Regjeringa har møtt sterk motstand for sine ambisjonar om gruvedrift på havbotnen i norske farvatn. Den er ikkje blitt mindre i høyringa som vert avslutta i dag.

Motstandarane har ein ting felles: Frykt for varige skadar i eit sårbart miljø.

Den frykta må vi ta på alvor.

Utvinning av sjeldne mineral frå havbotnen kan bli ei stor og viktig næring for Norge. Fleire mineral som er viktige for overgangen frå fossil til fornybar energi, er å finne i norske havområde.

Maritimt næringsliv på Sunnmøre kan også bli ei viktig brikke i ei slik næring.

Men det er ikkje gull alt som glimrar, heller ikkje på djuphavsryggane mellom kysten utanfor Nordland og heilt opp til havområda vest av Svalbard. Dette er også område som er både sårbare og krevjande, langt frå land og langt frå annan maritim aktivitet.

Fleirtalet av høyringsuttalane er frå private som har gitt likelydande svar, henta frå ein kampanje i regi av WWF. Men sjølv sett bort frå dette digitale «fakkeltoget», skal ein leite godt for å finne nokon som applauderer.

Også dei fleste faglege råda er kritiske.

Det går ikkje berre på eventuell framtidig utvinning, men også på sjølve leiteverksemda. Blant dei kritiske er NTNU. NTNU meiner at det mest prekære er å avklare om slik utvinning i det heile kan bli miljømessig forsvarleg.

Ei slik avklaring vil etter NTNU si meining ta meir tid enn det regjeringa har lagt opp til.

Norge har som havnasjon store moglegheiter til å utnytte ressursane, men vi har også eit særleg ansvar som forvaltar av store, sårbare område. Vi må også ta vår rolle som leiarar i det internasjonale havpanelet på alvor. Den gjer at vi pliktar å stå fram som eit godt førebilet.

Vi må også vise at vi tar konsekvensen av at vi i si tid var pådrivarar for Rio-konvensjonen om biologisk mangfald. I denne er føre-var-prinsippet ein av grunnsteinane.

Vi må i tråd med dette prinsippet vere mest varsame når kunnskapsgrunnlaget er svakt.

Vi veit altfor lite om kva mineralressursar som er på havbotnen, om kommersiell verdi og miljørisiko. Målet med ei konsekvensutgreiing er sjølvsagt å kartlegge kvite flekkar på kartet både på havbotnen og i vår kunnskap.

Vi må likevel passe oss for å gå for fort fram.

Fagmiljøa er tilnærma unisont skeptiske. Det bør det vere eit sterkt signal. Når til og med Equinor, med global spisskompetanse på komplekse operasjonar på djupt hav, er lunkne, understrekar det behovet for å revurdere tidsplanen.

Hastverk vil både kunne setje unike marine miljøverdiar i fare og Norge sitt omdøme som havnasjon.