Regjeringa ved Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring forslag om endring av offentleglova. Lova har krav om at alle dokument i offentleg forvaltning skal journalførast og gjev alle rett til å få innsyn i desse dokumenta.

Det finst nokre få unntak, mellom anna at såkalla «organinterne dokument» kan unnatakast innsyn, heilt eller delvis, men dei skal uansett journalførast. Da har ålmenta tilgang til over tittelen på dokumentet, avsendar, mottakar og dato. Regjeringa ønskjer no å fjerne kravet til journalføring av slike interne dokument.

Det vil gjere det umogleg å følgje med på saksbehandlinga i forvaltninga, få oversikt over kva som blir offentleggjort og kva som blir halde tilbake og korleis ting er vurdert og av kven.

Dette forslaget må vere i strid med sjølve formålet med lova, at samfunnet skal kunne følgje med ei sak frå eit tidleg tidspunkt og kunne påverke saka medan det enda er mogleg.

Pressefolk er sterkt kritiske og seier at dersom dette går gjennom, kan forvaltninga halde tilbake eit kvart spor som dei sjølve definerer som internt i saksbehandlinga. Somme meiner til og med at forslaget er i strid med Grunnlova.

Regjeringa meiner dagens praksis kan føre til ein «uønska debatt om den pågåande interne korrespondansen og forventingar til bestemte resultat i ei sak og at den frie interne meiningsutvekslinga i organet blir avgrensa». Forslaget er svakt grunngjeve og har møtt stor motbør frå mange hald, naturleg nok!

Demokratiet har alt å tape på meir hemmeleghald og alt å vinne på meir openheit og debatt om saker som betyr noko for folk sin kvardag. Departementa har og andre offentlege organ har vel aldri lika å bli sett i alle korta.

Difor har dei vel heller aldri lika offentleglova, som Per Borten kjempa gjennom i 1970. Det bør ikkje vere SP og AP si sak å svekke offentleglova og hindre folk innsyn i forvaltninga.