Utbygging av vindkraft er omstridd på grunn av naturinngrep og konflikt med andre interesser. Regjeringa treng ikkje å sjå til Fosen-saka for å fatte det.

Likevel – eller kanskje difor, går den inn for meir hemmeleghald rundt valet av utbyggar av vindkraft til havs.

Argumentet? Jo, fordi den er redd at det er mange som vil ha innsyn i prosessen, og at det skal føre til masse arbeid å unnta opplysningar i dokumenta som er underlagt teieplikt.

Den norske Offentleglova kan vi vere både glade og stolte av. Den er slett ikkje perfekt, men gir ei openheit om offentleg forvaltning som folk i mange andre land misunner oss.

Lova gir oss alle rett til å be om innsyn i dokument i offentleg verksemd.

Vi har rett til å kike kommunar, departement, offentlege selskap og andre offentlege organ i korta. Dette er ein viktig del av den demokratiske kontrollen med forvaltninga. Openheit er også med på å byggje tillit mellom folk og styresmakter.

Det er dette som skapar ekte demokratisk medverknad.

Difor er det trist at regjeringa nok ein gong prøver å stramme inn på denne retten. No gjeld det retten til innsyn i prosessen med å velje selskap som skal få byggje ut havvind-kraftverk i to utlyste område i Nordsjøen.

Sjølvsagt er det stor interesse for ei slik sak.

Her er det snakk om ei utlysing som i sin tur vil utløyse milliardar i subsidiar frå fellesskapet si kasse. Då vil det vere av stor allmenn interesse å vite kven som konkurrerer om desse milliardane.

Havvindutbygging vil også vere eit naturinngrep, og kan vere i konflikt med mellom anna fiskeria. Sjølvsagt vil fiskarane og miljøinteressene ha interesse av innsyn så tidleg som råd for å kunne forsvare sine interesser.

At det er eit sterkt folkeleg engasjement mot vindkraftutbygging kjem i tillegg til dette.

Mange har stor mistru til korleis styresmaktene forvaltar sitt ansvar i vindkraftsaker. Hemmeleghald kan kome til å forsterke slik mistru. Openheit kan redusere den.

Difor er det ekstra trist at regjeringa argumenterer for meir hemmeleghald nettopp med frykt for at det vil kunne vere stor interesse, og at det vil kome mange krav om innsyn.

Kostnaden for tapt tillit veit ein ikkje før det er for seint

Heller enn å ta jobben med å unnta opplysningar som må haldast hemmelege av konkurranseomsyn og teieplikt, vil regjeringa at det skal verte lov å unnta heile dokumenta.

Det er å ta den mest lettvinte vegen ut.

Om det faktisk er slik at det vil krevje ekstra ressursar å unnta nokre opplysningar frå offentlegheit, så må det setjast på meir ressursar.

Omsynet til demokratisk kontroll og tillit må vege tyngre enn kor mange arbeidstimar det krev.

Kostnaden for tapt tillit veit ein ikkje før det er for seint.