I morgon vedtar styret i Helse Møre og Romsdal å utsetje innføringa av Helseplattformen. Alt anna er heilt utenkjeleg, særleg etter at også administrerande direktør tilrår dette.

For pasientar og tilsette ved sjukehusa i Møre og Romsdal er dette godt nytt.

I alle fall i høve til kva alternativet ville vere. Utsetjinga betyr likevel ikkje at Helse Møre og Romsdal kjem uskadde frå dette.

Etter planen skulle sjukehusa i Møre og Romsdal innføre Helseplattformen i slutten av april neste år. No set administrerande direktør Olav Lødemel foten ned. Det er det god grunnar til. Status etter meir enn eitt års drift ved St. Olavs hospital er ein av dei.

Lødemel sin kollega, adm. direktør Grethe Aasved ved St. Olavs hospital, har slått alarm fleire gongar, seinast i eit brev i førre veke.

Fleire nye, alvorlege feil er avdekka. Journalsystemet har framleis manglar som utgjer alvorleg trugsmål mot pasienttryggleiken. Dårleg brukarvennlegheit gjer dette vondt verre. Det aukar belastninga på tilsette, til skade for arbeidsmiljø, rekruttering og pasienttryggleiken.

I tillegg påfører problema sjukehuset store ekstrakostnader og tap av inntekter.

Lødemel gir no altså styret råd om å utsetje innføringa. For kort tid sidan var det ikkje gitt at det ville skje. Sterk prestisje i prosjektet og dei store følgjekostnadane ei utsetjing vil gje, gjorde at det var fare for at planen om innføring til våren ville bli følgt i håp om at Helseplattformen ville vere friskmeldt til då.

Helse Møre og Romsdal si eiga risikoanalyse slår derimot klart fast at det neppe vil vere tilfelle. Trugsmålet mot pasienttryggleiken vil framleis vere høg, og det har heller ikkje vore råd å identifisere gode nok risikoreduserande tiltak.

På begge desse punkta gir analysen styret raudt lys.

Ei slik utsetjing er ikkje uproblematisk. Først: Prosjektet må utsetjast til etter innflytting i det nye sjukehuset på Hjelset. Helse Møre og Romsdal kan ikkje ha to så store prosjekt gåande parallelt. Ei så lang utsetjing betyr at delar av jobben som er gjort til no må gjerast på nytt.

Verre er det at Helse Møre og Romsdal har fått ei rekning på 200 millionar for Helseplattformen neste år, sjølv om den ikkje vert teken i bruk.

200 millionar kroner i betaling for ei vare som ikkje er levert, er ingen bagatell. Den betyr 200 millionar mindre til andre investeringar eller til drift. Prisen for dette må til sjuande og sist pasientane betale.

Det er både urimeleg og uakseptabelt.

Så sant Helse Møre og Romsdal ikkje har signert ein kontrakt om at det må vere slik, bør dei også nekte å ta rekninga.