Norge har dei høgaste kostnadane knytt til sjukefråvær av alle landa i OECD. Ei forklaring er at vi har ei av dei beste sjukelønsordningane i verda.

Samstundes har Norge også eit høgt sjukefråvær.

Likevel er det for enkelt å legge skulda på sjukelønnsordningane for å forklare at over 130.000 av oss er sjukmelde kvar dag. Kutt i sjukelønnsordninga er ingen magisk medisin.

I sitt alternative statsbudsjett foreslår Venstre nok ein gong å kutte i sjukelønna. Partiet vil ha kutt for langtidsledige og sende ei større del av rekninga til arbeidsgjevarar og arbeidstakarar.

Slik skal staten spare fem milliardar i trygdekostnader i året.

Desse milliardane kunne heilt klart ha vore brukt til andre viktige offentlege oppgåver. Eldreomsorg eller psykisk helsevern er to opplagde alternativ.

Likevel er det pussig å foreslå å ta pengar frå sjuke for å finne finansiering til dette. Norge er mellom dei landa som har dei mest solide statsfinansane i verda.

Vi har også ein offentleg sektor på langt over snittet i OECD målt i andel av BNP.

Kutt i sjukeløna er altså ikkje avgjerande av økonomiske omsyn, sjølv om det kan vere gode argument for å redusere den offentlege pengebruken generelt sett.

I Norge får den sjukmelde full løn i eitt år. Arbeidsgjevar dekkjer dei første 16 dagane, så overtar staten. Venstre vil kutte arbeidsgjevarperioden til sju dagar.

Arbeidsgjevar må så dekkje ein større del av sjukepengane etter den første veka. For dei som blir langtidssjukmelde, er forslaget å kutte 20 prosent av lønna etter seks månader.

Delar av forslaget liknar på det som det regjeringsoppnemnde Sysselsettingsutvalget la fram for to år sidan.

Norge har ein høg andel av befolkninga på langvarige helserelaterte ytingar. Innsats for å snu utviklinga – mellom anna gjennom samarbeidet om inkluderande arbeidsliv (IA), har ikkje gitt gode nok resultat.

Særleg urovekkjande er det at talet blant unge er aukande.

Dette er ei utvikling vi må setje meir inn på å snu, men det gjer vi ikkje best ved å hoppe på enkle forklaringar. Trua på at ei dårlegare sjukelønsordning vil snu dette, er overdriven.

Høg yrkesdeltaking i befolkninga er ei viktig forklaring på det høge sjukefråveret. Det betyr at folk som har helseutfordringar står i arbeid i staden for å vere utestengt frå arbeidslivet. Det er også eit mål at fleire eldre skal stå lenger i arbeidslivet enn før.

Dette har ein kostnad, men også ein verdi.

Å stengje fleire ute frå arbeidslivet kan bli prisen for å kutte i sjukelønnsordninga. Den prisen bør vi som samfunn slett ikkje vere villige til å betale.