For to år sidan var Norges Bank si styringsrente null. Elleve rentehevingar seinare er den i dag på 3,75 prosent.

Neste veke kjem den tolvte.

Dei ferske inflasjonstala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) gir håp om at den kan bli den siste, men det er ein spådom utan garantiar.

Prisane i juli var 5,4 prosent høgare enn i juli i fjor. Det er lågare enn venta, og er eit heilt prosentpoeng lågare enn i juni. Inflasjonen har ikkje falle så mykje sidan oktober i fjor, og dette er også den tredje månaden på rad med nedgang.

Dette kan vere eit varsel om eit trendskifte.

Inflasjonstala for dei fleste andre europeiske land peikar også ned, og det understøttar dette.

I så fall vil det vere godt nytt for alle med store lån. Norges Bank skal ha sitt neste rentemøte komande torsdag, og det er venta ei ny renteheving. Den er neppe til å unngå, men vi kan unngå eit «dobbelthopp» og inflasjonstala kan gi håp om at rentetoppen er nær.

Likevel er det lurt å la champagnen ligge på kjøling litt til. Det er altfor tidleg å feire. Det er langt ned til inflasjonsmålet på to prosent, og eit kjapt blikk på europakartet og sentrale nøkkeltal, fortel at vegen dit er lang.

Og så lenge rentene ute er høge, lønsveksten er høgre enn tidlegare lagt til grunn og kronekursen er svak, vil dette bidra til å halde også den norske inflasjonen høg.

Og ikkje før det norske lokalvalet er unnagjort 11. september, går eit nytt framlegg til statsbudsjett frå regjeringa «i trykken». Ingen signal hittil tyder på at det vil by på ei kraftig innstramming i bruken av oljepengar.

I Norge har vi i løpet av dei siste tiåra vorte vane med at vi kan kjøpe oss ut av trøbbel med oljepengar. Vi kan smøre økonomien med krisepakkar, slik at både folk flest, offentlege investeringar og velferdsgoda går nokså uskadde gjennom kriser.

Stabilitet er bra, men i ein situasjon med høg inflasjon er dette å kaste olje på bålet. Det kan truge stabiliteten på lang sikt.

Når vi brukar oljepengar på å kjøpe oss ut av denne krisa, vil presset framleis ligge på Norges Bank i kampen mot inflasjonen. Sentralbanken må då halde renta høgre lengre.

Rekninga går til unge, nyetablerte som tok opp store lån då renta var låg og bustadprisane låg på topp. Dei må dele på rekninga med jamnaldringar som enno ikkje har kome seg inn i bustadmarknaden, og må satse på ein brennheit leigemarknad med kraftig stigande leigeprisar for å få seg ein stad å bu.

Så kan vi spørje om dette er rettvist.

Eller om fleire burde vere med på å stramme inn livreima, i staden for å skubbe heile jobben over på nokre få.