seg at Viktor Norman, samfunnsøkonom og tidlegare statsråd frå Høgre, også ropar eit varsku og fryktar massiv bygdedød i nær framtid.

Han trekkjer også fram general og tidlegare hærsjef Robert Mood sine uttaler om at levande bygder er like viktig som kuler og krut i forsvaret av Noreg.

– Berre ikkje leiinga i vårt eige Sp har forstått teikninga, skriv Sandnes og stiller spørsmål om dette kanskje er ei villa utvikling eller avvikling.

Sandnes kallar tilbodet frå staten for skammeleg. Dette gjeld ikkje minst når det kjem frå ei regjering der Sp har både landbruks- og matministeren, beredskapsministeren, forsvarsministeren, kommunalministeren og finansministeren.

– Farleg nær stupet

Og han meiner jordbruksoppgjeret krasjar med sjølve verdigrunnlaget til Senterpartiet:

– Levande bygder, med busetting i heile landet, er sjølve indrefileten i Sp sin ideologi, i Sp sitt verdigrunnlag og i Sp sin retorikk. Når Sp no synest å forlate desse skansane, er partiet samtidig i ferd med «tape dyden»! Då er vi farleg nær stupet, skriv Sandnes og held fram:

– Eg føler at medlemskapen i Sp no heng i ein tynn tråd! Eg finn meg ikkje lenger i å bli audmjuka og halden for narr! Dette var det siste vi lokalt trong ved inngangen til ein valkamp.

Og til Sunnmørsposten utdjupar han:

–Eg kan ikkje støtte partiet når dei har makt og ikkje vil bruke makta.

Det er ikkje første gongen han er på kollisjonskurs med sitt eige parti. Og han har truga med utmelding også tidlegare.

Sandnes seier at han no igjen vurderer medlemskapen, men at han ikkje melder seg ut med ein gong. Han vil sjå korleis jordbruksoppgjeret endar.

– Eg vil sjå om dei tar til vit. No er eg litt i sjokk, seier Sandnes.