Kvar helg er natteramnar ute i gatene i norske byar. Det har ein viktig førebyggande effekt at edru, ansvarlege vaksne er til stades der ungdom ferdast. Særleg no i julebordsesongen, er behovet stort.

Natteramnane skal aldri gripe inn i ein konflikt, eller opptre som «reservepoliti». Poenget er berre å observere, og vere til stades for dei som treng ei hjelpande hand, eller nokon å snakke med. Dei knallgule ramnejakkene er lette å kjenne igjen. Berre det at natteramnane er synlege i bybildet, har vist seg å verke dempande på situasjonar, som elles kunne ha utvikla seg til å bli konfliktar.

Natteramnane bidreg til å gjere byen tryggare. Dessverre er det ikkje mange nok vaksne i Ålesund som vil ta på seg desse oppdraga. Det må alltid vere minst tre natteramnar som går saman, og det er ikkje alle helger i haust det har vore mogleg å gjennomføre ordninga. Frivilligsentralen bruker mykje tid på å ringe rundt og spørje folk om dei kan bidra. På nettsida Friskus kan alle som vil, melde frå om når dei kan stille, og det er til stor hjelp.

Tidlegare i år sende Ålesund Frivilligsentral ut brev til alle ungdomsforeldre og oppmoda fleire om å stille som natteramnar. Takk til alle som har tatt imot utfordringa.

Vi meiner Minda Myklebust, SLT-koordinator har eit godt poeng når ho tek til orde for å opprette tryggleiksvandringar rundt omkring i bydelane. Foreldre til dømes på Blindheim eller Sjøholt, vil nok heller delta i vandringar i sin bydel enn i sentrum, så lenge deira eigne barn held seg i bydelen. I Oslo er det FAU som organiserer slike bydelsvise tryggleiksvandringar, og Myklebust ønskjer at det skal vere mogleg å få til noko tilsvarande i Ålesund.

Dette er eit godt initiativ, som vi håper foreldreutvala rundt omkring på skulane vil følge opp. Ved å organisere slike vandringar, kan det bli lettare for fleire vaksne å gjere ein innsats i sine nærmiljø. Alle unge treng å vite at vaksne bryr seg. Å bli møtt med eit smil og ein venleg prat kan bidra til at fleire unge opplever å høyre til ein stad.

Sunnmørsposten har siste dagane skrive om auken i ungdomskriminalitet og rusmisbruk i Ålesundsregionen. Mange foreldre er uvitande om kva som går føre seg, og det er alvorleg. Det er ein myte at det berre er ungdom frå såkalla ressurssvake familiar som er i faresona. Alle kan bli del av denne urovekkande statistikken.

Det er behov for vaksne både til natteramnordninga i sentrum, og til framtidige tryggleiksvandringar ute i bydelane. Vi kan ikkje berre passivt observere at utviklinga går feil veg.

Dette er eit godt initiativ, som vi håper foreldreutvala rundt omkring på skulane vil følge opp