Høgre gir seg ikkje. Partiet vil halde fram med å slå saman kommunar. Slik vil dei gjere kommunene i stand til å klare tyngre løft i framtida.

For Høgre vil nok det tyngste løftet bli å vinne val på denne saka.

Kommunereforma tok mykje politisk energi og er enno ikkje endeleg landa. Det er ikkje noko stort sug blant veljarane om å starte på nytt.

Både Senterpartiet og Høgre skal ha landsmøte denne månaden. Høgre ved Gardermoen og Senterpartiet i Trondheim. Og begge skal spisse politikken inn mot det komande kommune- og fylkestingsvalet.

Høgre legg ramma for valkampen i resolusjonen «Bedre lokalsamfunn med Høyre». Senterpartiet vil vere «Nær folk i hele Norge».

I Høgre sitt resolusjonsforslag blir det tatt til orde for å vidareføre kommunereformen for å kunne behalde ein kommunestruktur der alle kommunene har dei same oppgåvene. Senterpartiet vil føre ein politikk som gjer at folk fritt kan velje kvar dei vil bo, «enten det er i tettsteder, småbyer, bygder eller storbyer».

Problemet begge partia strir med, er at stadig fleire vil bo der det frå før bor mange. Det er småbyar og storbyar som fristar både kompetansen og ungdommen. Små kommuner i distrikta er taparar i denne kampen. Dette er ei utvikling som har halde på uavhengig av kven som sit ved makta.

Bygdenæringane slit, og det er i distrikta fastlegekrisa råkar hardast. Det er i distrikta lærermangelen er størst. det er også her det er vanskelegast å få tak i sjukepleiarar.

Til gjengjeld er det i distrikta det blir flest eldre som treng velferdstenester.

Ein skal sjølvsagt vere varsam med å svartmale, men ein må ta denne utfordringa på alvor – i tide. Og som leiar for Helsepersonell-kommisjonen nyleg slo fast: Rekrutteringsutfordringane kan ikkje løysast med å sprøyte inn meir pengar.

Det same gjeld kommunal sektor.

Vi må finne betre måtar å gjere jobben på. Det verste vi gjer er å feie problema under teppet og håpe på det beste.

Høgre sitt svar er større og meir robuste kommuner, og dei vil ha ny «naboprat». Senterpartiet meiner at lykka er størst i dei små, og vil flytte tenester ut til lokalsjukehus, små lensmannskontor og små tingrettar.

Og få dagar etter at dei to landsmøta er avslutta, kjem svaret til begge. Då kjem resepten frå Generalistkommuneutvalget.

Det blir uansett ein medisin som smakar vondt. Enten blir det store endringar i struktur og oppgåver til kommunene, eller så må vi dele Kommune-Norge inn i A-, B- og C-lag. Og desse vil ikkje få spele i same divisjon.