Årets lønnsoppgjer kan bli eitt av dei beste for lønstakarane dei siste ti åra. For dei som har høge lån, er det likevel litt tidleg å heise flagget.

Oppgjeret gir nemleg sentralbanksjefen djupe bekymringsrynker, og kan føre til at vi må vente lenger på det første rentekuttet.

Og dette er før sjukepleiarar og lærarar har banka på døra til Riksmeklaren.

Etter mekling nesten eitt døgn på overtid kunne Fellesforbundet og Norsk Industri søndag ta kvarandre i hendene. Få timar etter kunne Parat og Norsk Industri gjere det same.

Meklinga i frontfaga var i hamn, og faren for ein storstreik var over. I denne omgang.

Oppgjeret har ei ramme på 5,2 prosent lønnsvekst. Det er godt over dei fleste anslaga for inflasjonen i inneverande år. Skal vi leggje tala frå Teknisk beregningsuvalg (TBU) til grunn, kan reallønsveksten i år kome til å bli på 1,1 prosent.

Det vil i så fall bli den høgste sidan 2019, og godt over snittet for dei ti siste åra.

Høg inflasjon, høge energikostnader og høg rente har gjort at folk flest har fått det vanskelegare med å få pengane til å strekkje til dei siste par åra. Ein lønsvekst godt over inflasjonen gjer opp med det første. Energikostnadane ser også ut til å halde seg lågare framover enn dei to siste åra – i alle fall om vi snakkar om straum.

Då står renta att.

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache varsla alt før jul at rentetoppen var nådd. Svært mykje tyda då på at det første rentekuttet kunne kome over sommaren. No er det slett ikkje like sikkert. Eit solid lønsoppgjer er ein grunn til at folk med høge lån må vente endå lenger på å få betre råd.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik har varsla at viljen til streik er stor, men Jørn Eggum (bak) og Fellesforbundet fekk sitt oppgjer i hamn nær eitt døgn på overtid hos Riksmeklaren. Foto: Terje Pedersen / NTB

Eit dyrt oppgjer, som isolert sett gir auka kjøpekraft, gjer nemleg at prisveksten kan halde seg høg lenge. Sentralbanken må difor halde foten på bremsepedalen lenger enn tidlegare venta. Dette kjem i tillegg til at inflasjons- og jobbtal i USA – og her heime, og ei svak norsk krone «jobbar mot» rentekutt.

Og enno veit vi ikkje fasit på kva lønsoppgjeret vil koste.

Sjølv om frontfaga er meint å gi ramma for dei andre oppgjera, er det fleire forbund særleg i offentleg sektor som er fast bestemt på å sprenge det taket. Ved dei siste oppgjera har dette vore særleg uttalt frå Utdanningsforbundet og Norsk Sykepleierforbund.

Kravet om reallønsvekst er i dette oppgjeret er rimeleg og rettmessig. At fleire grupper er utolmodige etter å ta igjen det tapte, er også lett å forstå. Likevel er det grunn til å minne om kor viktig det er å verne om frontfagsmodellen. Ikkje berre for konkurranseevna si skuld.

Men også for alle som slit med høg rente.