I Norge held inflasjonen fram og rentene er høgare enn på mange år. Blant anna har Nordea fått fleire søknadar om avdragsfridom på bustadlån, med grunngjeving om at kundane treng pengane til å handle julegåver. Ifølgje banken er dette eit bilde dei ikkje har sett før.

Samtidig har jordkloden truleg hatt sitt varmaste år nokosinne, med ei lang rekke hetebølger og store skogbrannar. Prognosane for dei komande åra ser dessutan dystre ut. Under det pågåande klimatoppmøtet i Dubai er derfor gjennomgangstonen at den globale kampen for eit betre klima hastar for alvor.

Begge deler, altså dyrtid og klimabekymringar, ser ut til å ha påverka haldningane ikring årets julehandel.

Berre i løpet av det siste året har vi nemleg blitt meir positive til å både handle og få brukte julegåver, om vi skal tru ei fersk undersøking frå rubrikksida FINN.

9 av 10 over 15 år er positive til å få brukte gåver. Fleire av desse føreset då at det må vere noko dei faktisk vil ha, medan 20 prosent av dei spurte er ikkje opptekne av det heller. Dei synest det generelt er hyggeleg med brukte gåver uansett.

Men sjølv om svært mange er positive til å få brukte gåver, er det langt færre som faktisk har gått til det skritt å nokosinne gi bort ein brukt ting i julegåve. Kan det vere i frykt for at mottakaren vil bli fornærma?

Ein fordel med nykjøp er jo det faktum at gåva som oftast kan bytast inn i noko anna. Når vi veit at mange får ting dei ikkje får nytte av, så mange som 4 av 5 ifølgje UNICEF, så er det forståeleg at mange finn det tryggast la ein bytelapp følgje med i pakken.

Å vurdere å gi bort brukte gåver er likevel ei øving dei fleste av oss vil ha godt av, både av omsyn til miljøet og lommeboka. Ein mottakar har dessutan godt av å øve seg i å vere takksam så sant intensjonen bak gåva er god. For som vi eigentleg så godt veit: tradisjonen med å gi julegåver er mest av alt ei rituell handling for å vise at vi bryr oss om kvarandre. Kva for materiell vinning kvar enkelt får ut av julekvelden bør såleis vere høgst sekundært.

Men om du framleis kjenner at terskelen for å gi bort brukte ting er for høg, er vårt tips å heller gi lokalprodusert mat, gåvekort og lokale opplevingar i julegåve. Det er det gode odds for at både nærmiljøet, miljøet og mottakaren vil setje pris på.