Bøndene har fått eit godt jordbruksoppgjer i økonomisk usikre tider, og bør vere nøgde. Vi andre skal godt klare å betale 400 kroner årleg ekstra per husstand.

Så er det sjølvsagt dei som ikkje er nøgde.

Nokre representerer grupper som ikkje er høgast prioritert i dette oppgjeret. Andre, slik som Norges bonde- og småbrukarlag, har rett og slett lagt lista for høgt.

Ei samla ramme på 4,15 milliard kroner er ikkje dårleg. Oppgjeret skriv seg inn blant dei betre i moderne tid. Avtalen legg til rette for ein inntektsvekst på 111.000 kroner per årsverk. Samanlikna med andre grupper er dette høgt.

Vel 51.000 kroner – inkludert kompensasjon for kostnadsveksten, var nok for å gi bøndene same inntektsvekst som andre grupper.

Med andre ord får bøndene 60.000 kroner meir årleg enn andre, til tetting av inntektsgapet som det heiter.

Etter å ha halt i land eit slikt resultat er det lov å smile bitte litt. Her har faktisk staten med landbruksminister Sandra Borch (Sp) i spissen levert godt til si primære veljargruppe.

Først la staten botnlista så høgt at sjølv eit forhandlingsbrot ikkje ville gitt eit katastroferesultat for bøndene. Så har bøndene fått forhandla opp ramma frå 3,3 til 4,15 milliardar.

Det syner forhandlingsvilje.

Regjeringa har lova bøndene ein opptrappingsplan for næringa. Det har også stortingsfleirtalet kravd. Denne planen let vente på seg. Senterpartiet sitt landsmøte vegra seg for å presse regjeringa på datoar.

Det er forståeleg at mange bønder er utolmodige. Særleg dei som står føre store investeringar i lausdriftsfjøs eller generasjonsskifte vil ha meir føreseielege framtidsutsikter. I mangel av ein plan, får dei no reine kroner.

Det syner handlingsvilje.

Så er det sjølvsagt grupper som ikkje får like god utteljing som andre. Denne gongen har til dømes mjølkebøndene fått meir enn kjøtprodusentar. Bøndene har også fått litt meir til investeringar. Dei som ikkje skal investere, får altså litt mindre av kaka.

Nokre er litt mindre nøgde enn andre. Slik er det også i lønnsoppgjer, noko dette ikkje er.

Når leiaren i Norges bonde- og småbrukarlag seier at oppgjeret syner at staten ikkje tar landbruket på alvor, handlar det likevel først og fremst om at dei har lagt lista for høgt. Og sjølv om dei sette seg på tribunen under forhandlingane, enda det med riv.

Det er klart det gjer vondt, men også dei landar på madrassen Sandra Borch har lagt ut.