NB! Denne lederen ble publisert i papirutgaven fredag 4. mars 2022. Red.

Klimapanelet sin siste rapport har denne veka kome i skuggen av krigen i Ukraina. I medkjensle for det ukrainske folket er det heilt naturleg.

Dei to krisene heng likevel tett saman.

I dei næraste åra vil vi sjå det stadig klarare. Om vi ikkje tar aktive grep raskt, vil det bli eit svært ubehageleg syn.

Rapporten frå FN sitt klimapanel (IPCC) kom måndag. Innhaldet er dramatisk. Den slår fast at over tre milliardar menneske lever under tilhøve og i område som gjer dei svært sårbare for klimaendringar.

Matproduksjon, naturmangfald og levekår vil bli svært negativt påverka.

For nær halvparten av jorda si befolkning vil sjølv 1,5 grader global oppvarming gjere livet vanskelegare. Meir fattigdom, klimaflyktningar og fleire konfliktar kan bli resultatet.

Overfallet mot Ukraina gir dyrare olje-, gass- og mat. Dette rammar fattige land mest – dei same som møter dei største klimautfordringane.

Krigen har også synt makta i Russland sine olje- og gassressursar. Denne makta kan ikkje Putin-regimet få behalde.

Tyskland er enormt avhengig av russisk gass. No pågår ein intens innsats for å redusere dette, mellom anna frå Norge og med «skitnare» LNG-gass frå USA. Norsk gass får derfor ei viktigare rolle i åra som kjem.

Det er likevel uunngåeleg at energikrisa Europa alt står midt i, blir forverra.

Utfasing av fossile energikjelder og kjernekraft er berre ei av årsakene til denne krisa, men no vil også det bli ei stor utfordring. Tyskland skal etter planen stenge sine tre siste kjernekraftverk i år.

Utfasinga av kolkraft er i full gang.

Stenginga av svenske Vattenfall sitt kraftverk i Moorburg frå 2015 er berre eitt døme. Ein naturleg konsekvens av maktkampen mot Russland kan bli at utfasinga av kol- og kjernekraft kan bli utsett både i Tyskland og elles i Europa.

Innsatsen for å få ned klimautsleppa kan altså bli redusert – på kort sikt.

På lengre sikt må likevel svaret vere å trappe opp denne satsinga. Konflikten med Russland vil bli langvarig, uansett utfallet av krigshandlingane. Den sikraste vegen ut av Vladimir Putin sitt kvelartak på Europa er det grøne skiftet.

Omstillinga til fornybare energikjelder må speedast opp.

Lysta til å investere i grøn energi vil truleg også få draghjelp av høge energiprisar.

Berre slik kan Europa verte sjølvforsynte med energi på lang sikt, om vi samstundes skal redusere faren for framtidige kriser, konfliktar og flyktningstraumar som følgje av klimaendringane.

Eller som den tyske finansminister sa det denne veka:

«Fornybar energi er friheitsenergi».

NB! Denne lederen ble publisert i papirutgaven fredag 4. mars 2022. Red.